Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

I årets siste månad skal vi løyse gåter, redde planetar, og knerte mange monster.

Vi har lagt bak oss ein travel månad. Ein haug med spel har vore innom kontora våre, men kvaliteten har vore av det varierande slaget. Spel som Call of Duty: Vanguard, Battlefield 2042 og Jurassic World Evolution 2 skuffa oss i stor grad, men Forza Horizon 5 innfridde derimot så det sang, og er eit av årets beste spel.

Fleire gode opplevingar fekk vi gjennom eventyrspelet Sherlock Holmes: Chapter One, alltid underhaldande Mario Party Superstars, og det dystre japanske rollespelet Shin Megami Tensei V.

No er vi derimot snart ferdige med 2021, og ser fram til å sjå kva den store julemånaden har å by på.

Halo Infinite

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 8. desember

MAster Chief er endeleg tilbake.
Microsoft

20 år er gått sidan Microsoft først introduserte oss for Master Chief og Halo, og seks år har gått sidan førre gong vi fekk leike oss i krigen mot Covenant og andre utyske som vil gjere kål på alle menneske. I år er det endeleg tid for nok eit gjensyn med den halvt mekaniske helten.

Utviklarane hos 343 Industries har snikra saman det største Halo-spelet så langt, og byr på ei diger verd der du kan velje og vrake sjølv kva utfordringar og oppdrag du vil bryne deg på. Vi blir lova ei omfattande historie, meir fridom enn serien tidlegare har bydd på, og ein heil haug med fiendar å plafre ned med eit stadig større arsenal med våpen. Om serien vil takle overgangen frå det lineære til det frie gjenstår å sjå, men vi ventar i spaning.

Les artiklar, sjå bilete og finn beste pris på Halo Infinite

Syberia: The World Before

Plattform: Windows
Ute: 10. desember

Kate Walker må ut på sitt siste eventyr.
Microïds

Det er nesten 20 år sidan vi først møtte Kate Walker i det nydelege eventyrspelet Syberia. Her møtte vi advokaten Walker som måtte reise til ein by i Europa for å ordne oppkjøpet av ei lita bedrift som lagar mekaniske skapningar. Desse hendingane sende ho ut på ei lang reise som først ser ut til å få sin slutt i år.

I Syberia: The World Before møter vi ikkje berre Kate Walker, men og den unge pianisten Dana Roze rett før utbrotet av den andre verdskrig. Vi blir lova ei vakker og mystisk verd full av utfordringar som får deg til å vri dei små grå. Syberia: The World Before blir det siste spelet frå skapar Benoît Sokal som døydde tidlegare i år etter lengre tids sjukdom.

Sjå bilete, les artiklar of finn beste pris på Syberia: The World Before

The Gunk

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 16. desember

Fargerike The Gunk ser ut til å bli noko utanom normalen.
Thunderful

The Gunk kjem frå dei skarpe hjernane som gav oss SteamWorld-spela, men med The Gunk legg dei frå seg sine todimensjonale røter. I staden får vi ei sprek og fargerik verd full av rare skapningar og eksotisk flora.

Vi tek på oss rolla som Ravi, ein opportunist som har reist til ein fjern planet for å sanke ressursar. Der møter ho den seige, svarte gugga The Gunk. Den øydelegg både planeten og det som lev på den, men Ravi kan bruke ein hanske til å suge inn gugga, og restaurere områda ho er i. Litt action blir det òg, når Ravi må kjempe mot skapningar som har blitt forvrengde av den svarte gugga.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Gunk

Før jula set inn

Desember er som vanleg ein ganske roleg månad. Det er jo tross alt jul snart, og med årets store galskap Black Friday/Weekend/Week/Month, kall det kva du vil, er mykje pengar allereie brukt.

Nokre fleire spel blir det riktig nok. Vi får til dømes eit gjensyn med Spellforce 3 i oppussa utgåve. Førre gong det blei lansert klarte vi ikkje setje karakter på det. Vi får tru det er meir stabilt denne gongen.

Om rollespel ikkje er heilt di greie kan kanskje Solar Ash vere eit alternativt. Dette actionplattformspelet kjem frå teamet bak Hyper Light Drifter og bør by på noko for seg.

Meir action blir det i romskytaren Chorus. Her du du inn i cockpiten på eit romskip og jage etter andre romskip i høg fart.

For noko heilt anna kan det vere ein idè å sjekke ute samlepakka Danganronpa Decadence. Serien med visuelle noveller feirar ti år i år. Om vi held oss i det rolege tempo kan vi òg ta med at hjernene din kan få trimma seg litt i Big Brain Academy: Brain vs. Brain.

Skulle du heller vere interessert i litt retromoro kjem russiske Loop Hero til Switch rett før jul.

Og med det gjenstår det berre å ta med at Final Fantasy XIV får ny ekspansjon i form av Endwalker, før vi ynskjer god jul og godt nytt år.

Siste fra forsiden