Anmeldelse

Kung Fu Rider

Skadeskoten start

Om dette er det beste Sony har å by på vurderer eg å kaste inn handkleet.

Nokre idear burde bli avliva ved fødselen. Sjølv om ein idé kanskje høyrest fantastisk ut medan du sit der i halvsøvne og lar tankane dine gjere svært ukritiske eksperiment, betyr ikkje det nødvendigvis at ideen var god. Ein kritisk gjennomgang av konseptet i ettertid er som regel svært nødvendig.

På papiret høyrest det kanskje moro ut å sitje på ein kontorstol medan du rullar ned smale gater fulle av folk, skrot, bilar og mafiatypar som av ein eller annan grunn er ute etter å gi deg pryl. Som eit døme på kva Sonys nye PlayStation Move-kontroller er i stand til å prestere, høyrest det sikkert òg ut som ein glimrande idé. På papiret i alle fall. Sanninga er at Kung Fu Rider kanskje er det dårlegaste lanseringsspelet eg har sett nokon gong. Som eit døme på kva PlayStation Move er i stand til sit eg igjen med berre ein tanke: Det er ein grunn til at dette aldri blei gjort på Wii.

Stille før stormen

Krasj Boom Bang

Grunnkonseptet er eigentleg ikkje så gale. Vi har Toby, ein herre i skjorte og slips, og assistenten hans Karin som av ein grunn vi ikkje blir fortalt må flykte frå Mafiaen. Dette gjer dei ved å rulle gjennom gater på kontorstolar eller andre merkelege køyrety, og du styrer spelet utelukkande gjennom Move-kontrollaren. Dette fungerer mildt sagt ikkje optimalt, og det einaste du eigentleg sit igjen med er enda eit rørslebasert spel som gir deg eit djupt sakn etter tradisjonelle kontrollar.

For å styre kontorstolen din må du først og fremst svinge kontrollaren frå side til side. Dette får Toby eller Karin til å svinge med stolen, men reaksjonen til kontrollen er ikkje god nok. Ei konstant plage i spelet er at responsen er for sløv, og du køyrer inn i ein vegg i staden for å fullføre ein sving med god margin. Det neste problemet på lista kjem gjennom ein ganske dårleg hoppemekanikk. For å ta eit hopp må du rykke kontrollaren oppover i ei rask rørsle. Som regel gjer stolføraren det han eller ho har fått beskjed om, men han har ein lei tendens til å hoppe på heilt feil tidspunkt.

Du skjønar, for å få fart på stolen må du svinge kontrollaren opp og ned i ei rytmisk rørsle. Visst får du fart på stolen, men alt for ofte endar du opp med eit hopp i tillegg sidan kameraet ikkje forstår kva du eigentleg vil gjere. Du kan riktig nok justere kor følsam responsen skal vere, men det einaste resultatet av dette er eigentleg at det blir vanskelegare å gjere bevisste hopp. Du må rykke enda kraftigare i kontrollaren, medan dei ufrivillige hoppa likevel dukkar opp.

Eit ekstra irritasjonsmoment som hamnar under denne paraplyen er boost. For å booste må du dytte kontrollaren framover med litt meir kraft enn du brukar elles i spelet. Denne kommandoen er mildt sagt pussig, sidan eg har enda opp med å booste veldig ofte heilt utan å ha planlagt det. Dei gongane eg vil booste, har dette derimot vist seg å vere veldig vanskeleg. Det heile er eit klassisk eksempel på at det skjer for mykje samtidig og spelet ikkje greier å følgje med.

1... 2... 3... 4... 5...

Vinglepetter

Det heile kokar saman til at spelet blir for komplisert, og det blir alt for mykje å halde styr på samtidig. Om tanken er å freiste folk som ikkje er vande med å spele spel til å prøve noko nytt, er dette eit katastrofalt trekk som risikerer å skremme dei vekk i staden for å by dei inn. Det er fleire kommandoar for kvar retning du peikar kontrollaren, og i tillegg til dette er det fleire knappar som styrer ting som sidesteg og spark. Totalt sett endar vi opp med kommandoar som ligg i lag på lag oppå kvarandre, og det blir ekstremt kaotisk.

Spelet fungerer utan tvil best når ting held seg rimeleg enkle. Om alt du treng gjere er å køyre romslege gater, hoppe litt her og der, og sparke ned ein ting eller to blir spelet faktisk ganske moro. Det er heilt tydeleg at det ligg nokre gode idear til grunn for spelet, og alle banene er fulle av distraksjonar. På kvar bane er det om å gjere å håve inn så mange poeng som mogleg, og det er fleire måtar å gjere dette på.

Den enklaste er å plukke opp setlar som ligg i linjer på kryss og tvers av banene. Dei mest innbringande setlane er sjølvsagt vanskelegare å få tak i, og avhengig av kor godt bana er designa kan denne utfordringa vere ganske engasjerande. Andre måtar å tene poeng på er å øydeleggje ting, om det så er å sparke ned folk eller kassar. Eventuelt kan du prøve å tene poeng ved å køyre slalåm gjennom små rektangulære ruter, og her kjem enda ein kommando inn i biletet, sjølv om denne er lettare å utføre. Ved å halde inne T-knappen (avtrekkjaren på undersida av kontrollaren) vil du lene deg bakover slik at du kan dukke under skilt, bilar, og andre ting. Dei overdrivne ansiktsanimasjonane denne kommandoen fører med seg er generelt sett nok til at den er verdt det.

Fleire baner byr i tillegg på rekkverk du kan grinde på, noko som skapar eit ekstra klimaks. Diverre er det forferdeleg lett å krasje i ting når du grindar, og du har ikkje ein sjanse til å sjå fella før ulukka er eit faktum. Krasjinga er forresten eit kapittel i seg sjølv. Er du så uheldig at du krasjar, vil du gong på gong bli nøydt til å sjå ein mange sekundar lang animasjon som kanskje er moro den fyrste gongen, men raskt berre blir irriterande. Spesielt sidan tida ikkje sluttar å gå medan du ser den. At kvar bane går på tid gjer ikkje saka betre. Om du ikkje krasjar, kan du likevel vere sikker på at du vil setje deg fast i ein eller anna krok grunna dårleg respons, og må bruke for mykje tid på å kome deg i gong igjen.

Som du ser er det ein grunn til at kontorstolracing ikkje er ein utbredd sport

Ein og annan opptur

Som nemnt har spelet sine positive sider. Du får gradvis tilgang på betre køyrety, og dette gjer fleire av banene mykje meir uthaldande å spele. Forskjellige køyrety fungerer godt på forskjellige baner, og det er ein fin balanse i å finne ut kva som passar best kvar. Samtidig blir fleire av banene lettare å kome seg gjennom sidan obligatoriske ting som svingeeigenskapane til køyretya endrar seg. Dette er heilt essensielt for moro-nivået i eit spel som ikkje er så veldig godt på å registrere nøyaktig kor mykje du vil svinge.

Eit anna moment som kan by på litt moro er fleirspelarmodusen, sjølv om den er langt frå god. I staden for å køyre nedover gatene side om side, vil spelar nummer to få ei heilt anna rolle. Han eller ho får i oppdrag å rydde unna skrot som ligg i vegen for deg. Det er moro kanskje ein gong, ikkje stort meir.

Grafikken i spelet er heilt grei, sjølv om den ikkje er mykje å skryte over. Byområda banene er lagt til er detaljerte og fulle av liv, samtidig som synsvidda er god. Animasjonane er òg heilt greie med sine overdrivne og karikerte rørsler. Alt skrik til deg om at dette er forferdeleg moro, men det når aldri dei høgdene spelet strevar etter. Du smiler ein gong eller to, men stort sett bryr du deg lite. Den innebygde fotofunksjonen som tek bilete av deg medan du spelar er eit godt døme på dette. Når du har kome i mål får du servert bilete som sannsynlegvis er meint for å illustrere kor ufatteleg moro du har hatt det. I mitt tilfelle har eg derimot fått sjå meg sjølv med haka i handa eller eit vandrande blikk så mange gongar at eg tek det som eit veldig klart signal på at eg kanskje burde skifte jobb.

Det som faktisk er best i spelet er lyden. Ikkje at det seier så mykje, men den fengjande funk-musikken blanda med japanske instrument har ein definitivt sjarme. Lydane elles er samtidig så overdrivne og tydelege at det aldri finnest nokon tvil om kva som skjer. Stemmene til dei to hovudpersonane er i tillegg ganske festelege, og sprøyter litt liv inn i eit spel som ikkje heilt veit kva veg det vil gå.

Ei av spelets betre sider

Konklusjon

Mitt store spørsmål akkurat no er kva som eigentleg er poenget? Kung Fu Rider framstår som eit ekstremt billeg spel laga på eit minimalt budsjett på alt for kort tid. Det er ingenting som sit som det skal, og det einaste Sony oppnår med det er å så veldig hard tvil om kva PlayStation Move eigentleg er i stand til. Responsen i kontrollen er kanskje betre enn kva den ville ha vore på Wii, men den er likevel ikkje god. Du set deg fast i ting fordi du personen på stolen ikkje reagerer godt nok, og spelet blir konstant forvirra av kva du eigentleg vil gjere.

Kung Fu Rider er eit spel som kan vere moro i små doser. Problemet er at du må bruke litt for mykje tid på å hugse alle kontrollane før du er i stand til å nyte noko som helst. Når du først har kome så langt er du garantert møkk lei, og då er eigentleg heile poenget borte.

Siste fra forsiden