Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Finn fram gløggen og godkroken, det er jul.

Og med det er vi atter ein gong ved vegs ende. Eit temmeleg imponerande år i spelhistoria ligg bak oss, og det er ingen tvil om at den siste innspurten har vore ekstra intens. Ta til dømes Red Dead Redemption 2 som innfridde så og seie alle forventningar, og sigla heilt opp til toppscore her hos oss. Det er likevel ikkje berre cowboyar som har mora oss i november. Eit gjensyn med draken Spyro har skapt mykje glede, noko som òg kan seiast om Hitman 2, og VR-eventyret Déraciné.

Like nøgde var vi ikkje med Battlefield V og Fallout 76, men ein kan ikkje få alt heller.

Med det ute av vegen er vi klare for å sjå fram mot dei siste av årets spanande spel.

Just Cause 4

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 4. desember

Rico Rodriguez gjer det einaste han er god til.
Square Enix

Just Cause-serien har frå starten først og fremst handla om spinnvill action der det å stå på nasa til eit fly i fart ikkje er ei heilt uvanleg hending. Mengda med action, akrobatikk og rein øydelegging har auka med kvart spel, og Just Cause 4 ser ut til å ta det heile til atter nye høgder. Kva seier du til ekstremver som tropiske stormar og gigantiske tornadoar? Vi likte i alle fall det vi fekk sjå i vår sniktitt:

««Valfridom» er eit konsept som gjerne blir slengt rundt litt for ofte i spelbransjen, men i Just Cause 4 er det på ingen måte feilplassert. Her er det verkeleg noko for ein kvar smak, i alle fall om du likar storslagen action i eit spel som ikkje tek seg sjølv for høgtidleg. Ekstremveret introduserer ein spanande vri til seriens kjende kaosformel, og med oppgradert spelmotor byr spelet på mykje moro.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Just Cause 4

Mutant Year Zero: Road to Eden

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 4. desember

Mutantane går til taktisk krig.
Funcom

Dei taktiske spela har fått seg ein liten renessanse dei siste åra, godt leia an av XCOM-serien. Spelet kjem frå det ferske studioet The Bearded Ladies, som blei starta av folk som tidlegare har jobba på Payday- og Hitman-seriane. Mutant Year Zero: Road to Eden blir derimot ikkje i same gate som desse spela. Road to Eden er basert på penn og papir-rollespelet Mutant Year Zero, og blir eit taktisk spel sterkt inspirert av XCOM.

Jorda har så og seie blitt utsletta av ein atomkrig, og ut frå oska kryp mutantar i alle tenkjelege former. Her finn vi både Pumba, Daffy Duck, og damer med steinhud. Alle karakterane i spelet har utvikla seg med utgangspunkt i menneske eller dyr, og i løpet av spelet vil du kunne låse opp mange ulike personar som alle har ulike mutasjonar.

Les også
Anmeldelse: Mutant Year Zero: Road to Eden

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mutant Year Zero: Road to Eden

Super Smash Bros. Ultimate

Plattform: Switch
Ute: 7. desember

Berre ein ting er sikkert, her blir det kaos.
Nintendo

Når Nintendo tek i bruk ordet Ultimate, meinar dei alvor. Med Super Smash Bros. Ultimate stappar dei like så greit inn absolutt alle figurar som nokon gong har vore med i eit Smash Bros.-spel. Mange nye figurar vil bli tilgjengelege etter kvart, og det vil bli mykje å ta i for dei som elskar å klaske til kvarandre i desse absurde slåssespela. Vår mann under årets E3-messa var i fyr og flamme:

«Dei absurde sammenstøta er nærast uendelege, og så godt som alle kan finne seg til rette med dei to angrepsknappane spelet har. For dei som vil, er det sjølvsagt også enormt mykje djupne her, og det er denne balansen mellom det enkle, det hektiske og det kompliserte som gjer det så utruleg moro å spele. Ultimate ser ikkje ut til å vere noko unntak, og slik det ser ut no, er det stort sannsyn for at dette kan kome til å bli det beste og mest suksessfulle spelet i serien til dags dato.»

SJå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Smash Bros. Ultimate

Earth Defense Force 5

Plattform: PlayStation 4
Ute: 11. desember

Mauren må døy!
D3 Publishing

Om du ikkje har spelt Earth Defense Force-serien, har du gått glipp av noko stort. Dette er spel der det overflødige fluffet har blitt høvla vekk heilt til det vi sit igjen med er pur, enkel spelglede. Vi møter eit knippe soldatar som likar å rope høgt om kor stolte dei er over å redde planeten. Jobben deira er å slå tilbake den eine bølgja med massive, utanomjordiske insekt etter den andre, og dette gjer dei i område som rasar saman så snart eit eksplosivt våpen pustar i feil retning.

Mykje av moroa i denne serien kjem gjennom å stadig låse opp nye våpen. Du startar med eit puslete automatvåpen, men endar opp med rakettkastarar som kan slenge ut 40 varmesøkande rakettar om gangen. Om dette skulle vere nok til å freiste, kan vi nemnde at Earth Defense Force 5 byr på gigantiske froskar med skytevåpen, berre så det er sagt.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Earth Defense Force 5

GRIS

Plattform: Switch, Windows
Ute: 13. desember

Om ikkje anna, blir GRIS vakkert.
Devolver Digital

GRIS har absolutt ingenting med julemarsipan å gjere. Dette er i staden eit spel som ser ut til å bli noko av det vakraste som har dansa over ein skjerm dei siste åra. Heile spelet er handteikna og måla i ein unik stil som ser meir ut som noko som høyrer heime på eit kunstmuseum, enn noko du faktisk skal spele.

Spele skal du, likevel. GRIS er eit sideskrollande plattformspel som hentar ein del inspirasjon frå Journey, og frå skjermbileta å tyde kan vi berre håpe på at dette blir like spanande å spele, som det blir å sjå på. Utviklarane lovar i tillegg at vi skal få ei solid historie, der spelet handlar om ei jente som må kome seg gjennom ei alvorleg hending i livet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på GRIS

Nokre gjensyn i jula

O rull med di glede og barnlege lyst.
Bandai Namco

Ikkje heilt uventa er desember 2018 ein noko rolegare månad enn oktober og november. Spela skal ut i god tid før jul, og med det blir det hakket rolegare i årets siste månad. Noko finn vi likevel å kose oss med, og denne månaden er det ein heil haug med lanseringar av spel som strengt tatt allereie er ute i eitt eller anna format.

Men først til noko heilt nytt. For dei som likar både Persona og dansing, er det to flunkande nye spel på veg. Persona 5: Dancing in Starlight og Persona 3: Dancing in Moonlight prøvar å gjenta suksessen til Persona 4: Dancing All Night. Her blir det hektig musikk og mykje dansing med heltane frå Persona-serien.

For den som treng meir alvor i kvardagen er både Gwent og Thronebreaker: The Witcher Tales ute til PlayStation 4 og Xbox One denne månaden.

Om kortspel ikkje er heilt dei greie finn vi eit hakket høgre nivå av action PlayStation 4-versjonen av Playerunknown's Battlegrounds. Eit liknande actionnivå finn vi i PlayStation VR-utgåva av Borderlands 2, medan Warhammer: Vermintide II dukkar opp på PlayStation 4 for å vise deg kor ufyselege rotter faktisk kan vere.

Meir moro på PlayStation 4 får vi når Square Enix lanserer The Last Remnant Remastered. Dette japanske rollespelet skulle eigentleg kome til PlayStation 3 ein gong for lenge sidan, men dukka berre opp på Xbox 360 og PC. PlayStation-publikummet ler sist, denne gong.

Treng du litt fargar i den mørke juletida kan det kanskje passe med Katamari Damacy Reroll som dukkar opp på Switch og PC. Her skal du starte i det små, før du sakte, men sikkert bokstavleg talt rullar opp heile jorda, heile solsystemet, heile galaksen, og til slutt, heile universet.

Vi avsluttar med spelet som har månadens – om ikkje årets – lengste namn; Dynasty Warriors 8: Xtreme Legends Definitive Edition. Du veit du vil.

God Jul.

Siste fra forsiden