Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Dette blir ein strategisk viktig månad for alle med taktisk anlegg.

Fra øverst til venstre: Baldur's Gate III, Spelunky 2, Crusader Kings III og Marvel Avengers.
Montasje Gamer.no

Det er den tida av året igjen. Sommaren er på hell, kulda vender snuten heim, arbeid og skule rullar og går igjen, og alle ventar i spaning på atter ein spelkrydra haust.

Vi har nett lagt bak oss ein ganske spanande månad med ei solid dose kvalitetsspel. Heilt på toppen av haugen landa Factorio, eit spel vår mann kalla det beste byggespelet sidan Transport Tycoon Deluxe. Like bak fann vi imponerande Microsoft Flight Simulator, tett etterfølgt av A Total War Saga: Troy og hysteriske Fall Guys: Ultimate Knockout.

Gode tider altså, men som vanleg brukar vi ikkje mykje tid på å sjå tilbake i desse artiklane. Vi gløymer fortida og vender snuten mot kva september har å by på.

Iron Harvest

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. september

Iron Harvet byr på trauste soldatar og digre maskiner.
KING Art Games

Nokre gongar skjer ting på rare måtar. Slik er det med Iron Harvest, eit spel inpirert av kunstverka til den polske målaren Jakub Różalski. Iron Harvest byr på ein alternativ versjon av Aust-Europa på 1920-talet. Her finn vi massive krigsmaskiner på to bein side om side med trauste fotsoldatar, og det heile lovar solide utfordringar for strategen. Vi tok ein kikk på det, og likte det vi såg:

«Iron Harvest har vore i utvikling ei god stund, og det er godt å sjå at ting endeleg byrjar å kome saman. Einingane er detaljrike, dei taktiske moglegheitene mange og mech-robotane stilige. Ein skikkeleg kampanje som bindar det heile saman kan forhåpentligvis tilføre spelet djupne og sjel berre dei aller beste strategispela har, og enn så lenge er det nettopp dette vi ynskjer oss aller mest. »

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Iron Harvest

Crusader Kings III

Plattform: Windows, Mac, Linux
Ute: 1. september

I Crusader Kings III blir det rikeleg av krig, politikk og intriger.
Paradox Interactive

Om du er av oppfatninga at Game of Thrones var hakket for pysete, er det godt mogleg du bør ta ein kikk på Crusader Kings. Her skal du styre eit dynasti opp gjennom årtidene, med alt det byr på av intriger, drama og interne og ekstrene konflikter. Krig og diplomati er berre overflata av kva spelet byr på. Her handlar det om å skrive om historia etter din eigen smak, og du kan til dømes ta eit rike og løfte det til høgder det aldri såg i vår historie.

Crusader Kings-serien har ikkje vore den lettaste å setje seg inn i for nykomarar, men utviklarane har lova at dette skal bli eit meir tilgjengeleg spel, sjølv om det vil by på nok avavanserte og djupe system slik at den erfarne strategen for nok å setje fingrane i.

Les også
Anmeldelse: Tony Hawk's Pro Skater 1+2

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crusader Kings III

Marvel's Avengers

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Stadia, Windows
Ute: 4. september

Hulken så klar han.
Square Enix

Med den enorme og verdsomfattande populariteten Marvel sine superheltar har sett dei siste åra, er det nesten eit under at eit skikkeleg storspel ikkje har dukka opp før no. Erfarne Crystal Dynamics har tatt på seg ansvaret for å lage eit saftig Marvel-spel, og vi får berre håpe dei maktar å lever så det ljomar. Vi var ikkje heilt overbeviste då vi tok ein kikk på det, men at spelet har stort potensiale er det ingen tvil om:

«Marvel's Avengers er eit spanande spel med massivt potensiale. Square Enix og Crystal Dynamics har på ingen måte spara på krutet for å gjere dette til ei så teknisk omfattende og visuelt interessant oppleving som på nokon måte mogleg. Og dei har langt på veg lukkast: Frå første sekund følest dette som ei utstrekning – ein parallell dimensjon om du vil – av eit allereie velkjent Marvel-univers, og dette gjer det lett å finne seg til rette i skoa til de ulike heltane.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Marvels' Avengers

Necromunda: Underhive Wars

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 8. september

Necromunda byr på digre, mørke kamparenaer.
Focus Home Interactive

Om du fekk med deg det herleg brutale taktiske spelet Mordheim: City of the Damned for nokre år sidan, er Necromunda: Underhive Wars spelet for deg. No har utviklarane hos Rogue Factory byta ut Warhammer Fantasy til fordel for mørke framtidsvisjonar, og presenterer sin versjon av miniatyrspelet Necromunda. Dette spelet slektar mykje på Mordheim, og du må ta kontroll over ein gjeng som skal ta opp kampen mot andre gjengar under jordskorpa der alt er mørkt og farleg.

Spelet er taktisk og turbasert og vil by på ei rekke ulike roller for krigarane dine. Dei kan spesialiserast med ei rekke ulike eigenskapar, våpen, visuelle justeringar, samt permanent skade som kan både gje krigarane bonusar og negative baksider som tvingar deg til å tenkje nøye over kva du gjer.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Necromunda: Underhive Wars

13 Sentinels: Aegis Rim

Plattform: PlayStation 4
Ute: 22. september

Eit knippe av dei du skal bli kjend med i 13 Sentinels: Aegis Rim.
Atlus

13 Sentinels: Aegis Rim er det nye spelet til den respekterte japanske utviklaren George Kamitani og hans studio Vanillaware. Dei har gjort seg kjende med spel som byr på slåande visuelle stilar som får todimensjonale bilete til å vakne til live, og har laga spel som Odin Sphere og Dragon's Crown.

13 Sentinels: Aegis Rim bryt litt med dei sideskrollande opplevingane studioet har bydd på tidlegare. Sideskrollinga er tilbake, men først og fremst i seksjonar der historia skal forteljast, og der du skal bli betre kjend med dei heile 13 hovudpersonane. Deretter tek du turen ut i hektiske kampar i fugleperspektiv der du kjempar mot digre kaiju-monster og robotar frå framtida. Høyrest ut som ein heilt vanleg dag i Tokyo.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på 13 Sentinels: Aegis Rim

Mykje for dei fleste

Det var vel få som trudde Kingdoms of Amalur skulle stå opp frå dei døde.
THQ Nordic

Det blir ein intens månad for alle som vil få med seg det som er av nyhende i september. Vi får naturlegvis den årlege dosa med sportspel. Både FIFA 21, eFootball PES 2021 Update (Konami droppar eit heilt nytt spel i år, til fordel for ei billegare, frittståande oppdatering av fjorårets spel), NBA 2K21 og wrestlingspelet WWE 2K Battlegrounds skal ut denne månaden.

Litt sporsleg blir det vel òg når Tony Hawk er tilbake med Tony Hawk's Pro Skater 1 and 2. Medan vi er på fire hjul kan det passe å nemne at rallyspelet WRC 9 kjem i september, og det same gjer Inertial Drift, eit 90-talsinspirert racingspel der poenget er å drifte ved å bruke begge analogstikkene på kontrollaren din.

Nok om det. Ein haug med ganske interessante indiespel er på veg denne månaden. Ta til dømes Here Be Dragons, eit spel der du får jobben med å gjere kål på alle havmonstera i atlanteren, slik at Columbus kan kome seg til Amerika utan større problem.

Fleire strategiske kampar blir det i Star Renegades, eit taktisk rollespel med lekker pixelgrafikk. Meir rollespelmoro blir det i Tears of Avia, eit spel som hentar det meste av inspirasjonen sin frå japanske rollespel. Meir japansk inspirasjon finn vi i Bullet Age, eit actionplattformspel der både kuler og nærkamp blir viktige verkemiddel for å kome sigrande i mål.

Ary and the Secret of Seasons byr på eit møte med den unge jenta Aryelle som kan manipulere årstidene for å hamle opp med utfordringane spelet kastar hennar veg. Skulle du derimot trenge ein god, gammaldags grottekravlar er kanskje Going Under spelet for deg. Her skal du utforske deg heimsøkte ruinane av mislukka teknologiselskap. Under jorda er det òg gode sjansar for at du finn mykje moro i Spelunky 2.

Får vi spele Baldur's Gate III snart, Larian?
Vanillaware

Eit norsk indiespel kjem òg ut denne månaden. I Embracelet skal du ta turen til Nord-Noreg for å oppklare mysteriet rundt fortida til bestefaren dine.

Om du ikkje får nok strategi med Iron Harvets og Crusader Kings III, er det godt mogleg litt handel og herredøme i Det karibiske hav er tingen for deg i Port Royale 4.

Som dei fleste månader kjem det ein liten bunke gamle spel i ny innpakning. Mest spanande av dei er kanskje Kingdoms of Amalur: Re-Reckoning, ein oppussa versjon av spelet som i tillegg byr på ei dose heilt ferkst nytt innhald. Hakket meir enn ditt typiske oppussingsprosjekt altså.

Om det likevel blir heilt feil for deg, kan det kanskje freiste med Crysis Remastered, eller kanskje Mafia: Trilogy, eller meir spesifikt Mafia: Definitive Edition.

Heilt til slutt må vi nesten ta med Baldur's Gate III, eit spel som eigentleg skulle ut i Early Access i august, men blei utsett til siste dag i september heilt på tampen. Vi får krysse fingrane for at det ikkje blir utsett ein gong til.

Det var alt for no, god speling, og sjåast neste månad.

Siste fra forsiden