Uncharted 4-teamet skrota åtte månader med arbeid

Og nytt Star Wars-spel hentar Uncharted-inspirasjon.

Naughty Dog

I fjor vår blei det kjent at Uncharted-regissør Amy Hennig hadde slutta i Naughty Dog etter ti års virke. Rykta skulle ha det til at ho hadde blitt pressa ut av kollegaene Neil Druckman og Bruce Straley, utan at dette har blitt stadfesta.

Etter Hennigs avskjed har nettopp The Last of Us-dueoen Neil Druckman og Bruce Straley tatt over styringa av Uncharted 4: A Thief's End.

Via nettforumet NeoGaf får vi no vite hakket meir om kva konsekvensane Hennigs avskjed har hatt for utviklingsprosessen. Under ein nyleg spørjetime med Nathan Drake-skodespelar Nolan North har skodespelaren fortalt litt om kva som har skjedd med Uncharted 4 etter at Druckman og Straley tok over:

Nolan North og Troy Baker spelar brør i Uncharted 4.
Sony Computer Entertainment

«I åtte månader hadde vi filma historia hennar, og alt blei kasta. Amy er framleis ein god ven av meg, og ho er brilliant, men The Last of Us-teamet kom inn, og dei ville gjere det på sin måte. Dei var smarte og henta inn Troy Baker som spelte Joel i The Last of Us. Han spelar broren min, og dei visste det ville fungere sidan vi er vener. Det blir moro. Eg trur tonen blir litt annleis, men det held seg tru mot historia.»

Sjølv om historia ser ut til å ha endra seg mykje sidan Hennig slutta i Naughty Dog trur ikkje Nolan North vi har noko å frykte:

«Eg er like spent som alle andre på å sjå korleis det blir. Naughty Dog er framleis eit toppstudio, og frå det eg har sett og høyrt av det dei har gjort, blir det fantastisk.»

Uncharted-inspirert Star War-spel

Etter at Amy Hennig slutta i Naughty Dog fekk ho ny jobb hos EA der ho jobbar hos Dead Space-studioet Visceral Games. Der har ho fått ansvaret for å styre utviklinga av det Nolan North skildrar som eit Uncharted-inpirert Star Wars-spel, og han har nokre utvalde ord å seie om dette prosjektet òg:

«Eg veit faktisk ganske mykje om det spelet, og det blir dritfett.»

Uncharted 4: A Thief's End blir lansert neste år, og blir i følgje Naughty Dog slutten på historia til Nathan Drake. Vi tok ein kikk på det under årets E3-messa, og blei mektig imponerte.

Siste fra forsiden