Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Demonar, kalde hav, oljeplattformer og det einaste treet som får menn til å gråte.

Destiny 2: The Final Shape, Elden Ring: Shadow of the Erdtree og Luigi's Mansion 2 HD.
Montasje, Game.no

Mai er over, sommaren er her, og det må vere lov å seie det nesten har vore vanskeleg å sitje inn og spele spel i solsteiken. Det har vi likevel gjort, og fått med oss eit knippe herlege spel. Animal Well var eit guffent Metroidvania, Songs of Conquest bydde på herleg strategi i Heroes 3-stil, medan Senua' Saga: Hellblade II leverte ein fantastisk og ubegripeleg lekker oppfølgjar til Senua's Sacrifice. Ikkje minst må vi ta med det herlege norske retrorollespelet SKALD: Against the Black Priory.

No står sommaren for tur, og i år som med alle år roar industrien seg litt ned. Vi har absolutt eit knippe spanande spel i vente, men dei heilt store spela ser ut til å ta ferie ei lita stund.

Demonane i Shin Megami Tensei er alltid like trivelege.
Atlus

Shin Megami Tensei V: Vengeance

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Nintendo Switch, Windows
Ute: 14. juni

Switch-eksklusive Shin Megami Tensei V var eit herleg og stemningsfullt rollespel som i likskap med dei fleste Atlus-spel gjorde ting litt på sin sære måte. No er ein forbetra, større og ikkje minst visuelt lekrare versjon rett rundt hjørnet til alt som kan krype og gå av plattformer. Vi digga spelet då det blei lansert på Switch i 2021, og ser fram til nye område, monster, samt ei heilt ny ekstra historie:

«Om du har venta lenge på eit nytt spel i Shin Megami Tensei-serien, har du ikkje venta forgjeves. Shin Megami Tensei V byr på velkjent og tradisjonstungt gameplay som har blitt modernisert og friska opp akurat der det passa seg best. Det er eit engasjerande spel med eit fascinerande og fengaslande univers det er lett å drive rundt i, nesten som i ei transe der ein berre må ta nokre steg til.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shin Megami Tensei V: Vengeance

Dette ladar jo opp til å bli ein riktig så triveleg sommar dette.
The Chinese Room

Still Wakes the Deep

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 18. juni

Still Wakes the Deep er eit nifst spel frå The Chinese Room, studioet som tidlegare har bragt oss Amnesia: A Machine for Pigs og Dear Esther. Denne gong tek dei oss med til ein oljerigg i Nordsjøen i 1975 der ingenting går heilt etter planen. Still Wakes the Deep er eit skrekkspel i førsteperson der du i rolla som ein arbeidskar på ein oljerigg må overleve fryktelege stormar, iskalde vatn, og noko ukjent og skrekkeleg som har klatra om bord.

I spelet må du leite etter mannskapet og hjelpe dei med å overleve. Du må navigere deg gjennom ein rigg som stadig blir fylt med meir vatn. Spelet lovar ein naturtro oljerigg, fryktelege hendingar, og ikkje minst ei autentisk rollebesetning med skotske skodespelarar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Still Wakes the Deep

Eit emosjonelt eventyr frå norske Sarepta Studio.
Team 17

Thalassa: Edge of the Abyss

Plattform: Windows
Ute: 18. juni

Det blir fleire turar til sjøs denne månaden. Neste spel ut er Thalassa: Edge of the Abyss, eit spel som kjem til oss frå norske Sarepta Studio, folka som gav oss My Child Lebensborn. Denne gongen skal vi heilt aleine utforske skipet Thalassa som ligg på havets botn. Her skal vi knekke ei rekke gåter med ulike verkty vi finn undervegs.

Utviklarane fortel at dette ikkje et eit skummelt spel, men at spelet i staden satsar på å formidle sterke kjensler gjennom det du oppdagar medan du utforskar det forliste skipet. I staden for skrekk og gru, prøvar spelet å utforske sterke kjensler som stress, sorg og tap. Om Sarepta studio får til akkurat det finn vi ut om nokre korte veker.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Thalassa: Edge of the Abyss

Nye eventyr og brutale utfordringar ligg klare og ventar.
Bandai Namco Entertainment

Elden Ring: Shadow of the Erdtree

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 21. juni

Få spel i historia får ei så etterlengta utviding som den som no er på veg til Elden Ring. Shaow of the Erdtree har fått så mykje hype i tida før lansering at ein kan byrje å lure på om det er spelindustriens frelse som er på veg. At From Software har gjort det godt med sine beinharde fantasyspel er det ingen tvil om, og forventningane til Shadow of the Erdtree er skyhøge.

I Shadow of the Erdtree blir vi lova meir av det folk elska i Elden Ring. Vi får nye område, nye figurar, ei rekke nye våpen og ikkje minst ein heil haug med nye utfordringar i form av store og små fiendar som berre ventar på å dele deg i to og lage lapskaus av innmaten din medan dei ler høgt før dei lener seg tilbake og ventar på at du, dum som du er, har tenkt å prøve ein gong til. Det er berre å glede seg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Elden Ring: Shadow of the Erdtree

Luigi's er lik seg sjølv og spring frå noko skummelt.
Nintendo

Luigi's Mansion 2 HD

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 27. juni

Det byrjar å bli nokre år sidan Luigi jakta spøkelse på Nintendo 3DS, og sidan Nintendo 3DS-spel ikkje er det lettaste å få spelt no for tida, har Nintendo bestemt seg for at det var på tide med ein flunkande ny versjon av denne gamle slageren. Denne utgåva av spelet byr på eit lekrare ytre, men vil ivareta spelmekanikkane utan store endringar. Du kan spele aleine eller saman med andre, og vi likte originalen godt då vi spelte den tilbake i 2013:

«Spelet er sjarmerande og underhaldande nok til at eg ynskja å sjå korleis det heile kom til å slutte. Historia tok også nokre interessante vridningar som heldt interessa mi gåande. Luigi's Mansion 2 gjer nemleg det ein god oppfølgjar skal gjere og forbetrar utgangspunktet frå originalen, både historiemessig og spelmekanisk. Vær så snill, Nintendo: ikke la det gå tolv år til neste gang.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Luigi's Mansion 2 HD

Destiny 2: The Final Shape lovar nye eventyr.
Bungie

Monster, bananer og krig i rommet

Juni byr på litt for ein kvar smak, og om det er skyting med heftige våpen som ligg ditt hjarte nærast, kan godt mogleg den store Destiny 2-utvidinga The Final Shape vere akkurat det du treng denne månaden. Eventuelt kan du delta i dei mange intense fekte- og skytekampane i mobil- og Switch-eksklusive Star Wars: Hunters.

Scars of Mars er eit futuristisk rollespel i sanntid der du må gjere kjappe avgjersler på kort tid for å overleve i eit stilisert verd full av utfordringar. Den rake motsetning til det er Super Monkey Ball Banana Rumble, det nyaste spelet i apeserien der du spring rundt i kuler.

Vidare byr juni på ein haug med eldre spel som dukkar opp på nye plattformer. Nyast blant dei er vampyrspelet V Rising som tek eit lite hopp og byksar i retning PlayStation 5. Vidare tek sjarmerande Tchia turen over til Switch.

Rusted Moss er ein Metroidvania-stikkeskytar som dukkar opp på nye plattformer etter å ha blitt lansert på PC i fjor.

Til slutt tek vi med ikkje berre eitt, men heile to Monster Hunter-spel. Monster Hunter Stories 2 tek turen frå å vere Switch-eksklusivt til å lande på PlayStation 4 og Windows. Det første spelet i serien, Monster Hunter Stories tek samstundes turen frå Nintendo 3DS til Nintendo Switch, PlayStation 4 og Windows.

Det var alt for denne gong. God speling!

Siste fra forsiden