Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Montasje Gamer.no

Det er vel ikkje så mykje som kan seiast om april 2018 som ikkje inneheld ei referanse til God of War. Sjeldan får vi spel som så jamt over heile fjøla blir rosa opp i skyene. At spelet tek inspirasjonen sin frå vårt kalde nord og våre gamle gudar er ekstra artig. Mitt aller største ankepunkt er den fantasilause tittelen som berre gjer bevaring av gamle spel vanskelegare. Kan vi innføre ein ny regel? Aldri lov til å bruke nøyaktig same tittel to gongar? Takk.

Dei andre spela som blei lansert i april imponerte oss så lite at vi gidd ikkje nemne dei ein gong. Vi ser i staden framover mot kva russen skal bruke tida på i vekene som kjem.

Total War Saga: Thrones of Britannia

Nye slag å bryne seg på.
Sega

Plattform: Windows
Ute: 3. mai

Creative Assembly har produsert ei lang rekke Total War-spel opp gjennom åra. Fleire av dei har vore baserte på historiske krigar og fonflikter, medan andre har vore rein fantasi. Total War: Warhammer er eit godt døme på det siste. No gjer derimot Creative Assembly seg klare med ein heilt ny Total War-serie. Total War Saga-spela vil fokusere på mindre kjende konflikter

I Thrones of Britannia reiser vi til dei britiske øyene mellom 878 og 1066. Her får vi prøve oss på krig med ti ulike fraksjonar. Blant dei vil vi møte mange kongar og krigsherrar som har sett sitt merke på den britiske historia.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Total War Saga: Thrones of Britannia

Conan Exiles

Her må du klare deg meir eller mindre på eiga hand.
Bilde Funcom

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 8. mai

Conan Exiles er strengt tatt ikkje eit heilt nytt spel, sidan det har vore ute i Early Access i hakket over eit år, men no ser Funcom seg så ferdige med spelet at dei kan lansere det for fullt. Som vanleg med Funcoms Conanspel får du ikkje lov til å spele som Conan, men må i staden lage deg ein figur for å overleve i villmarka. Vi såg mykje potensiale i spelet då vi prøve det.

«Det er noko med spelet som gjer at eg med glede kjem tilbake til det, sjølv etter at eg eigentleg er ferdig med «jobben». Balansen er ikkje optimal enno, men eg kosar meg med å utforske ei stor, og spanande verd, og samtidig bygge min eigen vesle plass. Eg har såvidt byrja å skrape i mystikken og det overnaturlege som finst i spelet, og dette er noko eg gler meg til å oppleve meir av.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Conan Exile

Les også
Anmeldelse: State of Decay 2

Pillars of Eternity II: Deadfire

Rollespel akkurat slik vi vil ha det.
Obsidian Entertainment

Plattform: Windows, Mac, Linux
Ute: 8. mai

Pillars of Eternity blei ein stor suksess for rollespelstudioet Obsidian Entertainment. Det håva inn vanvittige mykje pengar gjennom Kickstarter-kampanjen, men enda viktigare; utviklarane heldt det dei lova. Vi fekk eit herleg rollespel i same stil som dei klassiske rollespela frå 90-talet.

Difor er det kanskje ikkje så rart at Obsidian raka inn store summar då dei folkefinansierte oppfølgjaren òg. Dei samla inn fire gongar så mykje pengar som dei bad om, og no er produktet lanseringsklart. Vi blir lova eit mykje større og meir omfattande spel enn forgjengaren, og spelet tek opp tråden etter hendingane i det første spelet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pillars of Eternity II: Deadfire

State of Decay 2

Drep mange zombier!
Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 22. mai

For dei som byrjar å bli litt lei av at The Walking Dead dei siste åra har handla meir om folk som ikkje klarar å samarbeide med andre folk – i staden for å slakte zombier – skal vi vere glade for at vi har spel. I State of Decay 2 kan du slakte så mange zombier du berre vil. Du kan gjere dette aleine, eller saman med opp til tre vener som er tørste på litt zombieslakt.

Det som gjer State of Decay 2 spesielt i forhold til andre spel der målet er å overleve, er at du ikkje berre spelar ein person. Her tek du styringa over eit heilt samfunn med fleire personar som alle har ulike eigenskapar og bakgrunnar. Gjennom rollespelmekanikkar vil du byggje opp ikkje berre personane, men samfunnet dei lev i.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på State of Decay 2

Detroit: Become Human

Korleis ville du ha takla livet som robot?
Bile: Sony

Plattform: PlayStation 4
Ute: 25. mai

David Cage og Quantic Dream har i alle år produsert spel med stort fokus på å fortelje ei historie. Om dei har lukkast med det finnest det delte meiningar, men at dei prøvar å gjere noko unikt og annleis er det liten tvil om. Med Detroit: Become Human får du spele som ulike robotar som må handtere møtet med vår verd og vår moral. Vi tok ein kikk på spelet under E3-messa for eit par år sidan:

«Detroit: Become Human er nok eit typisk David Cage-spel, som blandar ei sterk historie og interaktive filmsekvensar. Gjennom tallause val og konsekvensar tar spelet oss med på ei spanande reise, som tilsynelatande vil vere forskjellig for kvar gong du spelar. Detroit: Become Human verkar perfekt for spelarar som likte Heavy Rain og Beyond: Two Souls.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Detroit: Become Human

Switch-bonanza

My Child Lebensborn taklar eit vanskeleg tema.
Sarepta Studio

Mai ser ut til å bli ein fager månad om du kosar deg med Switch-konsollen din. I første rekke kjem to nye utgåver av spel Wii U-eigarar har kosa seg med ei stund allereie. Både Donkey Kong Country: Tropical Freeze og Hyrule Warriors: Definitive Edition kjem til Switch denne månaden, og om vi skal måle etter suksessen Nintendo har hatt med å gje ut andre Wii U-spel på Switch, bør dette bli god butikk.

Meir Switch-moro får vi når Little Nightmares: Complete Edition, samt Mega Man Legacy Collection 1 og 2 lanserast på Nintendos svært populære konsoll.

Etter planen skulle Dark Souls Remastered òg lanserast på Switch i mai, men det har blitt utsett til sommaren. Om du har PlayStation 4, Xbox One eller PC vil du kunne kose deg mot overmakta som avtalt.

Om dette er fullstendig uinteressant for deg, kan det kanskje smake med ei ny utgåve av ­Battlezone. Dette spelet blei opphaveleg lansert for PlayStation VR, og seinare PC, men sidan ikkje alle har VR-utstyr, likar VR, og aldri vil ha VR, har utviklarane hos Rebellion funne ut at det er like greit å lage ein VR-fri versjon. Dette blir samtidig spelets første tur innnom Xbox One.

Med det går vi over til noko heilt anna. City of Brass er ein grottekravlar inspirert av arabiske netter, og byr på action i første person. Utviklarane har jobba på både Bioshock og Bioshock 2, noko som burde love bra.

Meir førsteperson får vi i overlevelsesspelet H1Z1 som lanserast på PlayStation 4. Det same gjer det japanske actionrollespelet Little Witch Academia: Chamber in Time.

Heilt til slutt sit vi igjen med to svært ulike spel. Det eine er 3DS-spelet Dillon's Dead-Heat Breakers der Mii-figuren din og armadilloen Dillon (ha ha) må kjempe mot styggedom.

Noko heilt anna får vi i det norskutvikla mobilspelet My Child Lebensborn. Dette er eit spel som handlar om ungar som var born av norske mødre og tyske soldatar. Her går vi garantert ei tung historie i vente.

Med det takkar vi for no. Sjåast til sommaren.

Siste fra forsiden