Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Verdshistoria skal byggjast, hjernen skal studerast og nye verder skal utforskast.

Amazon, Sega, Annapurna Interactive, Double Fine (Montasje: Gamer.no)

Sommaren byrjar å dra på hell, ufordrageleg raskt som alltid, og med det er det som vanleg tid for eit lite tilbakeblikk på kva som har skjedd dei siste vekene. Vi har kika både på ein Resident Evil-serie på Netflix, lest Volveren (The Witcher på norsk), samt kika på nokre spel av jamt over god kvalitet.

Månadens beste spel må vel kunne seiast å vere det utfordrande og smått sjarmerande Death's Door, medan både The Legend of Zelda: Skyward Sword HD og Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin bydde på mange timar med god underhaldning.

Og med det set vi over det vi tippar vi oppta mesteparten av fritida vår i vekene som kjem.

Humankind

Plattform: Windows, Mac, Stadia
Ute: 17. august

Kan Humankind ta opp kampen mot Civilization.
Sega

Humankind er eit strategispel i same gate som Civilization-serien. Her skal vi leie ein sivilisasjon gjennom seks tidsaldrar, der vi startar som nomadar, og endar opp som avanserte sivilisasjonar. Eit interessant aspekt ved Humankind er korleis du kan forme sivilisasjonen din. I kvar tidsalder kan du velje blant ti ulike historisk baserte sivilisasjonar. Frå desse får ein både plussar og minusar, og over tid utviklar ein sin eigen heilt unike sivilisasjon.

Som i dei fleste strategispel må du utvide riket ditt, krige mot eventuelle rivalar, og ikkje minst utvikle ny og meir avansert teknologi for å bli den leiande sivilisasjonen. Spelet hentar både inspirasjon og hendingar frå vå eiga historie, men gjev deg moglegheita til å skrive den om fullstendig.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Humankind

12 Minutes

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 19. august

I 12 Minutes må du leve 12 minutt om att, og om att, og om att.
Annapurna Interactive

12 Minutes er noko ganske anna enn vi er vande med her på huset. Dette eventyret introduserer oss for ein mann som i løpet av 12 minutt får vite at kona er gravid, og får besøk av ein politimann som drep kona fordi han meiner ho drap far hans. Så fort dei 12 minutta er over, er det tilbake til start, og den einaste som hugsar kva som er skjedd er mannen.

Din jobb i alt dette blir å prøve å setje ein stoppar for galskapen, finne ut kva som har skjedd, og naturlegvis redde kona di og ditt ufødde born frå i bli drepne av ein rasande politimann, 12 minutt om gongen. Det er mildt sagt spesielt, og med stemmeskodespel frå James McAvoy, Daisy Ridley og Willem Dafoe, er det gode sjansar for ei godt fortalt historie.

Les også
Anmeldelse: King's Bounty II

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på 12 Minutes

King's Bounty II

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 24. august

King's Bounty II byr på strategiske kampar.
1C Entertainment

Det har vore ein haug med King's Bounty-spel på marknaden opp gjennom åra, men først no er det klart for King's Bounty II. Den noko spesielle namnegjevinga til tross, dette kan vere spelet å vente på for dei som diggar strategiske rollespel med soldatkontroll. Serien er faktisk inspirasjonskjelda for den langt meir kjende Might & Magic: Heroes-serien.

I King's Bounty II får du velje mellom tre ulike personar som byr på ulike historier der handlingane dine avgjer framtida. Du må samle inn soldatar og byggje opp ei effektiv hær du kan ta med deg i kamp mot både bandittar, monster og andre fiendar. Som forventa frå serien byr dette spelet òg på turbaserte, taktiske kampar der terrenget får mykje å seie for korleis du må gå fram.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på King's Bounty II

Psychonauts 2

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Linux, Mac
Ute: 25. august

Raz er endeleg klar for nye eventyr.
Double Fine

Det har gått heile 16 år sidan Tim Schafer og Double Fine lanserte Psychonauts. Sidan den tid har spelet gått frå å vere ein finansiell nedtur, til å bli ein kultklassikar som fekk folkefinansiert ein oppfølgjar. Hovudpersonen Raz er tilbake, og med dine psykiske krefter skal du kome deg gjennom ein haug med absurde utfordringar. Det blir action og plattform av ein sort vi ikkje ser alt for mykje av for tida, og vi likte svært godt det vi såg då vi nyleg fekk ta ein kikk på det:

«Etter å ha kosa meg med Psychonauts 2 i fleire timar, ser det ut til at eg får akkurat det jeg ynskja meg. På mange måter følest det som det same spelet eg elska for så lenge sidan. Men med ny historie, heilsprø brett, superkule krefter, eit solid gameplay, nokre forbetringar her og der og betre grafikk.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Psychonauts 2

New World

Plattform: Windows
Ut: 31. august

New World er eit påkosta nytt MMO.
Amazon

Det er ei stund sidan alle og hundane deira skulle lage sitt eige MMO. Dei fleste har vel moglegvis innsett at vi snakkar om ei enorm investering som ikkje nødvendigvis er den melkekua ein tidlegare håpa på. I år er det derimot klart for eit flunkande nytt og påkosta MMO, denne gongen frå pengebingen til Amazon.

Her reiser vi som namnet hintar om til ei ny verd. Denne nye verda er full av magi og ukjende under, og der skal du skape deg eit namn, og finne deg til rette hos ein av tre fraksjonar. Spelet hentar ikkje berre inspirasjonen sin frå kva andre MMO-spel har gjort før, men og mykje frå survival-sjangeren som har vakse seg stor dei siste åra. Av spesiell interesse er kampsystemet som satsar vel så mykje på action, timing og posisjonering, som på kva nivå du er og taktikkane du brukar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på New World

Romvesen og avgrunn

Er Aliens: Fireteam Elite det Alien-spelet vi fortener?

Som dei fleste månadar hiv vi oss vidare i det med spel som dukkar opp på nye platformer. Blant dei finn vi først og fremst det fenomenale Hades, som allereie er ute på PC og Switch, men no endeleg kjem til Playstation, og Xbox.

Vidare finn vi fjorårets Xbox- og Windows-eksklusive The Falconeer, som no kjem i ny utgåve til PlayStation og Switch. Tidlegare PlayStation 5-eksklusive Godfall tek turen til PlayStation 4. Om vi held oss ei lita stund i PlayStation-land kan vi nemne at Ghost of Tsushima kjem i ny utgåve, og den vil lande på både PlayStation 4 og PlayStation 5. Enda eit spel som kjem til PlayStation 5 er Sniper Ghost Warrior Contracts 2.

Og med det hiv vi oss over flunkande nye spel. Vi startar like godt med månadens årlege innslag, i form av det amerikanske fotballspelet Madden NFL 22.

Det neste spelet på lista er actionrollespelet GRIME. Her du skal bruke eit levande våpen for å pryle fiendar i ei grim og mørk verd. Om vi held oss til mørke rollespel kan vi nemne Black Book, eit spel tungt inspirert av 1900-talets russiske folkeeventyr.

Eit hakket lystigare eventyr får vi i form av Baldo: The Guardian Owls, eit fargerikt spel inspirert av både Zelda og Studio Ghibli.

Vidare finn vi Shadowverse: Champion's Battle, eit rollespelkortspel basert på ein anime basert på eit digitalt samlekortspel.

Om det blei ein hakket for stor munnfull kan vi danse galant vidare til Road 96, eit prosedyrisk generert eventyrspel der du skal utforske mystiske landevegar. Foreclosed er på si side eit Cyberpunk-eventyr der du skal løyse konspirasjonar. Eit kort hopp vidare finn vi Recompile, eit Metroidvania-inspirert spel der du skal hacke og utforske ei virtuell verd.

Om du treng ei litt større verd å utforske freistar Switch med No More Heroes 3 denne månaden. For dei som treng hakket meir action enn som så er kanskje Aliens: Fireteam Elite spelet for deg. Her skal du saman med ei gruppe spelarar gjere ditt aller beste for å overleve i møte med blodtørstige xenomorphs. Vi får håpe det blir betre enn Aliens: Colonial Marines.

Og med det det seier vi takk for no, og håpar du nyt dei siste vekene med sommar.

Siste fra forsiden