Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Store eventyr og utanomjordisk grøss står på menyen i årets aller første månad.

Atter eit år har nådd sin ende. Som vanleg er ikkje desember den mest intense månaden på spelfronten, men noko godt har vi fått å leike oss med. The Callisto Protocol bydde på stemningslada romskrekk, Crisis Core: Final Fantasy VII Reunion gav oss eit fint gjensyn med Zack, og bisarre High on Life tok oss med til ein menneskerøykande planet.

Vi har òg brukt månaden til å oppsummer korleis åra til Microsoft, Sony og Nintendo har vore, men òg kva spel vi likte og ikkje likte.

Med 2022 godt planta i bakspegelen gjer vi oss klare til å ta ein kikk på kva den første månaden i 2023 har å by på.

One Piece Odyssey

Luffy og mannskapet møter nye utfordringar.
Bandai Namco Entertainment Inc.

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 13. januar

Med One Piece Odyssey feirar Bandai Namco 25 år med One Piece. Utviklarane satsar på å blande klassiske JRPG-element med ein umisskjenneleg One Piece-vri for å skape det ultimate One Piece-eventyret. Med seg på laget for å få dette til har dei Eiichiro Oda, forfattaren som skapte One Piece. Han hjelper både til med historia, men og med å teikne nye heltar og monster for å skape nettopp den autentiske One Piece-opplevinga.

Historia tek oss med til ei heilt ny øy etter at Luffy og mannskapet blir fanga i ein voldsam storm. Stranda på den nye øya har mannskapet blitt separert frå kvarandre, og det blir din jobb å ikkje berre guide Luffy gjennom det tropiske og mystiske landskapet, men òg å samle mannskapet igjen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på One Piece Odyssey »

Fire Emblem Engage

Meir taktikk frå Nintendo.
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 20. januar

Om actinofesten i Fire Emblem Warriors: Three Hopes ikkje var heilt di greie, og du saknar Fire Emble-taktikk av den gode, gamle sorten, er dette året for deg. Fire Emblem Engage gjev oss eit nytt spel med det tradisjonsrike stein-saks-papir-kampsystemet serien er kjend for. Spelet vil la oss hente inn heltar frå heile seriens historie, og ein skal ikkje sjå bort frå at det blir nyttig i kamp mot ein nyleg vakna drage.

Med unntak av Warriors-spela, føyer Fire Emblem Engage seg lett inn i trekka med Fire Emblem-spel. Det vil by på velkjent taktisk gameplay der du flyttar soldatar på eit rutenettliknande kart, og oppgraderer krigarar for å nå nye og sterkare klassar. Fire Emblem Eengage gjev i tillegg soldatane tilgang på spesielle kampstilar som byr på unike eigenskapar.

Sjå bilete, les artiklar og inn beste pris på Fire Emblem Engage »

Forspoken

Kan Forspoken bli det neste store for Square Enix.
Square Enix

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 24. januar

Det nye spelet frå teamet som gav oss Final Fantasy XV har litt å bevise. Ikkje berre er dette den første store PlayStation 5-tittelen frå Square Enix, men det er ein ny IP og med det har dei ikkje noko kjent merkenamn å lene seg på. Vi møter ei ung jente som blir kasta inn i ei farleg verd der eitt av dei store høgepunkta ser ut til å bli kor kjapt og effektivt du kan navigere deg gjennom terrenget. Vi tok ein liten kikk på det i fjor:

«Forspoken har alle ingrediensar for å kunne bli ei minnerik oppleving når det lanserast på PlayStation 5 og PC. Det eg gler meg mest til er absolutt å farte rundt i den store verda og springe, klatre og hoppe i høg fart. Det er ein grunn til at utviklarane kallar det magisk parkour, for å seie det slik. Det er mange moglegheiter her, spørsmålet er korleis det er å bruke dei i praksis.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forspoken »

Dead Space

Dead Space er tilbake.
EA

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. januar

Rett etter at Dead Space-skaparen lanserte sitt ferske romskrekkspel The Callisto Protocol, er EA klare med sin nyversjon av originale Dead Space. Igjen møter vi Isaac Clarke som reiser med romskipet USG Ishimura for å sjå kva som har gått gale med eit stranda skip. Dead Space vil i grove trekk by på den same historia som i originalspelet, men det heile vil vere utvida og meir detaljert.

Vi var svært begeistra for spelet då det først dukka opp i 2008, og spesielt godt likte vi dei kreative og brutale våpna som let oss kutte opp dei motbydelege romvesna som om vi brukte ein varm kniv gjennom smør. Den nifse stemninga, det altomslukande lydbiletet, og den imponerande grafikken skapte eit så pass minneverdig spel at det har gjort seg fortent til ein ny versjon. Vi får håpe å tru EA klarar å gjenskape magien.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dead Space »

SpongeBob SquarePants: The Cosmic Shake

SpongeBob SquarePants satsar på å hente fram latteren i januar.
THQ Nordic

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Nintendo Switch, Windows
Ute: 31. januar

Ein av dei særaste animasjonsfigurane som har fått fans i alle aldrar er definitivt SpongeBob SquarePants. Figuren starta sitt liv i 1989, men blei ikkje kjend verda over før han dukka opp i sin eigen TV-serie ti år seinare i 1999. Dette var starten på ein enorm popularitet som ikkje berre inkluderer TV-seriar og filmar, men òg ei rekke spel til mang ei plattform.

Sist i rekka er SpongeBob SquarePants: The Cosmic Shake. Dette ser etter alt å døme ut til å bli ein hyllest til plattformspela frå 90-talet. I god og tradisjonsrik plattformeventyrstil vil The Cosmic Shake by på ei rekke ulike verder som alle byr på sine unike utfordringar. Der får vi vidare kle oss ut med over 30 ulike kostymer som alle byr på unike eigenskapar som vil hjelpe deg med å takle utfordringane. For å skape den skikkeleg autentiske SpongeBob-stemning er dei originale skodespelarane tilbake.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på SpongeBob SquarePants: The Cosmic Shake »

Monsterjakt til alle

Monster Hunter Rise kjem til PlayStation og Xbox.
Capcom

Januar byr på ei rekke spel til nye plattformer, og mest spanande her er eit ørlite knippe japanske perler. Monster Hunter Rise kjem til både PlayStation og Xbox, og på Xbox får du direkte tilgang om du abonnerer på Game Pass. Det same får du om du har lyst til å spele Persona 3 Portable og Persona 4 Golden som lanserast på moderne konsollar denne vinteren. Dragon Ball Z: Kakarot får seg òg ei lita oppgradering for dagens konsollar.

Hakket meir overraskande er rollespelet Risen frå 2009. Dette får seg ein konsollversjon på PlayStation 4, Xbox One og Switch. Age of Empires II: Definitive Edition tek turen til Xbox One og Xbox Series S/X, naturlegvis via Game Pass.

Det spanande eventyrspelet We Were Here Forever er enda eit spel som får seg ein konsollversjon denne månadeen, og med det seier vi oss ferdige med eldre spel, og kikar på nokre heilt nye titlar.

Children of Silentown er eit mørkt eventyrspel der vi møter jenta Lucy, som bur i ein skog full av monster og folk som sporlaust forsvinn. Lone Ruin er på si side ein roguelike stikkeskyter der du reiser inn i ein magisk ruin full av farer.

ATONE: Heart of the Elder Tree ser ut til å bli noko for seg sjølv.
Untold Tales

A Space for the Unbound er eit pikseleventyr som tek oss med til ein liten indonesisk by ein gong på 90-talet for å nøste opp i mystiske krefter og mysterium.

Til slutt tek vi med Atone: Heart of the Elder Tree, eit spel som blandar norrøn mytologi, ei interaktiv historie, komplekse gåter og eit kampsystem basert på rytme.

Det var alt for no, god speling.

Siste fra forsiden