Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Nye konsollar og etterlengta gjensyn står på programmet denne månaden.

Ein ganske så snasen månad ligg no bak oss. Herlege titlar som plattformspelet Crash Bandicoot 4: It's About Time, actionspelet Hades og grøssaren Amnesia: Rebirth har gjeve oss solid kvalitet å moro oss med gjennom månaden. Ei årleg dose FIFA leverte som regel varene, medan Star Wars Squadronnesten levde opp til forhåpningane. Noko som derimot ikkje heilt leverte var den fysisks kartraceren Mario Kart Live: Home Cicruit og det skuffande Watch Dogs Legion.

Alt dettee blir derimot berre bagatellar i samanlikning med kva som ventar i november. Endeleg er ein ny konsollgenerasjon på veg, i november lanserast både Xbox Series X/S og PlayStation 5. Heftig ny maskinvare lovar å gje oss nye og betre opplevingar, sjølv om det kan sjå ut til at vi må vente litt på akkurat dei. Det er lite av eksklusive nestegenerasjonsspel å spore i november, noko vi garantert kan leggje litt av skulda på Covid-19 for.

Når det er sagt, er det likevel ein haug med svært lovande titlar på veg i november, og vi hiv oss i det.

Assassin's Creed Valhalla

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series X/S, Windows, Stadia
Ute: 10. november

Til Valhall!
Ubisoft

Endeleg, får ein seie, tek Assassin's Creed turen til våre gamle trakter. No er det viktingtokt og norrøne mytar som står for tur, og Ubisoft lovar eit hakket meir konsentrert spel, sidan mange meinte Odyssey blei for stort. Utover det blir vi lova mykje action, vikingtokt og vakre landskap. Vi har tatt ein kikk på det:

«Håpet no er at Assassin's Creed Valhalla, med sine forskjellar og likskapar til Odyssey og Origins, byr på ei fokusert oppleving, og det verker det også som at det gjer. Den meir nordiske settinga og tematikken treff meg (ein skandinav) betre enn forgjengarane, og den meir kompakte verda fører forhåpentligvis til mindre dødtid. Pent er det, og verda engasjerar meg meir enn dei to forgjengarane, i alle fall så langt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Valhalla

Yakuza: Like a Dragon

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Xbox Series X/S, Windows
Ute: 13. november

Yakuza er tilbake, på engelsk.
Sega

Yakuza: Like a Dragon er det første spelet i serien som lanserast samstundes på PlayStation og Xbox, og då passar det godt at spelet byr på det største hoppet serien har sett så langt. Vi får ein heilt ny hovudperson, ein ny bydel, og eit heilt nytt kampsystem som forkastar det actionbaserte kampsystemet til forgjengarane, til fordel for eit turbasert kampsystem som burde glede dei som saknar slike godsaker. Dette blir med andre ord ein god inngangsportal om du aldri har prøvd deg på serien før. Spelet byr overraskande nok òg på engelske stemmer om du skule ynskje det.

Bortsett frå dette er Like a Dragon framleis eit historietungt rollespel om det kriminelle livet i Japan, som kanskje handlar like mykje om alt det rare du kan bruke tida di på. Dating og karaoke vil vere kjende ingrediensar, men nytt er eit eige kart-racingspel du kan leike deg med når du har litt tid til overs.

Les også
Anmeldelse: Godfall

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yakuza: Like a Dragon

Spider-Man: Miles Morales

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5
Ute: 19. november

Miles Morales tar over etter Peter Parker.
Insomniac Games

Etter kanonsuksessen med Spider-Man var det berre eit spørsmål om tid før vi fekk ein oppfølgjar. Vi skulle ikkje vente så alt for lenge, og no er Spider-Man: Miles Morales klart for både PlayStation 4 og PlayStation 5. I denne oppfølgjaren, som vil bli eit noko kortare spel enn originalen medan vi ventar på Spider-Man 2, får vi ta på oss rolla som Miles Morales i staden for den hakket meir kjende Peter Parker.

Handlinga er sett til vinterlege New York eit drygt år etter hendingane i Spider-Man. Ved sidan av å kunne svinge seg i spindelvev mellom skyskraparar vil Miles Morales òg kunne ta i bruk nokre heilt eigne krefter. Av dei finn vi praktiske superkrefter som å kunne bli usynleg, samt å skyte elektrisitet frå fingertuppane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Spider-Man: Miles Morales

Demon's Souls

Plattform: Playstation 5
Ute: 19. november

Tør du dette då?
Sony

Sjølv om From Software har elta ut det eine Souls-spelet etter det andre, har fansen aldri blitt heilt nøgd. For kvart år som har gått har ropa etter ein ny versjon av klassikaren som starta det heile – Demon's Souls – blitt stadig høgre. I sommar drog Sony endeleg duken av oppussingsprosjektet, og dette lovar å bli, om ikkje anna, eit griselekkert spel.

Her får vi det same spelet som vi rosa opp i skyene i 2010, berre veldig mykje penare. Utviklarane lovar eit spel som er tru mot originalen, men som strammar opp og oppdaterer der det er naudsynt for å skape ei betre oppleving for både nye og gamle spelarar. Utviklarane hos Bluepoint har god erfaring med å pusse opp gamle spel, og har tidlegare gjeve oss nyversjonen av Shadow of the Colossus, så vi får tru dette er i gode hender.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Demon's Souls

Hyrule Warriors: Age of Calamity

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 20. november

Fiendane vil fly i Hyrule Warriors.
Nintendo

For dei som har venta med lengsel på å få ta ein tur tilbake til den vakre verda i The Legend of Zelda: Breath of the Wild, og ikkje heilt klarar å vente på Breath of the Darkness, slepp Nintendo ein liten godteripose denne hausten. Etter suksessen med Hyrule Warriors slepp dei no i samarbeid med Tecmo Koei Hyrule Warriors: Age of Calamity.

Som namnet avslører handlar dette spelet om nettop Age of Calamity, ei tid lenge før hendingane i Breath of the Wild, og vi vil no få sjå og oppleve kva som skjedde 100 år tilbake i tid. Dette spelet skor seg på den gamle og velprøvde Warriors-formelen der du spelar ein av fleire figurar som går til krig mot store bølingar med fiendar, men det ser ut til å få eit større fokus på å fortelje ei god historie enn kanskje er vanleg for desse spela. Meir Zelda blir det i alle fall.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hyrule Warriors: Age of Calamity

Noko for ein kvar

The Falconeer ser ut til å bli eit vakker spel.
Wired Productions

Nye konsollar byr som regel på ein haug med nye, eksklusive spel til nettopp dei konsollane. Det er ikkje heilt den situasjonen vi er i i år. Mykje er nok grunna Coronaskuta som framleis siglar sin sjø og har kasta storspel som Halo Infinite for baugen, men vi får no likevel nokre fleire godsaker i november.

For dei som lurer på kva dei skal bruke sin nye Xbox Series X/S på, er det diverre ikkje så mykje eksklusivt å velje i (bortsett frå ein bakoverkompatibel katalog som strekk seg tilbake til den første Xboxen sjølvsagt), men eitt og anna nytt spel dukkar opp. Eller kva seier du til Tetris Effect: Connected, eit spel som finnest, og meiner det framleis er noko å nytt å gjere med, vel, Tetris. Om dette er uinteressant kan det fascinerande flyspelet The Falconeer kanskje vere noko for deg. Her skal du styre ein fugl gjennom ei diger verd medan du handterer dei farer som måtte lure der.

Eventuelt kan du bryne deg på Gears Tactics. Dette turbaserte taktikkspelet dukkar opp på PC i fjor, men kjem no endeleg til konsoll.

Om du ikkje likar Xbox og fargen grøn, men i staden vil ut på PlayStations blå farevatn, finnest det eit par fleire ekslusiver titlar du kan spele på PlayStation 5. For born i absolutt alle aldrar dukkar Little Big Planet-helten Sackboy opp i sitt heilt eige eventyr, medan actionrollespelet Godfall satsar på å gje deg haustens heftigaste kampar.

Godfall byr på nestegenerasjons action.
Counterplay Games

Meir moro skal det bli. Racingentusiastane har heile to spel å glede seg over i november. Rallyserien Dirt er tilbake med Dirt 5, medan EA dyttar ut ein oppussa versjon av Need for Speed: Hot Pursuit.

Som vanleg kjem fleire eldre spel ut på nye plattformer. Dinosaurparkbyggaren Jurassic World Evolution kjem til Switch, medan Planet Coaster kjem til diverse konsollar. Minst like interessant er nok lanseringa av ei spesialutgåve av Devil May Cry 5 til neste generasjon. Her får vi meir innhald, høgre fps og ray tracing.

Som alle år dukkar det opp eit flunkande nytt Call of Duty i år òg. Denne gongen heiter spelet Black Ops Cold War, og som du sikkert har skjøna handlar det om den kalde krigen. Du får lage din eigen karakter for kampanjen, for kven treng vel ikkje det i eit spel der du aldri ser deg sjølv. Det langvarige fokuset vil nok for dei fleste ligge på fleirspelarmodusane som naturlegvis inkluderer ei ny utgåve av Zombies.

Meir skyting blir det når Destiny-fansen får seg ei ny dose innhald i utvidinga Destiny 2: Beyond Light.

Noko heilt anna får vi i det spanande actioneventyret The Pathless, der du oppnår større og større fart ved å skyte kuber som ligg strødd omkring i den stemningsfulle verda. Kingdom Hearts: Melody of Memory blir på si side noko heilt anna. Dette er eit rytmespel der du får leike deg til 140 musikalske spor frå Kingdom Hearts-serien.

Til slutt tek vi med at fotballfolket skal få sitt denne månaden òg når Football Manager 2021 lanserast, og at World of Warcraft-utvidinga Shadowlands kjem i slutten av månaden.

Det var alt for november. God speling, og kos deg med nye konsollar.

Siste fra forsiden