Worms møter LittleBigPlanet

Organic Limb byr på fysikkbasert galskap.

Om du skulle meine at Worms-serien kanskje er klar for litt nytenking kan Organic Panic vere midt i blinken for deg. Dette spelet gjev oss nøyaktig den todimensjonale synvinkelen vi kjenner frå meitemarkspela, men med ein solid vri. I Organic Panic kan du skru saman dine eigne nivå med eit robust fysikksystem som kan få alt til å skje.

Det heile kan minne ein del om LittleBigPlanet sidan du kan teikne forskjellige objekt som viare kan koplast saman for å lage meir komplekse innretningar. Desse kan igjen øydeleggast om det så er via graving, brennande lava, eller eksplosivar.

Oganic Panic byr på imponerande vannfysikk.

Sint grøntfor

I aksjon vil spelet la deg ta styringa over ein gjeng sinte frukt og grønsaker som kan bruke alt frå eld, gravitasjon og vatn til å ta knekken på den vonde kjøt- og ostemafiaen. Her kan du brenne, drukne og få massive knivblad til å rulle over skjermen for å leggje all motstand død. Mange solide døme på galskapen kan du sjå i traileren under artikkelen.

Mykje av poenget med Organic Panic er å skape eit spel der spelarane kan lage sine eigne absurde brett, samtidig som vi får mange utfordringar som gjennom fysikkmotoren kan løysast på mange forskjellige måtar. Strengt tatt ser det ut som total galskap sett til eit system fullstendig utan reglar.

Sidan Organic Panic ikkje er ferdig enno har utviklarane i Last Limb lagt spelet ut på Kickstarter i eit håp om å samle inn dei pengane som krevst. Etter om lag ei veke har dei berre samla inn i underkant av 6000 dollar av dei 40 000 dei ber om. Skal Organic Panic kome ut til Windows og Xbox 360 slik planen er, treng Last Limb altså litt drahjelp. Skulle kampanjen kome inn godt over målet vil dei lage spelet for fleire plattformer.

Les også: Alice-skaparen kansellerer Kickstarter-kampanje Les også: Worms 3 på veg til iOS

Siste fra forsiden