Sjarmfullt gjensyn med ein eventyrklassikar

Men ti år gamle Fable viser sin alder.

At det til hausten vil vere ti år sidan første gong eg falt pladask for Fable-universet, er noko rart å tenkje på. Fleire av lesarane gjekk sannsynlegvis i barneskulen eller ungdomskulen på den tida. Eg hadde derimot gått meg vill i Albion.

Dei fleste som var av alder hugsar nok heller lovnadane til Peter Molyneux framfor det spelet vi til slutt enda opp med. Det var snakk om å kunne plante eit frø, for så seinare kunne sjå det vakse seg til eit fullt tre, for å nemne den meste kjende Fable-påstanden frå Molyneux. Det vi til slutt enda opp med var ikkje heilt det vi hadde blitt fortalt gjennom utviklingsprosessen. Dette fekk enkelte til å rase mot spelet, og dømde det meir på bakgrunn av kva dei ville det skulle vere, enn kva vi til slutt enda opp med.

For min del var det eit hårreisande oppslukande spel som var praktisk talt umogleg å leggje frå seg. Sjølv om det etter dagens standard er ganske mangelfullt, bydde det på mange spanande idear som har fått solid fotfeste i åra etter. Det var eit spel om godt og vondt. Du kunne velje om du ville redde verda, eller om du ville sjå den brenne. Fable var ikkje først ute med å by på moralske val, men det var eit tidleg døme på noko som no har blitt nesten standard.

Som å bråvakne

Å sjå dei nye versjonane av områda i Fable er som natt og dag.
Å sjå dei nye versjonane av områda i Fable er som natt og dag.

Med Fable Anniversary har Lionhead pussa opp spelet som starta ein ganske så populær rollespelserie. Dei har gjort enkelte endringar på menyar og kontrollar, men i all hovudsak er det den nye grafikken som står i fokus her. Spelet byr på alt innhaldet frå Fable: The Lost Chapters, noko som betyr at om du berre spelte den aller første Xbox-verjsonen av Fable, får du no oppleve eit enda større spel.

Eg må innrømme at min første reaksjon då eg fyrte opp spelet var avsky. For å vere eit spel servert direkte frå Microsoft, ser det på ingen måte bra ut. Den spede byrjinga byr på nesten skremmande figurmodellar, og den unge helten du tek kontroll over kan raskt bli ei sterk årsak til stygge mareritt. Det er noko med dei nifse og livlause auga hans som ikkje heilt stemmer.

Det blir verre. Umiddelbart etter denne reaksjonen merkar ein at sjølv om grafikken teknisk sett har fått seg eit løft, har Lionhead valt å la animasjonen vere nøyaktig slik de var. Eit dumt trekk. Fable er ti år gammalt, og til og med då var det lov å reagere på den tidvis amatørmessige og hakkete animasjonen i filmsekvensane. Leppene er som gullfiskar når folk snakkar, og kroppar og hovud rører seg i rykk og napp.

Eg kan aldri tenkje meg at dette har vore heilt umogleg for Lionhead å gjere noko med. Det heile er ganske pussig. Når du kjem forbi den første delen av spelet byrjar inntrykket heldigvis å endre seg. Dei livlause andleta kjem meir på avstand, og du blir heller vitne til dei langt meir akseptable animasjonane på helten din og fiendane når du hiv deg ut i kamp.

Fable har fått seg eit solid visuelt løft.
Fable har fått seg eit solid visuelt løft.

Eit samlande spel

Med Fable Anniversary har Lionhead oppdatert den visuelle presentasjonen til å stå meir i tråd med dei nyare spela i serien. Det betyr at enkelte av dei noko overdrivne proporsjonane frå originalen har blitt gjort meir realistiske, samt at heile spelet har fått seg ei overhaling. Når ein legg dei første filmsekvensane bak seg bærer det ut på eit eventyr i ei verd som trass alt er svært vakker.

Spelet ligg sjølvsagt mange hakk bak det vi er i ferd med å bli vande med frå den nye generasjonen med konsollar, men det er langt meir enn den tekniske utføringa som vekkjer Albion til live. Lionhead har ei lang rekke makelaust dyktige kunstnarar, og måten dei vekkjer verdene sine til live på er imponerande. Kvart område bugnar over av detaljar som dreg deg inn i denne fascinerande verda.

Etter kvart som ein spelar blir det lettare å leve med den hakkete animasjonen i fleire filmsekvensar, og så snart ein når vaksen alder møter ein mange figurar som strengt tatt ser veldig bra ut. Spesielt helten Thunder har tatt steget over i HD med glans.

Diverre slit spelet med det tekniske her og der. I store område, og når det skjer veldig mykje på skjermen, kan bileteoppdateringa byrje å slite, og ting går litt tregt. Dette er ganske sporadisk, og der ein tur gjennom skogen på eitt tidspunkt får meg til å lure på om Xbox 360-konsollen min er i ferd med å bikke under, går den same turen heilt fint ein annan gong. Bildeoppdateringa er for det aller meste ikkje noko problem, og dei sporadiske anfalla får meg til å tru dette er eit område som godt mogleg kan forbetrast gjennom ei oppdatering.

Fiendane er flinke til å blokkere, men eit kraftig slag er som regel nok til å slå dei i bakken.
Fiendane er flinke til å blokkere, men eit kraftig slag er som regel nok til å slå dei i bakken.

Frustrerande kontrollar

Så lenge tanken er god, er det noko som heiter. Eg vil tru tanken var god då Lionhead bestemde seg for å by på to ulike kontrollsystem i Fable Anniversary. Det eine er kontrollsystemet slik det var i originalen. Det andre er inspirert av kontrollane i Fable II og Fable III.

Om desse to hadde blitt smelta saman hadde vi hatt gull. Det nye kontrollsystemet er på nesten alle måtar best. Det gjer kamp mykje lettare sidan du slepp fikle med ryggknappar, og alle angrep ligg på X-, Y- og B-knappane. Alt er langt meir straumlinjeforma og umiddelbart, noko som gjer kampane meir underhaldande enn med originalkontrollane.

Det originale kontrollsystemet er på si side langt betre for ein magibrukar. Der kan du få tilgang på tre ulike magiar ved å halde inn ein ryggknapp, medan du med det nye kontrollsystemet berre får tilgang på ein magi om gangen. Du kan riktig nok bla gjennom dei magiane du likar best, men om du vil kaste berserk og magiske sverd på deg sjølv før du sender ut ei sjokkbølgje blir det berre fikling og rot.

Dette er likevel ikkje det største problemet med kampane i Fable. Spelet har ein låsemekanisme som strengt tatt burde ha sett like mykje renovering som grafikken. Når du låser deg på ein fiende har du ingen garanti for at du vel den næraste fienden. Rett som det er snur du deg 180 grader og vender ryggen til dine største problem. Er du riktig heldig har du låst deg på ein vandrande kjøpmann. Eg kan til ei viss grad forstå at dette skjer, sidan du kan vere så vond du berre vil, men når eg kjempar mot tre sinte varulvliknande beist har eg viktigare ting å gjere enn å piske disiplin inn i handelsstanden.

Tvilsam moral

Du kan kle deg opp som du vil, men ein rustning er som regel det beste.
Du kan kle deg opp som du vil, men ein rustning er som regel det beste.

Fable blei i si tid hause opp for sine moralske val. Du kunne bli den du ville, og løyse oppdraga på gode eller mindre gode måtar. Dette er til ei viss grad sant, men der vi no er blitt vande med dei moralske gråsonene spel som The Banner Saga har gjort så flott, blir Fable ekstremt simpelt.

Stort sett er det berre snakk om å gjere eit slemt oppdrag eller eit snilt oppdrag. Andre gongar tek du på deg eit oppdrag og får kanskje eit alternativ om å gjere noko sjofelt. Det var spanande då Fable først blei lansert, men i dag er det berre ein av tinga som viser at Fable ikkje har hatt den aller beste aldringsprosessen.

Å kritisere ei restaurering for grunnmuren den er bygd på blir ikkje heilt rettferdig, men det er andre moralske aspekt ved spelet som raskt blir ein nedtur. Til dømes finnest det fiendar som gjev deg gode eller vonde poeng uansett kva retning du hell i. Om du har valt å danse heile vegen til helvete blir du ikkje blid når du ser at kvart skjelett du drep sender deg i retning frelse.

Lineær fridom

Om dine eventyr i Fable-universet så langt har kome frå Fable II og Fable III vil Fable Anniversary godt mogleg kome som eit lite sjokk. Ein ser raskt kor mykje serien har utvikla seg. Der dei nyare spela i serien har bydd på tidvis store område der du ganske fri i å vandre rundt slik du vil, byr Fable Anniversary på ei lang rekke korridorar. Godt kamuflerte korridorar, men likevel. Stort sett byr eit område på ei låst løype der den visuelle presentasjonen lurer deg til å tru du er i eit stort og ope landskap, eller midt i ein tjukk skog.

Forskjellen på Fable og andre korridorspel er at kvart område gjerne byr på fleire utgangar. Dei ulike områda er fletta saman på smart vis, og nesten kvar du enn går vil du finne skjulte skattar og noko å ta deg til. Oppdrag kan plukkast opp frå heltelauget, eller du kan få dei frå folk du møter heilt tilfeldig, og dette gjer det lett å springe fram og tilbake for å sjekke om det finnest noko meir du kan finne på.

Fable Anniversary.
Fable Anniversary.

Utforsking blir såleis tidleg ein stor del av spelet, og ein av dei viktigaste grunnane til at dette spelet framleis maktar å engasjere langt inn i dei mørke nattestimane. Det er ufyseleg lett å bestemme seg for at du berre skal gjere ein ting til. Den konstante tilførselen av nye ting å gjere, samt alle erfaringspoenga arbeidet medfører gjer det lett å bli hekta.

Med Fable Anniversary har Lionhead gjort det enda lettare å bli låst til skjermen enn før. Om du koplar til eit nettbrett, ein mobil eller ein PC med Microsofts SmartGlass-app kan du få opp eit kart over heile Albion, samt kvart område du er i. Ved å laste ned ei lita SmartGlass-oppdatering på Xboxen din vil du i tillegg få full oversikt over alt eit område har å by på.

Om du er på jakt etter alle nøklar, alle kister, skattar, samt alle demondørene og løyndomane dei byr på er SmartGlass vegen å gå. Risikoen er at ein blir så låst til denne ekstra skjermen at ein mistar litt av gleda ved å finne ting sjølv. Om du allereie har spelt gjennom Fable ein gong to er dette derimot eit glimrande hjelpemiddel om du vil finne alt spelet byr på.

Ein annan fin detalj med SmartGlass er at du kan sjå bilete frå originalversjonen av spelet. Det er ikkje like fascinerande som å skifte mellom originalgrafikken og det nye strøket med måling i Halo: Combat Evolved Anniversary, men det er nok til å gi deg perspektiv på ting.

Ei av Fable-seriens sterkaste sider er det unike designet på folk og fe.
Ei av Fable-seriens sterkaste sider er det unike designet på folk og fe.

Konklusjon

Fable både var og er eit herleg spel. Det sender oss inn i ei magisk verd som eg har til gode å sjå makan til. Albion har ein heilt spesiell atmosfære. Den vakre og fargerike verda er så full av liv og små detaljar at det gjer dei fleste andre spel til skamme. Den visuell overhalinga Lionhead har utført er for det aller meste strålande, men enkelte ting burde likevel ha vore betre. Animasjonen er tidvis svært stiv, og bileteoppdateringa har ein tendens til å slite sporadisk.

Fable er ti år gammalt i år, og det er ikkje til å kome bort frå at det viser sin alder. Kontrollsystemet held ikkje heilt det nivået vi forventar i dag, og dei moralske vala dine er svært simple.

Sjølv med enkelte irritasjonsmoment kan du finne stor moro her, og det kan vere svært vanskeleg å leggje frå seg. Spelet bugnar over av liv, sjarme og mange ting å ta seg til. Det er eit artig eventyr som strengt tatt ikkje prøvar å gjere noko anna enn å underhalde. Noko det får til med glans.

Om du har spelt gjennom både Fable Anniversary, Fable II og Fable III, og er på jakt etter fleire eventyr i fargerike miljø bør du sjekke ut Overlord II og Kingdoms of Amalur: Reckoning

Vurdering


"Eit artig eventyr som strengt tatt ikkje prøvar å gjere noko anna enn å underhalde."

Fable Anniversary X360 X360 7/10 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 7. februar 2014
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Lionhead Studios

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen