Warcraft-filmen er ferdig innspelt

No gjenstår berre to korte år med etterarbeid.

Ein Warcraft-film har vore på veg lenge. Allereie så tidleg som i 2006 blei det kjent at Legendary Pictures fekk ansvaret for å bringe sagaen om orkar og menneske i vill krig til den store skjermen. Framgangen på filmprosjektet har derimot vore svært lang, og lekkasjane frå produksjonen har vore få.

Opphaveleg skulle Evil Dead- og Spider-Man-regissør Sam Raimi stå for regien, men han hoppa etter kvart av skuta, før Duncan Jones tok over. Ved sidan av å vere sonen til David Bowie, har Duncan Jones skapt seg ei respektabel karriære ved å regissere filmane Source Code og Moon.

No ligg den første, store etappen i å få Warcraft til kinosalane bak filmteamet, etter at Duncan Jones tvitra at filminnspelinga er ferdig. Med det er ei av dei mest inkognito filminnspelingane i nyare tid er over. Som regel dukkar det opp fleire bilete frå innspelinga av storfilmar, men for Warcraft-filmen har vi berre fått eitt einsleg bilete.

Blir opphavshistorie

Konseptkunst frå Warcraft-filmen. (Foto: Blizzard Entertainment)

Filmen vil spole tida tilbake, og vil handtere korleis den store konflikta mellom orkane og menneska oppstod. For å reflektere Warcraft-universet på best mogleg måte vil filmen vie god tid til begge sidene av konflikta, for å vise at heltar kan oppstå på begge sider.

På rollelista finn vi fleire spanande namn. Vi finn blant anna Ben Foster, Paula Patton, Highlander-veteran Clancy Brown, og Travis Fimmel. Sistnemnde er for tida best kjend for si rolle som den barske og tidvis promiskuøse vikinghelten Ragnar Lodbrok i TV-serien Vikings.

Sjølv om filminnspelinga no er ferdig er det framleis lenge igjen før filmen dukkar opp på kino. Premiera er sett til mars 2016.

Siste fra forsiden