Neste Hitman blir turbasert

Square Enix Montreal byr på eit noko uventa møte med Agent 47.

Hitman-spela plar som regel by på snikande action i tredjeperson. I rolla som den skarpt kledde leigemordaren Agent 47 skal vi ta ut våre stakkarslege offer med list og utspekulerte metodar. Dette er godt mogleg gjeldande for det neste spelet i Hitman-serien òg, men framgangsmåtane blir garantert heilt nye for serien.

Square Enix starta for ei tid tilbake opp Square Enix Montreal, eit studio som skulle jobbe med Hitman-serien på mobile plattformer. I dag har Square Enix avslørt nokre detaljar om det aller første spelet til Montreal-studioet. Spelet har fått namnet Hitman GO og vil bli eit taktisk og turbasert spel for mobil.

Taktisk navigering

Ny vri for Agent 47.
Ny vri for Agent 47.

I motsetning til dei tidlegare spela i Hitman-serien vil du ikkje ha fri kontroll over Agent 47 i Hitman GO. I staden skal du flytte ei brikke over eit rutenett medan du unngår fiendar, plukkar ned måla dine, og infiltrerer bygningar.

Kjende Hitman-element som forkledningar, distraksjonar, snikskytterrifle og Agent 47s pistolar vil alle vere på plass. Dette er alt vi så langt veit om spelet. Hitman GO vert utvikla av eit lite team, og er snart klart for lansering. Nøyaktig dato har ikkje Square Enix gått ut med, men dei fortel at spelet er snart klart for lansering.

Ved sidan av Hitman GO fortel Square Enix Montreal at dei jobbar med eit anna prosjekt i Hitman-universet. Kva det er må vi derimot vente litt til med å finne ut.

Alle mobilspel er ikkje like vellukka. Tidlegare i veka var Dungeon Keeper-skaparen Peter Molyneux ute og kalla det ferske Dungeon Keeper-spelet til EA for latterleg.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen