Dragon Age: Dreadwolf

Dette er namnet på det nye Dragon Age-spelet

Dragon Age: Dreadwolf er det neste prosjektet i den populære serien frå BioWare.

Arkivbilete frå Dragon Age: Inquisition.

BioWare har hatt ein del mislukka prosjekt dei siste åra. Både Anthem og Mass Effect: Andromeda blei skuffande lanseringar for utviklaren, og Dragon Age: Inquisition frå 2014 er kanskje det mest omdiskuterte spelet i Dragon Age-serien.

No har BioWare bekrefta namnet på det fjerde spelet i serien. Kanskje dette blir spelet som drar BioWare-namnet ut av søla igjen?

Dragon Age: Dreadwolf blei vist fram i ei kort pressemelding torsdag kveld.

Solas, ein alvetrollmann kjend frå tidlegare spel, blir skurken i spelet. BioWare har få detaljar å kome med om spelet elles, anna enn at det blir ei oppleving i kjend Dragon Age-stil.

Meir info kjem

Ein treng ikkje å ha spelt dei andre spela for å oppleve dette, heiter det i pressemeldinga

Utviklaren la ut ein teaser for spelet i 2018, så det er ei stund sidan prosjektet blei kjend.

Det er førebels uvisst når spelet blir lansert, men me kan vente oss meir informasjon i løpet av året.

Siste fra forsiden