Virtual Console kjem til Wii U

Det mange har venta på blir endeleg ein realitet.

I dagens Nintendo Direct-sending frå Nintendo kom det mange gode nyhende for Nintendo-fans. Wind Waker kjem i HD-versjon til Wii U, Yoshi får sitt første spel på mange år, og Nintendo viste endeleg fram kva Xenoblade Chronicles-utviklarane har jobba med i det siste.

Dette var derimot ikkje alt Nintendo hadde å by på i dag. Ei av dei viktigaste nyhenda som kom i dagens sending var at Virtual Console kjem til Wii U i løpet av våren. Nokon nøyaktig dato har vi ikkje fått, men retrobutikken vil bli tilgjengeleg etter ei våroppdatering som vil gjere Wii U raskare i bruk. Etter denne oppdateringa blir det raskare å starte spel, samt navigere i Wii U-menyen. Enda ei oppdatering vil kome til sommaren, og denne vil kome med ytterlegare forbetringar.

Klar for eit gjensyn med ein gammal klassikar?

Virtual Console-tenesta for Wii U vil i første omgang berre tilby spel frå katalogane til Nintendo Entertainment System (NES) og Super Nintendo (SNES). Grunnen til dette er ifølgje Nintendo-president Satoru Iwata at spelbiblioteket på Virtual Console for Wii er så stort at det tek tid å gjere spela tilgjengelege på Wii U. Utvalet vil derimot bli utvida gradvis med blant anna GameBoy Advance-spel, og du vil kunne spele alle spela på TV eller Wiipaden.

Om du overfører dei spela du allereie har kjøpt frå Virtual Console på Wii, vil du kunne kjøpe dei nye Wii U-versjonane til ein sterkt redusert pris. Nøyaktig kva denne prisen blir veit vi ikkje i skrivande stund, men dollarprisen vil bli ein dollar for NES-spel, og ein og ein halv dollar for SNES-spel. Med andre ord må du kjøpe spela dine om att. Prisen på Virtual Console-spel elles vil bli den same som på Wii Shop.

For å feire at det i juli er heile 30 år sidan NES blei lansert i Japan, og at Virtual Console snart er tilgjengeleg på Wii U, vil Nintendo ut juli køyre ein kampanje der dei kvar månad gjer eit klassisk Nintendo-spel tilgjengeleg for 30 cent, altså godt under to norske kroner. NES-spelet Balloon Fight er allereie tilgjengeleg, og i løpet av våren kan du huke tak i blant anna SNES-klassikaren Super Metroid.

Les også: Spanande vårslepp frå Nintendo Les også: Et farvel til Nintendo Wii

Siste fra forsiden