Der var vi så og seie i mål. Enda eit år er over, og det er eit år som har vore fyllt med fantastiske spel frå start til slutt. Vi har nett lagt bak oss ein sterk månad der vi har kosa oss med spel som Kirby Air Riders, DISPATCH, Hyrule Warriors: Age of Imprisonment og gjensynet med trollmannen Simon i Simon the Sorcerer Origins.
Året er derimot ikkje over heilt enno, og sjølv om desember raskt kan bli den rolegaste spelmånaden, har vi definitivt nokre spanande spel i vente.
Marvel Cosmic Invasion
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 1. desember
Om du er fan av gamle, sideskrollande actionslåstespel som Double Dragon og diverse Turtles-spel, og samstundes diggar vaksne folk som kler seg opp i fargerike og tettsitjande kostymer, er Marvel Cosmic Invasion laga for deg.
Dette er, tradisjonen tru, eit sideskrollande slåstespel der du i rolla som diverse superheltar frå Marvel-universet skal banke skurkar i ei piksellert retroverd. Du kan spele aleine eller saman med opp til tre spelarar, og kvar spelar må velje seg to superheltar som dei kan byte mellom når dei vil. Alle heltane kjem med heftige angrep og unike eigenskapar, og med 15 Marvel-heltar å velje mellom, bør superheltpublikummet få seg litt herleg samarbeidsmoro.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Marvel Cosmic Invasion
Sleep Awake
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 2. desember
I det psykedeliske horrorspelet Sleep Awake reiser vi til den siste byen på jorda. Av mystiske grunnar forsvinn dei som søv, og i eit desperat forsøk på å halde seg i live, prøvar innbyggarane i byen å halde seg vakne for ein kvar pris. I kjølvatnet av søvnforsvinningane har det oppstått diverse fanatiske kultar og fraksjonar som krigar mot kvarandre i den tru dei har den eine, rette måten å halde seg vakne på.
Spelet kjem til oss frå blant anna Cory Davis som stod som regissør for Spec Ops: The Line. Musikken er det den langvarige Nine Inch Nails-gitaristen Robin Finck som står for, og vi blir lova eit surrealistisk og psykedelisk mareritt for alle som tør bli med hovudpersonen Katja på hennar farlege reise for å halde seg vaken.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sleep Awake
Metroid Prime 4: Beyond
Plattform: Switch, Switch 2
Ute: 4. desember
Det har gått nesten ufattelege 18 år sidan førre gong vi fekk dra på eventyr med Samus Aran i Metroid Prime-serien. Vi har riktig nok fått reise på eventyr i Metroid Dread, men det var noko hakket anna enn kva Metroid Prime-fansen var ute etter. No er det derimot klart for eit flunkande nytt Samus-eventyr i førsteperson. Her kan vi vente oss mykje spanande utforsking, skyting, skanning, hopping og rulling, og ein heil haug med spanande Samus-krefter.
Spelet får nokre eksklusive Switch 2-funksjonar for dei som har hoppa over til Nintendos nyaste konsoll. I tillegg til å få hakket kvassare grafikk, vil Switch 2-spelarane få velje å bruke musekontrollar for å styre Samus, og skyte ned dei mange fiendane spelet kastar din veg.
Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Metroid Prime 4: Beyond
Octopath Traveler 0
Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 4. desember
Serien som starta HD-2D-trenden er tilbake med eit nytt innslag. Dette spelet får ein drøss med endringar som bør gjere dette til ei ganske anna oppleving enn det Octopath Traveler-spela har bydd på så langt. I staden for å velje ein rollefigur som òg bestemmer kvar i verda forteljinga startar, lagar du no ein eigen figur, og du startar eventyret i landsbyen Wishvale. Etter eit brutalt angrep blir landsbyen jamna med jorda, og reisa di for å bygge den opp igjen startar.
I løpet av eventyret får du rekruttere heile 30 ulike heltar som kan krige saman med deg, og det turbaserte kampsystemet er tilbake, men no kan heile åtte krigarar vere med i kamp, der fire er aktive, men dei andre kan bytast inn etter behov. Spelet lar deg òg bygge opp igjen Wishvale slik du sjølv vil, og invitere folk rundt omkring i verda til å flytte dit.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Octopath Traveler 0
Thief VR: Legacy of Shadow
Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 4. desember
Etter at Thief frå 2014 fekk ei noko lunken mottaking, var det mange som tenkte at det var det for den klassiske snikespelserien, men den gong ei. I år er Thief-serien tilbake, men i ei noko ny innpakning. Vår gamle helt Garret har tilsynelatande pensjonert seg, og i staden får vi tre inn i rolla som ei jente som går under namnet Magpie.
I hennar skor får vi farte rundt i ei mørk verd eksklusivt i VR. Med brillene på skal du snike, stele og godt mogleg må du gå til kamp mot nokre fiendar òg. Spelet lovar at du skal få utfalde deg som ein skikkeleg middelaldertjuv. Du får klatre over hustaka, snike gjennom mørke bakgater og nappe ting rett ut av lommene til vaktene som leitar etter deg.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Thief VR: Legacy og Shadow
Skrekkelege robotar
Har vi hellet med oss blir dette månaden då det kjempespanande actionspelet Terminator 2D: NO FATE omsider lanserast. Her får vi Terminator 2 i pikselgrafikk, og spelet har møtt på nokre utsetjingar, men vi får tru datoen held denne gong.
I Let It Die: Inferno tek du på deg rolla som ein udødeleg skattejegar som reiser heile vegen til helvete for å finne ressursar så verdifulle at dei som finn dei kan styre verda.
Routine tek oss i staden med til ein aude månebase, der ingenting er som det skal. Med litt retro 80-talsestetikk håpar denne grøssaren å varme opp vinterkveldane.
Football Manager 26 Touch på si side lovar å by på meir av akkurat det Football Manager-fans vil ha, på Switch.
Blood: Refreshed Supply er ein ny versjon av av Blood: Fresh Supply, som var ein ny versjon av det gamle skyespelet Blood. Eit hakket nyare skytespel får vi i Rogue Point der fire spelarar kan slå seg saman for å løyse taktisk utfordrande oppdrag.
Yakuza Kiwami og Yakuza Kiwami 2 er oppdaterte Yakuza-spel som kjem til både Xbox Series S/X og PlayStation 5 i desember.
The Rogue Prince of Persia fekk god mottaking tidlegare i år, og tek no turen over til Switch og Switch 2.
Om du saknar litt dystopisk framtid for å føle deg heil, kjem Warhammer 40,000: Rogue Trader til Switch 2 denne månaden. Til Switch 2 kjem òg Assassin's Creed Shadows og Red Dead Redemption.
Til slutt er det på sin plass å ta med at Microsoft Flight Simulator 2024 kjem til PlayStation 5 i desember.
Med det kan vi ikkje gjere anna enn å takke for laget og eit spanande spelår.
God jul, godt nytt år og god speling.