Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Ein heil haug med gamle heltar vender tilbake denne månaden.

Montasje Gamer.no

Hausten er i gang for fullt, og nokre av oss har mest sannsynleg fått på plass Halloween-dekorasjonane allereie. Kan du bortforklare spindelvevet og edderkoppane som ein del av dekoren, så gjer du det.

Bak oss ligg ein solid månad med ei rekke spanande spel. Størst denne månaden var nok Counter-Strike 2 og Mortal Kombat 1. Vi fekk blodhard underhaldning i Lies of P, fotball i EA SPORTS FC 24: Skriv det med caps så ser dei deg betre, samt dei japanske rollespela i samlepakka Baten Kaitos I & II HD Remaster.

Og med det er det igjen tid for å sjå framover.

Assassin's Creed Mirage

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. oktober

Assassin's Creed er tilbake der serien starta.
Ubisoft

Med Assassin's Creed Mirage vender Ubisoft tilbake til seriens røter. Om du er ein av dei som meiner dei seinare spela har blitt i overkant store og tidkrevjande, medan essensen av serien kanskje har hamna litt i baksetet, er Mirage spelet for deg. Her er det klassiske snikmord med klatring og forsvinning i skuggar som står på menyen. Vi har allereie spelt nokre timar av spelet og såg mykje potensiale i det vi har i vente:

«Spelet skapar umiddelbart ei kjensle av å vere heime. Det er her den er i sitt ess, og det merkast med ein gong. Alt frå estetikk til dei spelmekaniske elementa er akkurat der dei skal vere, og det kennest veldig naturleg og rett å gli over hustak medan du kikar ned på dine komande offer.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Mirage

Forza Motorsport

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. oktober

Forza Motorsport kjem straks.
Xbox Game Studios.

Heile seks år har gått sidan førre spel i Forza Motorsport-serien, og to spel i den hakket meir leikne Horizon-serien har dukka opp i mellomtida. No er derimot tida igjen klar for racing så realistisk som det er mogleg å få til utan å setje seg bak rattet på ein ekte bil. Vi har allereie tatt ei lita testrunde med spelet, og kunne konstatere at ved sidan av ei rekke små og store forbetringar er køyrekjensla absolutt på plass:

«Hovedfokuset er som vanleg eit konstant jag etter å forbetre si eiga køyring, og kutte ned millisekund av rundetidene sine. Dei som har fordjupa seg i liknande simulatorspel kan skrive under på at det kan vere ein gjevande og ekstremt vanedannande spelsjanger, og dette ligg an til å bli eit av dei betre innslaga i serien.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Motorsport

Super Mario Bros. Wonder

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 20. oktober

Super Mario i all sin fargerike prakt.
Nintendo

Spelverdas kanskje best kjende ikon er endeleg tilbake med sitt første sideskrollande plattformspel på mange år. Denne gongen reiser vi ikkje til Mushroom Kingdom, men Flower Kingdom, og her reiser vi til fleire øyer som alle byr på ei rekke ulike utfordringar. Alt frå klassisk hopping på fiendar, til dykkerturar og borring gjennom berg.

Spelet byr på ei lang rekke kjende og kjære figurar, og om du vil spele saman med andre støttar spelet samarbeid for opp til fire spelarar. Som naturleg er for eit Mario-spel får vi ei rekke nye gjenstandar som gir deg nye krefter. Elefantfrukta gjer deg om til elefant, borresoppen lar deg borre i fjell, og du kan blåse bobler for å fange fienden. Super Mario Bros. Wonder ser ut til å bli eit særs fargerikt innslag i Super Mario Bros.-serien.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario Bros. Wonder

Marvel's Spider-Man 2

Plattform: PlayStation 5
Ute: 20. oktober

Miles Morales og Peter Parker i tandem.
Sony Interactive Entertainment

Det som mest sannsynleg er årets største PlayStation 5 spel er rett rundt hjørnet, for no er oppfølgjaren til barksuksessen Spider-Man snart klar. Her får vi ikkje berre møte Peter Parker igjen, men òg Miles Morales og ikkje minst får vi nærkontakt med Venom. I løpet av historia må du byte mellom kven av dei to heltane du vil spele som, medan du ute i den store opne spelverda får byte fritt mellom dei, akkurat som det passar deg.

Utover det lovar utviklarane eit mørkare spel, og har til og med samanlikna det heile med Empire Strikes Back. Noko av grunnen til det kan tenkaste å vere Venom-drakta til Peter, den kjem med ein heil haug artige triks Peter kan bruke mot fiendane, men så har den diverre ein ikkje heilt godeffekt på humøret hans òg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Spider-Man 2

Alan Wake 2

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 27. oktober

Med Alan Wake 2 ser det ut til at Remedy tek det heile eit solid steg vidare
Remedy Entertainment

Finske Remedy har lenge jobbar hardt for å perfeksjonere mellomstasjonen mellom filmatisk forteljarteknikk, og gripande og fascinerande action. Med Alan Wake 2 ser det ut til at dei tek det heile eit solid steg vidare. Her skal spelgrafikk blandast med tradisjonelt filma skodespelarar på saumlaust vis. Remedy har inkludert film i spela sine fleire gongar allereie, blant anna i originale Alan Wake og Quantum Break.

Alan Wake 2 følgjer opp historia om Alan Wake 13 år seinare. Han har vore fanga i ein marerittversjon av New York i 13 år, og har det ikkje heilt godt. I Alan Wake 2 spelar vi ikkje berre som Alan Wake, men òg som nykomaren Saga Anderson. Om Alan Wake 2 legg seg på same kvalitetsnivå som dei fleste andre Remedy-spel, har vi ein godbit i vente.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Alan Wake 2

Bybygging og terror

Oktober byr som oktober stort sett gjer på ein heil haug med spel. Vi finn til dømes bybyggaren Cities: Skylines II og Total War: Pharaoh for dei som treng litt strategisk innhald i kvardagen. Meir strategi, men av det taktiske slaget får vi i Wargroove 2, medan vi får taktikk av rollespelslaget i Disgaea 7: Vows of Virtueless.

Denne byen, eller ein lik den, kan bli din.
Paradox Interactive

Om action er meir di greie kan vi by på Lords of the Fallen, eit spel som lovar å by på all den utfordring eit Dark Souls-inspirert spel kan by på. Om du er frykteleg lei slike ting kan det kanskje passe betre med Detective Pikachu, eller kanskje Roblox som dukkar opp på PlayStation denne månaden.

Eit anna spel som dukkar opp på PlayStation 5 er fjorårets ekle Xbox-spel Scorn. Om det blir for mange kroppsvesker for deg er moglegvis Honkai: Star Rail frå Genshin Impact-studioet meir di greie.

For dei som elskar stiliserte teikneseriespel byr månaden på både actionspelet Hellboy Web of Wyrd og overlevelsespelet Wizard With a Gun.

Litt sideskrolling får vi òg. Herlege Dave the Diver kjem til Switch, medan Disney-spelet Gargoyles Remastered er på veg til det meste som kan krype og gå av plattformer. Det same gjer Sonic Superstars, som ser ut til å bli ein retur til Sonic slik vi hugsar han aller best.

Sonic på gamlemåten.
SEGA

Brutale Warhammer 40,000: Darktide kjem til Xbox Series X for å gi deg noko å skyte på, medan Ghostrunner 2 helst vil gi deg noko å slå på.

Det klassiske eventyrspelet The 7th Guest kjem tilbake, men denne gong i ein VR versjon akkurat i tide for Halloween. Om Halloween ligg heilt nedst på prioriteringslista di er kanskje NHL 24 eller Hot Wheels Unleased 2: Turbocharged betre alternativ.

For dei som heller vil ha ei samling gode spel av eldre dato, er Batman: Arkham Trilogy eller Metal Gear Solid Collection eit par alternativ du bør vurdere å sjekke ut.

Det var alt for denne gong. Om vi har gløymt noko livsviktig får du hyle ut ein høgfrekvent kommentar nedanfor.

God speling!

Siste fra forsiden