Video

Playerunknown's Battlegrounds - Savage

PUBG har henta inspirasjon frå Fortnite Battle Royale for å lage sitt desidert beste kart

Playerunknown's Battlegrounds har aldri vore så mykje moro.

Utviklarane bak Playerunknown’s Battlegrounds har arbeida med eit nytt kart på ein fjerdedel av storleiken til dei andre, og me har laga ein video for å vise kva du kan vente deg på den komande slagmarka.

Kodenamn Savage tar spelaren med til eit Vietnam-inspirert område med grøne åsar, tette trekroner og folksame byar med rikeleg «loot». Kartet tar morofaktoren i spelet til eit heilt nytt nivå, og leverer noko mange av oss har sakna sidan PUBG kom ut; meir action. Her er det berre å finne fram maskingeværet og plaffe i veg.

Vil du sjå meir videoinnhald frå PlayerUnknown's Battlegrounds? Ta ein kikk på dagbokserien vår for eit innblikk i den hektiske kvardagen på Erangel og Miramar.

Me er framleis i eksperimentfasen når det kjem til bruk av video, så gi oss gjerne tilbakemeldingar på kva de ønskjer me skal dekkje i kommentarfeltet.

Siste fra forsiden