Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Enda eit år er ved vegs ende, og vi ser på dei siste godbitane vi har i vente.

Ubisoft, Owlcat Games, Thunderful Publishing

Der var det så og seie gjort. 2023 er nesten i boks, og vi har lagt bak oss eit av dei største spelåra på lenge. Vi er nett ferdige med ein novembermånad tettpakka med spel. Vi har kosa oss med alt frå Super Mario RPG til klatring i Jusant, men vi var ikkje heilt selde på Persona 5 Tactica og Call of Duty: Modern Warfare III.

Framfor oss ligg som vanleg ved årets ende ein litt rolegare månad enn dei som no ligg bak oss. Dei fleste har enten gjort seg ferdige med å lansere spela sine, eller ventar til over nyttår.

Med det hiv vi oss i det og kikar på kva som gjenstår for 2023.

SteamWorld Build byr på enda eit nytt sjangersprang for serien.
Thunderful Publishing

SteamWorld Build

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 1. desember

Steamworld-serien har vore gjennom ein heil haug med sjangrar opp gjennom åra. Vi har fått eventyr, rollespel, strategi og meir, og no er det omsider på tide å bygge ein by. I SteamWorld Build er eigentleg verda på veg til å seie takk for seg, og den einaste løysinga er å grave seg nedover.

I SteamWorld Build må du bygge ein by inspirert av Ville Vesten, og du må lage eit samfunn som lokkar til seg robotar frå fjern og nær. Du må halde styr på økonomien og sørge for at alle har det dei treng, samt forsvare deg mot utyske som skulle dukke opp når du grev deg lenger nedover under jordskorpa meda du leitar etter eldgammal og verdifull teknologi frå ei svunnen tid.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på SteamWorld Build

Born of Bread ser ut til å bli fargerik kos.
Dear Villagers

Born of Bread

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 5. desember

Om du treng eit lettbeint og koseleg rollespel å nyte i juletida treng du ikkje sjå lenger enn Born of Bread. I dette rollespelet inspirert av gamle, turbaserte klassikarar møter vi Loaf, ein brødgolem som må ut på eventyr for å redde verda frå store trugslar.

På si reise gjennom varierte og fargerike område vil Loaf møte ein haug med snodige karakterar som blir med på reisa. Alle har sine eigne eigenskapar du kan bruke for å meistre eit mylder av trugslar. Kampsystemet er turbasert, men lovar å utfordre refleksane dine òg. I ei verd full av stor dramatikk og og skumle vesen, kan Born of Bread raskt bli ei glimrande avslutning på året.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Born of Bread

Blir dette turen til Pandora vi har håpa på?
Ubisoft Entertainment

Avatar: Frontiers of Pandora

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 7. desember

Med ein relativt fersk film i James Camersons Avatar-serie er det absolutt på sin plass at vi no endeleg får eit digert spel på Pandora. I Avatar: Frontiers of Pandora får vi utforske denne verda som aldri før. Vi får kjempe mot soldatar, flyge på ikran, og bryne oss på ei lang rekke utfordringar i eit stort og omfattande eventyr. Vi tok ein kikk på det for kort tid sidan, og såg mykje potensiale:

«Avatar: Frontiers of Pandora har absolutt mykje potensiale til å bli eit digert og spanande spel. Den typiske Ubisoft-formelen var ikkje heilt til stade her. Hovudpersonen var sjølve verda, månen Pandora, og utviklarane ser ut til å ha prøvd å skape ei oppleving der kunstige ting som kompass og markørar ikkje skal kome i vegen.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Avatar: Frontiers of Pandora

Turbaserte rollespel er i vinden for tida.
Owlcat Games

Warhammer 40,000: Rogue Trader

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows, Mac
Ute: 7. desember

På tampen av eit år der Baldur's Gate 3 for alvor sette dei klassiske rollespela på kartet igjen, er det tid for eit lite temaskifte. Warhammer 40,000: Rogue Trader kjem frå Owlcat, studioet som gav oss dei nyoppussa versjonane av gamle Dungeons & Dragons-spel som Baldur's Gate, samt dei nyare Pathfinder-spela.

I Warhammer 40,000 reiser vi til den dystopiske verda der alt er skit og alt er krig. Det blir eit tradisjonelt rollespel i kjend stil med mange val og medfølgjande konsekvensar. Du må samle eit mannskap fullt av bisarre og tvilsame folk som du reiser på tokt med. Spelet byr på eit turbasert og taktisk kampsystem som lovar å vere basert på brettspelet som gjev spelet sitt namn.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Warhammer 40,000: Rogue Trader

Heftig action i Granblue Fantasy Versus: Rising.
Arc System Works

Granblue Fantasy Versus: Rising

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 14. desember

Granblue Fantasy er kanskje ikkje det mest kjende namnet blant speleglade folk i vesten, men i Japan er det stort. Neste år er eit gigantisk rollespel på veg, men før det får vi eit slåstespel utvikla av dei erfarne folka hos Arc System Works som er best kjende for sine BlazBlue- og Guilty Gear-spel.

Spelet blir eit nokon lunde tradisjonelt sideskrollande slåstespel, men vent deg ein spektakulær visuell fest som verkeleg gjer ein innsats for å bryte ned skiljet mellom handteikna og tredimensjonale figurar. Spelet lovar ei robust historie der du får skreddarsy karakterane etter eigen smak. I tillegg skal spelet by på eit enkelt kontrollsystem slik at nykomarar ikkje treng frykte den høge inngangsprisen slåstespel gjerne har.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Granblue Fantasy Versus: Rising

Bulletstorm VR blir ein actionfest i VR.
People Can Fly

Siste sjanse

Resten av årets spel er ei god blanding av veldig ulike spel. Først ute er rollespelet Dragon Quest Monsters: The Dark Prince. Her skal du samle monster som du kan spleise saman til heilt nye monster. Sjølvsagt for å ta dei med i kamp.

Raccoo Venture er eit jovialt plattformspel der du skal utforske ei verd full av utfordringar og skjulte skattar.

Gnosia er på si side eit nifst eventyrspel sett til eit romskip der mystiske Gnosia latar som dei er menneske, berre for å lure dei trill rundt, og drepe eit offer om gongen.

Litt i same gate finn vi one., ein ny versjon av ei visuell novelle som feirar 30 år i år.

Blir det for rart er House Flipper 2 eit glimrande alternativ. Her skal du kjøpe, renovere og selje hus for ein god penge.

Resten av spela i desember er i all hovudsak gamle spel som får ein ny sjanse. Batman: Arkham Trilogy tek turen til Switch slik at alle som vil får sjansen til å leike skummel superhelt.

Vidare får vi eit lite taktskifte når Hammerwatch II kjem til konsoll. Det gjer The Lord of the Rings: Return to Moria sjølv om det berre er PlayStation 5 i første omgang. Bulletstorm VR er som namnet seier ei VR-oppgradering for det aldrande skytespelet. Eit anna aldrande spel er Kingpin: Reloaded som blir lansert på PC denne månaden.

Til slutt tek vi med at det taiwanske rollespelet Xuan-Yuan Sword: Mists Beyond the Mountains kjem til Nintendo Switch.

Det var alt for i år. God jul, god speling, og godt nytt år!

Siste fra forsiden