Feature

Desse nye spela gler vi oss til i juli

Vi har fleire godbitar i vente i sommarferien.

Årets store spelmånad er no over. Kvart år arrangerast E3-messa i Los Angeles, og i år var det tid for å verkeleg vise fram kva neste generasjon vil by på. Vi var naturlegvis på plass, og om du ikkje har fått med deg kva vi har kika på bør du ta ein tur innom E3-seksjonen vår for eit solid overblikk.

Ved sidan av nye og spanande spel vi kan sjå fram til har vi òg fått servert nokre godbitar vi kan spele akkurat no. Høgst på den lista tronar utan tvil Naughty Dogs fantastiske The Last of Us, som sender oss inn i ei dyster framtid der dei fleste menneska har blitt infiserte av eit valdeleg virus.

Blir dette for brutalt for deg kan det kanskje smake med litt hagearbeid i Animal Crossing: New Leaf, medan GRID 2 byr på eit stykke solid racing. Actionentusiastane kan fnise litt av den alternative superhelten Deadpool, medan plattformpublikumet har fått bryne seg på Storm.

No er det derimot atter ein gong på tide å sjå framover, og juli ser ut til å by på fleire solide godbitar.

Ny stakkar i The Walking Dead.

The Walking Dead: 400 Days

Plattform: Xbox 360, Windows, Mac, PlayStation 3, PS Vita, iPhone, iPad Ute: 3. juli

The Walking Dead blei ein av fjorårets største suksessar. Desse episodebaserte spela trollbatt spelarane med si dramatiske historie fylt av moralske gråsoner og mellommenneskelege drama. Kvar episode tok det heile eit nytt steg vidare og styrte unna dei typiske actionfestane zombiespel har for vane å bli.

I The Walking Dead: 400 Days møter vi ei ny gruppe menneske som må overleve zombiehelvetet. Frå fem ulike perspektiv får vi ta del i heilt nye utfordringar, og vala du gjorde i første sesong vil få innverknad. Samtidig vil handlingane dine i 400 Days spele over på sesong to.

Les meir om The Walking Dead: 400 Days

Nye utfordringar i Marioland.

Mario & Luigi: Dream Team

Plattform: 3DS Ute: 12. juli

Mario & Luigi: Dream Team blir det fjerde spelet i Nintendos rollespelserie som starta med Mario & Luigi: Superstar Saga i 2003. I dette spelet vil vi igjen ta styringa over Mario og Luigi der vi geleidar dei gjennom ei fargerik verd, og tek del i turbaserte kampar. I Mario & Luigi: Dream Team reiser Mario, Luigi og prinsesse Peach på ferietur til Pi'illo Island. Det går sjølvsagt skeis, og det blir atter ein gong naudsynt for dei italienske brørne å redde prinsessa.

Les også
Anmeldelse:

I Dream Team får draumar ei stor rolle, og Mario kan reise inn i draumane til Luigi. Dette sender deg inn i ei sideskrollande verd svært lik dei vi finn i dei mange Mario-plattformspela. I draumeverda kan Mario manipulere omgjevnadane ved hjelp av trykkskjermen og gyroskopet på 3DS-en.

Les meir om Mario & Luigi: Dream Team

Klar til å ta over verda igjen?

Sid Meier's Civilization V: Brave New World

Plattform: Windows, Mac Ute: 12. juli

Sidan starten har Civilization-serien vore det heilt store for alle som kosar seg med å styre verda. I desse spela kan du byggje opp eit rike gjennom fleire tidsaldrar, drive krigføring, samt meir fredelege framgangsmåtar om pasifisten i deg seier stopp.

Med Brave New World vil utviklarane hos Firaxis introdusere mykje nytt for Civilization-fans. Vi får heile ni nye sivilisasjonar, mange nye underverk, men høgst i fokus står handel, kultur og diplomati. Desse tre konsepta vil i seg sjølve by på mange nye måtar å vinne spelet på. I tillegg vil spelet by på nye scenario du kan hive deg inn i, som til dømes den amerikanske borgarkrigen og kolonitida i Afrika.

Les meir om Civilization V: Brave New World

Stemningsfulle tider i Shadowrun Returns.

Shadowrun Returns

Plattform: Windows,, Linux, Mac, iPad, Android Ute: 25. juli

Shadowrun Returns blir eit av ei aller første ferdige storspela etter at Kickstarter tok av i fjor vinter. I løpet av månaden dei samla inn pengar skrapa dei i hop nesten to millionar dollar, og i året som har gått sidan den tid har utviklarane hos Harebrained Schemes jobba på spreng for å få ferdig cyberpunk-spelet som sender oss tilbake til det gamle rollespeluniverset Shadowrun.

I Shadowrun Returns møter vi ei cyberpunk-verd full av futuristiske versjonar av alvar, dvergar, orkar og andre skapningar vi stort sett kjenner frå fantasy. Spelet blir eit rollespel i god gammal stil med isometrisk synsvinkel og todimensjonale miljø. Vi blir lova stor valfridom i både korleis vi byggje karakterar og løyser oppdrag, og snart kan vi finne ut om spele har tent på å bli folkefinansiert kontra den tradisjonell utgjevarmodellen.

Les meir om Shadowrun Returns

Pikmin 3 ser ut til å by på nok av utfordringar.

Pikmin 3

Plattform: Wii U Ute: 26. juli

Eit av dei viktigaste spela Nintendo viste fram då dei kunngjorde Wii U var Pikmin 3. Spelet er det tredje i rekka av finurlege strategispel der vi tek kontroll over ein romfarar som krasjlandar på ein planet, og må styre grupper på fargerike skapningar som alle kan utføre ulike oppgåver. Det kan vere å flytte objekt, øydeleggje dei, eller angripe fiendar som byr på trøbbel. Spelet har blitt utsett nokre gongar, men er no endeleg klart for speleklare hender.

Ved sidan av å vere det første Pikmin-spelet i høg oppløysing vil Pikmin 3 by på mykje nytt for tilhengjarar av serien. Med skjermen på Wii U-kontrollaren kan du no få full oversikt over kvar alle dei små skapningane er til ei kvar tid. Samtidig vil skjermen by på heilt nye måtar å styre skapningane på. Utover dette vil spelet by på mykje større område, samt la deg styre heile tre ulike romfarar i motsetning til den eine dei tidlegare spela har gjeve deg kontroll over.

Les meir om Pikmin 3

TrackMania går aldri av moten.

Litt attåt

Som seg hør og bør er ikkje juli den mest intense månaden på spelfronten. Sommarmånaden har for vane å lide under det vi på fint kallar «speltørke», og juli anno 2013 er ikkje noko unntak. Dei fleste utviklarane jobbar på spreng med å få spela sine klare til hausten, og så skal ein ikkje gløyme at dei fleste gjerne vil ha seg litt ferie, og såleis har heilt andre ting enn spel i tankane.

Det betyr likevel ikkje at vi ikkje får litt meir å bite tenna i denne månaden. Til dømes kan solallergikarane leike seg med vampyrspelet Dark, der vi tek rolla over ein fersk vampyr som må overleve i ei ganske så ugjestmild verd. TrackMania-fansen får seg ei oppdatering i TrackMania 2 Valley, medan lettsinna racingentusiastar omsider kan hive eg over Joe Danger og Joe Danger 2 på Windows-maskiner.

Skulle du vere på jakt etter noko for dei mindre, kan kanskje spelversjonen av familien The Smurfs 2 vere eit alternativ.

Utover dette må vi nok vente til august før fleire stortitlar veltar over oss. I mellomtida er det ikkje stort meir å gjere enn å nyte sommaren.

Les også: Disse spillene imponerte oss mest på E3 2013
Les også: Månedens anbefalte mobilspill

Siste fra forsiden