Dragonborn til PC og PS3

Snart får endeleg PlayStation 3-folket utvide Skyrim.

I morgon lanserast Dragonborn for Xbox 360. Dette er den tredje utvidinga til The Elder Scrolls V: Skyrim, og vil la deg utforske område vi tidlegare fekk utforske i The Elder Scrolls III: Morrowind. Samtidig skal du kunne temje dragar, og ikkje minst møte ein kar som har ei høne å plukke med alle som trur det berre finnest ein dragefødd krigar i verda.

Så langt har alle dei som kjøpte Skyrim til PlayStation 3 sedd seg nøydde til å sjå langt etter alle utvidingar. Både Dawnguard og Heartfire har vore eksklusive for Xbox 360 og PC, og utviklarane hos Bethesda har vore klare på at dette er deira eigen feil, sidan dei slit med å få ekstrainnhaldet til å fungere skikkeleg på PlayStation 3.

Dette kan no omsider vere i ferd med å endre seg, om vi skal tru i ny oppdatering på Bethesda sin blogg. Der får vi vite at sjølv om Dragonborn berre blir lansert på Xbox 360 i morgon, er det på veg til både PC og PlayStation 3 tidleg neste år.

Det mest oppløftande ein kan lese i blogginnlegget er små hint om kva som vil skje i det nye året:

«Vi er enno ikkje ferdige, og ser fram til å dele fleire nyhende om Skyrim neste år!»

Får vi endeleg sjå Dawnguard og Hearthfire på PlayStation 3?

Skyrim blei eitt av redaksjonens store favorittspel i fjor, og Joachim smelte til med ein solid tiar på skalaen, og avslutta vurderinga si med desse orda:

«Skyrim fengslar meg med si storslegne verd og sitt djupe univers, og når eg etter over åtti timar med spelet framleis gler meg hemningslaust til å fortsetje spelinga er det klart at dette er eit einspelarspel utanom det vanlege. Eg elskar Skyrim, og det er faktisk mogleg det har gått forbi Morrowing og plassert seg som mitt favorittrollespel gjennom tidene.»

Les også: Slik har du aldri sett Skyrim
Les også: Neste Skyrim-utvidelse tar form

Kommentarer (23)

Forsiden akkurat nå

Til toppen