Deadly Premonition til PS3

Kultklassikaren får Director's Cut-utgåve neste år.

Tidlegare i år ymta Deadly Premonition-regissør Sweary om at ei Director's Cut-utgåve av kultklassikaren kunne dukke opp om ikkje så alt for lang tid. I dag har endeleg Rising Star Games kjunngjort i ei pressemelding at Xbox 360-spelet frå 2010 omsider tek vegen over til PlayStation 3, i ein forbetra og utvida versjon.

I dette spelet går du inn i rolla som etterforskaren Francis York Morgan. Etter drapet på ei jente må han nøste opp i mysteriet rundt det som blir kalla Red Seed Murders. Deadly Premonition er ikkje berre eit detektivspel, det er krydra med overnaturlege vesen og fenomen, og mang ein bisarr situasjon.

Skjermbilete frå Xbox 360-versjonen.

«Eg er svært glad for at Rising Star Games har gjeve meg sjansen til å jobbe med Deadly Premonition: The Director's Cut. Det er ei stund sidan Deadly Premonition blei lansert, men eg får framleis mange støttemeldingar frå fans over heile verda. Alt vil bli avslørt i det komande månadane, og eg er trygg på at eg kan levere ei oppleving de ikkje vil gløyme,» fortel Sweary i pressemeldinga.

Vi har ikkje fått mange konkrete detaljar om kva vi kan vente oss i PS3-utgåva, men nokre detaljar er allereie på plass. Som Sweary sjølv seier får vi eit nytt scenario, samtidig som kontrollsystemet har fått seg ein finpuss for å gjere kampane meir handterlege. Dette var eit ankepunkt for mange i originalversjonen, og burde falle i smak.

Etter lansering vil det i tillegg dukke opp nedlastbart innhald som vil ekspandere mysteriet utover kva det spelet i seg sjølv har å by på.

Deadly Premonition: Director's Cut kjem i sal for PlayStation 3 i løpet av første kvartal neste år.

Les også: Kultutvikler har ntt prosjekt på lur Les også: Anmeldelse: Silent Hill: Downpour

Siste fra forsiden