Thief kjem til neste generasjon

Neste år blir stas for alle som kosar seg i skuggane.

Det har ikkje akkurat vore hemmeleg at Eidos Montreal – studioet som gav oss Deus Ex: Human Revolution – har jobba med eit nytt spel i Thief-serien. Spelet blei kunngjort så tidleg som i 2009, men informasjonen sidan den gong har mildt sagt vore mager. I fjor dukka det i tillegg opp rykte om at spelet var flytta til neste generasjon med konsollar, noko Square Enix har stadfesta i dag.

Det fjerde spelet i tjuveserien får kort og godt namnet Thief, og dukkar opp på PC, PlayStation 4 og «andre neste generasjons konsollar» i løpet av neste år.

I Thief møter vi igjen Garrett, ein tjuv som luskar i skuggane i The City. Byen er herja av det tradisjonelle skiljet mellom rik og fattig, og blir styrt med jernhand av ein tyrannisk baron. Dei som har mykje får meir, og alle andre lev i naud og elende.

I følgje ei pressemelding vil spelet gi oss valfridomen til å løyse alle utfordringar på vår eigen måte. Dette er på ingen måte noko nytt for serien som var med på å skape ein heil sjanger med spel der du stod fritt til å gå fram slik du ville. Eidos Montreal har sjølve erfaring med dette frå Deus Ex: Human Revolution, og det blir spanande å sjå kva dei får til med enda kraftigare maskinvare til disposisjon.

«Med Thief handterer vi ein kostbar juvel. Fansen har sterke kjensler for dei originale spela, og det er noko vi vil ivareta når vi introduserer Thief for eit nytt publikum. Vårt mål er å skape fantasien om meistertjuven Garrett, og det er det vi byggjer spelet rundt.» fortel Eidos Montreal-manager Stephane D'Astous i pressemeldinga.

Vi har ikkje fått mange glimt av kva spelet vil by på, men sidan Game Informer i dag fortel at Thief blir hovudspelet i aprilnummeret deira, tek det nok ikkje lang tid før meir konkret informasjon er på plass.

Les også: – Thief 4 får nettspilling Les også: Anmeldelse: Dishonored

Siste fra forsiden