Clash of Clans-utviklar Supercell solgt for over 70 milliardar kroner

Riot Games-eigar Tencent har kjøpt det finske selskapet.

Supercell

I ei pressemelding frå Clash of Clans-utviklar Supercell, seier det finske selskapet at dei har selt 84 prosent av aksjane sine for over 70 milliardar kroner. Den nye eigaren til Supercell er Tencent, eit av Kinas største nettselskap. Tencent er også eigaren av Riot Games, og har store aksjeandelar i Epic Games og Activision Blizzard. I fjor hadde Tencent mest omsetning i verda blant børsnoterte spelselskap.

Salet verdset Supercell på heile 85 milliardar kroner. Utviklaren har fleire suksessfulle mobilspel, som Clash of Clans, Boom Beach og Hay Day. Spela deira er gratis, men dei tener pengar på mikrotransaksjonar og reklame. I fylgje Business Insider har Supercell ein estimert omsetning på rundt 45 milliardar kroner i 2016.

Vil nå ut til over 300 millionar brukarar

Clash of Clans.
Supercell

SoftBank hadde tidlegare majoriteten av aksjane i Supercell. I det siste har SoftBank hatt økonomiske problemer, som førte til at dei ønskja å selje.

Ilkka Paananen, Supercells administrerande direktør, seier det var lett å finne ein ny partner. Tencent sin sosiale plattform når ut til over ein milliard menneske, og over 300 millionar spelarar, som verka særs attraktivt for Supercell.

– Tencent har bygga eit veldig suksessfult partnarskap med Riot Games, eit selskap me har stor respekt for, og som har inspirert oss på mange forskjellege måtar. No har me ein unnskyldning til å ringe opp Riot Games for å diskutere litt oftare, seier Paananen. Supercell vil halde fram som ein uavhengig eining frå Tencent, og vil behalde hovudkvarteret sitt i Finland.

Vi tok ein kikk på utviklarens nyaste spel i mars.
Sjekk mobilspela vi anbefalte »

Siste fra forsiden