Anmeldelse

Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin

Lettbeint og fargerikt monstereventyr

Eit underhaldande eventyr som kunne hatt godt av meir variasjon.

Capcom

Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin hadde hatt godt av å vere det første Monster Hunter-sidespranget. Dette er berre andre gong Capcom har tatt eit ny vri på den vilt populære Monster Hunter-serien, men av dette spelet å døme kunne ein tru desse sidespranga var legender i seg sjølv. Det er i alle fall slik Monster Hunter Stories 2 ser på si eiga førhistorie. Historia i dette spelet handlar strengt tatt meir om helten i det første spelet (som er bestefaren til dette spelets hovudperson) enn det handlar om di eiga historie, og det er til å bli galen av.

Eg vil tippe dei fleste som spelar dette spelet ikkje har spelt det første, av den enkle grunn at dette er eit spel på ei heilt ny plattform, og Monster Hunter-serien ikkje enno hadde nådd sin enorme popularitet i vesten då det første Stories-spelet blei lansert for fem år sidan. Det blir såleis litt rart når alle spring rundt og snakkar om kor fantastisk den hersens bestefaren din var.

I landsbyane kan du oppgradere utstyret ditt, og finne nye eventyr.
Capcom

Spesielt ille blir det når vi har med ein stum hovudperson å gjere. Dialog må vi likevel ha, og då får vi atter ein gong lide under japans besettelse med maskotfigurar. Dette er ikkje tull, alt i Japan har ein maskot, til og med små butikkar ingen har høyrt om. Ein maskot kan nesten framstå som symbolsk med sjølve livet i Japan, og sjølv om gode maskottar er få og fjerne, skal dei pressast inn i alt, koste kva det koste vil.

Så no skjønar du sikkert kva som ventar: nøyaktig det same som tjuefiretusen gongar før; ein stygg liten lodott med talefeil og stemmespel som gnir seg inn i hjernebarken om gjev deg tinnitus om du ikkje allereie hadde det frå før.

Smidig inngangsportal

Som sin forgjengar er Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin eit skikkeleg godt, gammaldags tradisjonelt japansk rollespel. Reint bortsett frå den irriterande maskotten som aldri held kjeft, er det ei triveleg verd vi reiser til. Den er fargerik og innbydande, med god musikk som klirrar i bakgrunnen. Oppstarten er uhyre god, og set deg inn i alt det du treng vite både kjapt og effektivt, og før du veit ordet av det fartar du rundt i eit grønt ferieparadis medan du nedkjempar nokre monster, plukkar nokre urter, sankar nokre edle steinar, og jamt over let samlemanien ta over medan du kosar deg i sommarsola.

Sidan dette er eit Monster Hunter-spel, seier det seg sjølv at vi vil finne ein del monster her, og du vil ikkje bli skuffa. Her finn vi mange kjende monster frå Monster Hunter-serien, om enn i ei litt meir fargerik form. For ein Monster Hunter-veteran vil alt vere velkjent. Skapningane susar rundt i terrenget og kan jaktast for å sanke ressursar til seinare bruk.

I dei fleste Monster Hunter-spel er det monsterjegarane vi møter på, men her møter vi ei anna gruppering av folka som bur i verda; monsterryttarane. Du trer inn i rolla som ein av dei, og du kan ta med deg monster på eventyr for kjempe side om side med dei, i staden for berre mot dei.

Kampsystemet er kjapt og enkelt, men kan absolutt by på ei og anna utfordring.
Capcom

Godzilla vs.Kong

Kampsystemet i Monster Hunter Stories 2 set seg godt til rette i den nye generasjonen med knallgode turbaserte kampsystem. Monster Hunter Stories 2 går befriande rett på sak, og byr ikkje på ein haug med eigenskapar og angrep som ein skal prøve å finne bruk for. Her nyttar vi i staden eit stein, saks, papir-prinsipp der du vel mellom tre forskjellige typar angrep, kjenner du fienden din vil du lett kunne finne rett taktikk, og såleis kome betre ut i kamp.

Fullt så banalt er det likevel ikkje. Ein må tenkje over kva våpen ein til ei kvar tid brukar. Å ta ned eit monster handlar ikkje berre om å fire ned helselinja, men ein skal knuse kroppsdelar ein etter ein, og for å gjere det effektivt må ein bruke rett våpen. Sverd er kanskje bra for å kappe av ein hale, men for tungt armerte monster gjer det seg best med ei god slegge.

Kampsystemet er kjapt, og er spesielt bra når du kjem i kamp mot nye fiendar du ikkje kjenner så godt, eller i større og viktigare kampar mot spesielle og unike monster som krev litt ekstra. Det er i desse kampane spelet verkeleg skin, og sjølv om det er langt frå dette til vanlege Monster Hunter-spel, får ein litt av den same kjensla når ein metodisk tek ned eit massivt beist, bit for bit.

Eg skulle ynskje fokuset hadde vore litt større på å kanskje ha færre, men større kampar. Det blir etter kvart mykje av det same i dette spelet, og å kjempe mot det same monsteret ti gongar er ikkje så moro når ein har lært seg korleis det opererer. Då går ein på autopilot og mistar mykje av entusiasmen. I det minste kan du automatisk vinne slike kampar om du er mykje sterkare enn fienden, men det er først når monstera er så svake at dei knapt byr på noko målbart utbytte lenger, med mindre ein skal sanke monsteregg.

Kroppsdelar skal øydeleggjast, ein etter ein.
Capcom

Spelet gjer eit stort poeng ut av å samle flest mogleg av desse monsteregga slik at ein kan klekke dei og utvikle dei for å prøve ut og utnytte alle forskjellane. Strengt tatt er ikkje det eit element av spelet som fungerer så godt som ein skulle ynskje. Ved sidan av nokre unike eigenskapar i felten, er forskjellane på dei ulike monstera først og fremst kosmetiske. Dei oppfører seg stort sett likt, og sjølv om du vil kunne ha utbytte av å byte monster basert på element og angrep, vil du lett kunne suse gjennom så og seie heile spelet ved å utelukkande bruke eitt av dei. Akkurat dette slår litt bein under heile monstersamledynamikken, men spelet har nok av andre ting du kan rette fokuset mot.

Meir variasjon, takk

Historia tek deg med frå den eine landsbyen til den andre der du møter folk, får nye oppdrag, og kan ta turen til stallen for å sjekke monstera dine, eller til smia for å smi nytt, eller forbetre utstyret ditt. Alt er veldig likt Monster Hunter-serien, heilt ned til lyd og grensesnitt. Det er forenkla ned til det nesten banale, men du har likevel mykje å velje i. Du endar kjapt opp med ei lang liste våpen og rustningar å lage, og det er ikkje fritt for at ein kjem inn i mykje av den same stemninga som andre Monster Hunter-spel byr på.

Det som skil seg dramatisk frå serien elles er heilt klart grafikken som i sterk motsetnad til andre Monster Hunter-spel her går for ein fargerik anime-stil. Det fungerer veldig godt, og spelets monster taklar overgangen utmerka. Som vanleg frå Capcom leverer dei noko verdt å sjå på, men etter at dei imponerte med å vise kva dei kunne presse ut av Switch med Monster Hunter Rise, er dette likevel ein nedtur.

Joda, folka, monstera, landsbyane og ikkje minst kampane ser bra ut, men verda elles? Dette er nokre av dei mest keisame og uinspirerte områda eg har vandra gjennom på lang, lang tid. Sjå eit skjermbilete frå ein enkelt stad, og du har strengt tatt sett alt den har å by på. Det er einsformig, uinspirert, og ber preg av å vere skrudd saman med litt vel mykje klipping og liming. Akkurat dette er ein bisarr kontrast til serien elles, som jamt over byr på veldig god nivådesign der kvart område er nøye gjennomtenkt og ingen krik er like den andre kroken.

Spesielt når du går inn i grotter blir det nesten pinleg tydeleg at spelet er sett saman av eit lite knippe byggeklossar. Dette er ikkje uvanleg i spelutvikling, men i Monster Hunter Stories 2 kan heile rom vere ein byggekloss, og når du har gått gjennom den same grotta, skrudd saman av dei same to, tre byggeklossane eit ukjent antal gongar, blir det fullstendig uinteressant. Kjensla av å ha gjort det same om igjen for mange gongar kryp inn over deg for tidleg, og det er ei kjensle som vanskeleg slepp taket når den først har fått etablere seg. Det er moro å spele Monster Hunter Stories 2, men verda er keisam.

Konklusjon

Visst er det triveleg, men repetisjonen set raskt inn.
Capcom

Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin er eit spel med mange positive kvalitetar som ikkje heilt når dei høgdene det sjølv legg opp til å kunne nå. Dei fleste av dei enkeltståande elementa fungerer utmerka, og spelet vil regelmessig by på mykje god underhaldning. Det visuelle er flott, musikken er sjarmerande, kampsystemet er engasjerande og underhaldande, medan ein alltid endar opp med å bruke mykje tid i landsbyen når ein skal uruste seg litt betre.

Det er i all houvsak to ting som trekk ned: Historia kunne lett ha vore underhaldande nok om ein hadde droppa det meiningslause maset om helten frå det første spelet, og ikkje minst set fyr på maskotten Navirou til berre fint støv var igjen. Deretter hadde eit fokus på betre nivådesign gjort mykje for å gjere spelet betre i lengda.

Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin er eit spel som er veldig moro å spele i ein time eller to, før ein brått blir akutt lei og ha ei pause. Det er noko som for all del kan passe mange midt i blinken, men eg held ein knapp på spel du berre motvillig legg frå deg.

7
/10
Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin
Eit spel med mange positive kvalitetar som ikkje heilt når dei høgdene det kunne ha nådd.

Siste fra forsiden