Draculas son tar deg med på demonjakt

Vampyrspelet Castlevania: Lords of Shadow 2 blir større.

Om du var ein av dei som kosa deg med Mercury Steams ferske vampyreventyr Castlevania: Lords of Shadow 2 har spanskane meir action i vente. I ei pressemelding har dei kunngjort at dei gjer det allereie store eventyret enda større. I den første biten med nedlastbart innhald får vi ta på oss rolla som ingen ringare enn Draculas son Alucard.

Historia i utvidinga som har fått namnet Revelations går føre seg før historia i Lords of Shadow 2. Vi følgjer campyren Alucard som kjempar møt mørkrets krefter i påvente av at Dracula skal kome tilbake.

Alucard vil by på sine eigne krefter, og i følgje pressemeldinga vil blodet frå fiendane hans gjere han sterkare. I likskap med sin far Dracula vil han òg kunne endre form, og vil kunne gjere seg om til ein ulv eller flokk med flaggermus. Det heile vil bli tilgjengeleg frå og med 25. mars.

Demonjakt i moderne tid

Alucard varmar opp til møtet med sin far.

I Castlevania: Lords of Shadow 2 har Mercury Steam skrudd klokka 1000 år fram i tid. Frå den fantasifulle middelalderverda vi møtte i det første Lords of Shadow-spelet, møter vi i oppfølgjaren ein moderne by bygd rundt eit massivt slott. I nattas mørke må vi i rolla som Dracula ta opp kampen mot beist som har lite til overs for den legendariske blodsugaren.

Vi var særs lite imponerte over det vi fekk prøve, og meinte spelet på ingen måte makta å leve opp til standaren det første spelet sette, og gav det fire av ti poeng:

«Eg har ikkje vore så demotivert for å spele eit spel på lang, lang tid. Å kome seg gjennom spelet har vore ei utfordring av den grunnen aleine. Det har absolutt sine høgdepunkt, og enkelte kampar kan vere svært underhaldande, men den totale pakka er for svak. Hadde utviklarane høvla bort halvparten av det unødige fyllstoffet spelet byr på kunne dette blitt riktig så bra. I staden har vi fått eit overvektig spel som manglar mål og meining.»

Om du har ein fascinasjon før døde ting som likevel tek beina fatt, lanserte Telltale Games nett den andre episoden frå The Walking Dead Season Two.

Siste fra forsiden