Villmannskøyring i Forza Horizon

Første dose med nedlastbart innhald sender deg ut i gjørma.

Forza Horizon er ikkje ute i butikkane før 26. oktober. Det hindrar derimot ikkje Microsoft i å sleppe laus detaljar om kva vi kan vente oss i tida etter lansering. I passande tid før jul, nærare bestemt 18. desember, kjem den første runda med nedlastbart innhald får vi vite via spelets offisielle nettstad.

Den første pakka har fått namnet Forza Horizon Rally, og vil som namnet seier handle om grisekøyring. Spelet går føre seg på opne landevegar i Colorado, men i Forza Horizon Rally skal vi få bryne oss på røffe og utemma vegar i den amerikanske staten.

Ved å køyre spesialdesigna rallybilar vil du få oppleve djupe grøfter, solide hopp og mange ulike underlag. Forza Horizon Rally vil koste 1600 Microsoft-poeng, men vil òg bli inkludert i spelet sitt sesongpass.

Nyt sola medan du kan, snart rullar du i søla.

Skulle du velje å bruke pengar på dette passet vil du i tillegg til diverse utvidingar få ei månadleg dose med nye bilar som elles vil koste deg 400 poeng. Den første av desse bilpakkane dukkar opp på lanseringsdagen, og byr på blanke kjerrer frå blant anna Ferrari og Chevrolet.

Forza Horizon er det første spelet i Forza-serien som ikkje er laga av Turn 10 aleine. I staden har dei alliert seg med det nye studioet Playground Games. Dette britiske studioet består av veteranar frå Black Rock og Bizarre Creations. Om dette ikkje seier deg mykje bør kanskje namna Split/Second og Project Gotham Racing ringe ei solid bjølle.

Om du vil kan du teste ein demo av Forza Horizon akkurat no, eller du kan vente til det kjem i sal 26. oktober.

Les også: Desse spela gler vi oss til i oktober Les også: Racingveteraner med nytt Forza-spill

Siste fra forsiden