Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Vi ofrar sjela medan det siste lyset skin over blodige dragar.

Nokon har fortalt meg at det er vår. Eg kjøper ikkje den påstanden. Eg ser ut, og alt eg ser er haust. Det er fint å ha spel når ein møter ein slik kvardag. Det er fint å ha ting som tar bort den bitre sanninga over den gråbrune kvardag.

I april har det faktisk vore mykje artig å bite tenna i. Vi har banka superheltar i Injustice: Gods Among Us og vore detektiv i Legobyen. På den meir utsvevande enden av spektrumet finn vi Guacamelee, eit sideskrollande slåssespel med kraftige meksikanske overtonar. Saftig!

Men det stoppar ikkje der, vi har kosa oss med Shootmania Storm som går tilbake til røtene for skytespelsjangeren, bygd byar i Cities in Motion 2 og tatt turen tilbake til den herleg utfordrande verda Gransys i Dragon's Dogma: Dark Arisen.

No er vi derimot klare for å sjekke ut kva mai har å by på av godbitar.

Neon, bildeflimmer, og mykje saftig action.

Far Cry 3: Blood Dragon

Plattform: Windows, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 1. mai

Dette blir godt mogleg årets mest absurde spel. Blood Dragon har strengt tatt fint lite med Far Cry 3 å gjere. Dette skytespelet er ein parodi på store, muskuløse actionheltar frå 80-talet, og skrur alt opp til elleve. Her er det fargerike eksplosjonar, machomenn som fist-bumpar med bicepsen, og ein hovudperson med stemma til Michael Biehn som spelte i Terminator og Aliens, for å nemne noko.

Min kollega Espen Jansen hadde dette å seie etter etter litt tid på tomannshand:

«Eg lot meg sjarmere av dei komiske positurane, dei melodramatiske one-linerane og den generelle galskapen som prega den snaue halvtimen eg fikk prøve meg på. Eg blei positivt overraska, men ikkje berre det, eg blei også formelig frakta tretti år tilbake i tid, til ein era der neon, Terminator og Duke Nukem regjerte. Og eg kan knapt vente med å dra tilbake dit.»

Les vår sniktitt på Far Cry 3: Blood Dragon
Se skjermbilder, videoer og finn beste tilbud på Far Cry 3: Blood Dragon

Solid kandidat til årets bok 2013.

Soul Sacrifice

Plattform: PS Vita Ute: 1. mai

Les også
Anmeldelse:

Dette actionspelet frå Mega Man-skaparen Keiji Inafune lovar å by på noko ganske brutalt og uvanleg. Spelet blir spelt i tredjeperson, og ser ved første augekast ut som eit typisk actionspel der du spring fram og tilbake og kjempar mot monster før du møter den verkeleg styggingen. Soul Sacrifice er derimot alt anna enn oridnært.

Her betalar du ein pris for alt du gjer. Når du krigar mot fiendane mistar du både kraft og helse, og for å få desse tilbake må du velje mellom å ofre eller frelse fiendane dine. Det heile når sitt klimaks når du byrjar å ofre eigne kroppsdelar som til dømes ryggrada di for å mane fram eit demonisk sverd.

Se skjermbilder, videoer og finn beste tilbud på Soul Sacrifice

Her blir det meir stemningsfull uhygge.

Metro: Last Light

Plattform: Windows, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 20. mai

Du har vore ein del uvisse rundt Metro: Last Light etter at den tidlegare utgjevaren THQ gjekk dukken tidlegare i år. Slik uhygge er derimot over, og no er det klar for heilt nye uhygger. Metro: Last Light startar eit år etter forgjengaren, og vi reiser igjen til ein post-apokalyptisk versjon av Moskva. Der må vi kjempe mot mutantar og anna avskum for å redde verda frå eit dommedagsvåpen som kan bety slutten på alt vi held nært.

Vi har allereie tatt ein kikk på grøssaren:

«Metro: Last Light ser ut til å følgje oppskrifta frå forrige spel ganske tett, men med høgare produksjonsverdi og med ein del element som gjer det meir tilgjengeleg for vestlege spelarar. Med desperate skytesekvensar, grøsselege overlevelseskampar, nervepirrande sniking, og tidvis taktiske element sjonglerar utviklarane elegant dei ulike opplevingane og skapar ein sjangerkombinasjon som er ganske unik.»

Les vår sniktitt på Metro: Last Light
Se skjermbilder, videoer og finn beste tilbud på Metro: Last Light

«This town ain’t big enough for the...» Ja, du skjønar teikninga.

Call of Juarez: Gunslinger

Plattform: Windows, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 22. mai

Etter flausa med Call of Juarez: The Cartel vender Techland tilbake til westernrøtene med Gunslinger. I dette spelet tek du på deg rolla som ein aldrande dusørjegar som fortel historier frå livet sitt, og korleis han tok knekken på fleire kjende personar frå ville vesten. Her blir det hektisk skyting i førsteperson, og du samlar poeng for kvar fiende du knertar. I tillegg blir det sjølvsagt tid for ein duell her og der.

Vår mann på hesteryggen hadde dette å seie då vi tok ein kikk på spelet:

«Med fjorten episoder å utforske, ikoniske western-personligheter som Butch Cassidy og Billy The Kid rundt hver sving og en handling som ikke holdes tilbake av realisme er det vanskelig å ikke la seg begeistre for Call of Juarez: Gunslinger. Når spillet i tillegg går bort fra The Cartel og tilbake til stilen fra de to første spillene er det vel egentlig bare å glede seg til ekte cowboy-action på nyåret.»

Les vår sniktitt på Call of Juarez: Gunslinger
Se skjermbilder, videoer og finn beste tilbud på Call of Juarez: Gunslinger

På tide å frese litt gummi!

Grid 2

Plattform: Windows, PlayStation3, Xbox 360 Ute: 31. mai

Race Driver: Grid er eitt av dei beste racingspela dei siste åra, og fjor kunngjorde Codemasters at dei jobba med ein oppfølgjar. I Grid 2 får vi meir arkaderacing med realistiske element, men samtidig lovar utviklarane mykje meir innhald. Ved sidan av betre grafikk skryt spelet på seg smartare motstandarar, solid fysikksimuleringa og ein overbevisande skademodell. Både karrieremodusen og fleirspelaren blir nøye overvaka av RaceNet-systemet som held deg oppdatert på alt som skjer.

Med Grid 2 ynskje Codemaster å lage eit racingspel der kvart løp har karakter i staden for å berre vere ei samling med bilar på ei bane. Kva det betyr i praksis er naturlegvis ikkje lett å seie, men vi gler oss stort til å finne ut. På tide å hente inn litt gjørme å pynte stova med for å då den autentiske racingfeelen.

Se skjermbilder, videoer og finn beste tilbud på Grid 2

Slåsseing eller fyrverki?

Gorilla og skrekk

Sjølvsagt har vi meir i vente enn som så. Årets mai månad ser ut til å bli månaden for spel som hamnar i kategorien «spel vi allereie har spelt, men ikkje på denne plattforma». Blant dei nominerte finn vi det sjarmerande og utfordrande gåtespelet Fez som dukkar opp på Windows-maskiner om kort tid. Kort tid etter får Wii U-stammen kose seg med den «ultimate» versjonen av Deus Ex: Human Revolution.

Spolar vi tida litt lengre fram i tid dukkar 3DS-grøssaren Resident Evil: Revelations opp på både Windows og heimekonsollar, før Wii-plattformaren Donkey Kong Country Returns slenger ut nokre jungelbrøl på 3DS.

Tru det eller ei, men det er faktisk eit par originale slepp til i mai. Etter lang og vond venting kjem endeleg slåssespelet Persona 4 Arena til Europa, og vi får ta del i solid krigføring om vårt eige land i Wargame: Airland Battle.

Det er nok likevel noko heilt anna enn alt eg har ramsa opp så langt som kjem til å ta alle overskriftene i mai. 21. mai vil Microsoft avduke deira neste Xbox, og sjølv om vi kanskje ikkje får vite alt, får vi i alle fall eit solid blikk på kva maskina er i stand til, kva funksjonar den vil ha, og viktigast av alt: Kva spel vi kan vente oss.

Hent bøtter med popkorn, men hugs: Sjølv om mange liker å oppføre seg som ungar når konsollkrigen startar er det lov å halde hovudet kaldt. Kos dykk.

Siste fra forsiden