Anmeldelse

Volveren – Det siste ønsket

Best på norsk!

Geralt er i betre form enn nokosinne.

CD Project Red

The Witcher-serien har blitt eit populærkulturelt fenomen det siste tiåret. Det tredje spelet i serien gjorde Geralt og gjengen til verdskjendisar, og sidan har Netflix gjort dei endå meir kjende. Witcher-universet har lenge hatt ein ikonisk status i Polen, noko som blei skildra fint av gongen då tidlegare USA-president Barack Obama kom på besøk i landet.

Dåverande statsminister Donald Tusk gav han nemleg eit eksemplar av The Witcher 2 og to av bøkene, for Witcher-serien var allereie i 2011 ein viktig del av den polske nasjonalidentiteten.

Sjølv elska eg bøkene då dei først kom ut på engelsk. Bøkene engasjerte meg nok til at eg printa ut lange PDF-filer med omsetjingar laga av fans, og eg trålte igjennom dei på nytt då dei kom i offisielle, engelske versjonar.

Men no byrjar det å bli veldig mange år sidan.

I fjor kom det – endeleg – norske omsetjingar av nokre av dei første bøkene. Omsetjarane Agnes Banach og Julia Wiedlocha tar oss med på ei reise inn i Andrzej Sapkowskis univers, denne gongen med volveren.

Eg er litt (ok, veldig) på etterskot med omtalen min av Det siste ønsket, men det får så vere. Dette er bøker som bør lesast.

Kom og set deg ved bålet

Dei to første bøkene i Witcher-serien er samlingar av noveller som introduserer oss til volvaren Geralt og venene hans. Det er fantasyforteljingar av den gamle skulen. Nokre flosklar finn du nok her og der, men dette er historier av typen som får deg til å tenkje på seine kveldar ved leirbålet, der forteljarrolla går på rundgang.

Det siste ønsket er den første av åtte bøker om volvaren Geralt av Rivia.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Novellene gir små drypp av eventyr som drar oss meir og meir inn i verda til den bryske, munnrappe og barmhjertige volvaren Geralt. Sapkowski har eit talent for å skape univers ein kan drøyme seg vekk i, og lar oss leve ut barndomsfantasiar om heftige sverdkampar og mektig trolldomskunst.

Me møter den eigenrådige trollkvinna Yennefer, den stakkars kongedottera som har blitt om til eit monster av verste sort på grunn av andre sine handlingar, alvefolket som blir jaga vekk av menneska, den mystiske krigaren Renfri og mange andre.

Alle saman har dei ei soge å dele med deg ved bålet.

Det siste ønsket er, som alle dei andre Volveren-bøkene, forteljingar om kjærleik, vennskap og moral. Verda til Volveren er grunnleggjande urettferdig, og Geralt er ein slags riddar for dei svake – ein som sjølv veit korleis det er å stå utanfor det etablerte. Saman med hesten, og av og til musikaren Solai, får me følgje Geralt på vegen rundt i krigsherja og mystiske landskap.

Geralt kjemper òg mot si eiga skjebne som volver. Han er ein skapning som har gjennomgått eit grotesk ritual for å ta vekk det meste av det som gjer ein til menneske. Volvarane er monsterdreparar av yrke, men det er ikkje uhyra som er tilgrisa med blod og flekkar tenner mot deg er dei verste i verda til Geralt.

Det er heller du og meg.

Best på norsk

Sapkowski har aldri vore nokon stor teknikar. Språkføringa hans er særs enkel, og tidvis ganske klønete. Han er først og fremst kjend for den engasjerande verdsbygginga, den tørre humoren og eit knippe fargerike figurar. Sjølv syns eg strengt tatt CD Projekt RED har gjort ein betre jobb med kjeldematerialet, men spela ville ikkje fungert utan Sapkowkis verd og figurar.

Det er litt rart å lese om Geralt på norsk etter å ha opplevd serien så mange gongar på engelsk. Men det verkar fort naturleg. Prosaen får ein heilt anna kvalitet i denne omsetjinga, og eg har kost meg med omsetjingane av alle dei rare og uhyggelege beista me og Geralt møter på eventyra hans. Her ligg det ein del research bak.

Polsken min strekkjer ikkje så mykje lenger enn til ymse bannord eg har plukka opp i CS og LoL, så eg kan vanskeleg samanlikne med forfattarens visjon for boka, men Banach har løfta kvaliteten på Sapkowskis bøker monaleg. Dette er ei bok som du les best på norsk – i alle fall samanlikna med dei engelske utgåvene.

Det siste ønsket er nok farga litt av perioden ho kom ut på, for dette er ei bok med røter heilt tilbake til 1980-talet, men det er framleis noko du bør finne tida til. Sjølv om ein ikkje kan nekte for at prosaen falmar i forhold til ein del av dei moderne klassikarane innan sjangeren frå dei siste tiåra, er Sapkowskis storverk framleis ein garantist for god underhaldning, ein og annan latter og kanskje ei tåre.

No er Det siste ønsket klar for endå ein generasjon av lesarar. Kanskje du er ein av dei?

7
/10
Det siste ønsket
Eit obligatorisk innslag i moderne fantasylitteratur har blitt endå meir tilgjengeleg.

Siste fra forsiden