Anmeldelse

Star Wars Squadrons

Det kunne blitt så mykje betre

Star Wars Squadrons gjer mykje riktig, men manglar det vesle ekstra.

EA

Eg spelte uhorvelege mengder Tie Fighter på 90-talet. Eg og broren min øydela minst to joysticker med force feedback (for det var the shit den gongen), på det fantastiske spelet. Å fyre opp Star Wars Squadrons blei nesten ei religioøs kjensle. Å sitje i cockpiten på eit av desse velkjende romskipa frå Star Wars-universet var som å kome heim. Alt var kjent. Alle instrument var der eg hugsa dei, og dei hadde nøyaktig dei same funksjonane som eg hugsar. Til og med når eg tok mine første svingar var det umiddelbart gjenkjenneleg, sjølv om eg no brukte analogstikker i staden joystick. Dette er det næraste eg har kome Tie Fighter sidan, vel Tie Fighter. X-Wing vs. Tie Fighter tel ikkje.

Det er heilt tydeleg at utviklarane hos EA Motive har gjort heimeleksa si. Kvar minste detalj er på plass, og kjensla av å dra etter eit romskip du jaktar etter er heilt rå. Du susar framover av full guffe, sjekkar instrumenta, gjer nokre endringar, legg deg i rumpa på han, fyrer av laseren, så eit missil. Det er ein leik. Læringskurva er bratt, men på alle måtar handterbar. Du lærer noko nytt heile tida, og sakte, men sikkert blir du stødigare i faget, og blir meir effektiv med ditt gitte romskip.

Det blir skikkeleg lekkert av og til.
Øystein Furevik/Gamer.no

Diverre er det ikkje så mange av dei. Vi finn nokre klassikarar på kvar side, men totalt får vi berre leike oss med fire skip på kvar side. Det er litt lite. Mykje av moroa før i tida var den lange kampanjen der du sakte fekk tilgang på nye skip etter kvart som du viste du var verdt det. Star Wars Squadrons følgjer ei liknande rute, men det er eit mykje kortare tid som gjev deg mindre tid til å bli skikkeleg kjend med skipa, og ein får ikkje den sitrande kjensla av å endeleg få eit nytt skip.

Uavhengig av kva side av konflikta du likar best, vil sjølve navigeringa av romskipa vere temmeleg lik. Du har alltid ein laser som primærvåpen, men den kan kome i ei rekke ulike variantar. I tillegg til dette kan du utruste skipet ditt med to ekstra funksjonar. Dette kan vere alt frå ein droid som reparerer skipet ditt, til skjold, eller rakettar og bomber. Det er som regel opp til deg, og kva du vel å ta med deg i kamp er ganske viktig å tenkje over sidan det har mykje å seie for opplevinga di og rolla di i kamp.

Når ein først er ute i kamp er det ganskje mykje å tenkje på, men det glir fort inn i fingrane. Eit viktig element i desse skipa er korleis du kan styre ressursbruken mellom tre område. Avhengig av om du er i eller utanfor kamp vil det variere kva du treng der og då, og du kan svitsje mellom å dytte ressursar inn på motor, våpen eller skjold. Når ein skal inn og ut av ulike situasjonar blir dette svært flittig brukt, og ein lærer seg kjapt å meistre det.

Tei stilt, la meg skyte!

Eit av områda med mykje å krasje i.
Øystein Furevik/Gamer.no

Star Wars Squadrons lar deg velje mellom tre ulike opplevingar. Den første er kampanjen. Her får du ta del i ein dragkamp mellom opprørarane og imperiet, og når den er over kan du prøve deg på to ulike fleirspelarmodusar. For dei som berre vil skyte ned fly passar det garantert best med ein dogfight, medan dei som tørstar etter meir taktiske utfordringar kan kaste seg ut i langvarige kampar der kvar side får støtte frå kunstig intelligens som bemannar alt frå små skip til enorme Star Destroyers.

For meg er det Dogfigt som fell mest i smak. Dette er kanskje den delen av spelet som byr på den aller største underhaldninga. Her er det berre spelarane som gjeld, fem på kvar side av konflikta, og det er full rulle med ein gong. Noko av det fine med denne fleirspelarmodusen kontra mange andre spel, er at den er langt meir imøtekomande for dei som kanskje ikkje har presisjonen til å herje i til dømes skytespel. Her krevst eit langt meir allsidig spekter av ferdigheiter, og du kan i tilleg kjøpe nye våpen og utrustningar som kan hjelpe deg med å forme opplevinga etter din eigen smak.

Det betyr heller ikkje alltid så mykje kor dyktige dei andre på laget ditt er. Veit du kva du driv med, kan du ta kontroll sjølv, og eg har dratt eit team med ustødige pilotar i trygg hamn meir enn ein gong.

Om ein skulle ynskje noko med hakket meir på spel byr Star Wars Squadrons på Fleet Battles. I denne modusen får vi òg to lag med fem skip på kvar side, men i tillegg krydrast spelet med ei rekke små skip styrt av kunstig intelligens, samt nokre store skip på kvar side. Målet er å ta ut hovudskipet til den andre sida, og då må ein presse seg fram ved å skyte ned det ein kan av romskip før ein tek ned gradvis større skip. Det heile er som ein lang drakamp som fort endrar eg, og det blir mykje fram og tilbake før det heile er over.

Noko å døy for

Kampar kan bli ei herleg intens affære.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fleet Battles kan vere stor moro, men dei kan òg bli i overkant uoversiktlege. Mange av banene er rett og slett ekstremt kaotiske. Enten er det fullt av bakgrunnselement som gjer det vanskeleg å sjå både kvar du er og kvar måla dine er, men det kan like godt vere ei bane stappfull av romskrap som øydelagde skip og asteroidar. Eg har ikkje problem med kulissar. Nokre av karta byr på herlege område der du både kan jage etter andre skip, men og stikke unna om nokon ligg i rumpa på deg. Problemet er banene som gjer det nesten umogleg å ta ein sving utan å krasje inn i noko. Betre blir det ikkje av at du ikkje får lov til å fly utanom alt rotet, for då dør du, sånn fordi.

Det er temmeleg tydeleg at eg ikkje er den einste som slit med desse banene, for eg har sjølv sette mange skip køyre rett inn i kulissane og eksplodere.

Hadde spelet bydd på ein haug med kart hadde det ikkje gjort noko, eg kunne berre spelt på nokre andre, men når du får berre ei lita handfull med kart, og ikkje eitt einaste av dei berre er det kølsvarte tomrommet verdsrommet stort sett byr på, då blir eg litt skuffa. Tie Fighter var eit spel med så primitiv 3D-grafikk etter dagens standard at ingenting av det utviklarane har putta inn i Star Wars Squadrons var mogleg. Alt du fekk var eit tomrom, men likevel bydde det på ei betre oppleving.

Det vitnar om prioriteringar som ikkje heng heilt på greip. Er det verkeleg så viktig å pynte opp desse karta med alt dilldallet? Treng eg dei skyene der? Treng eg den stjernetåka? Må det vere alle regnbogens fargar heile tida? Det har jo ingen praktisk funksjon, det blir jo berre vanskelegare å orientere seg.

Men det er ikkje berre her prioriteringane er litt på feil kurs. På sitt beste er Star Wars Squadrons fantastisk moro og eit av det beste Star Wars spela sidan, vel, Tie Fighter. Men desse høgdepunkta er det diverre ikkje så mange av. Kampanjen er ganske kort, og når den er over sit vi igjen med to modusar og den same vesle bunken med kart. Det blir mykje av det same, og variasjonen er for låg, noko som kanskje ikkje er så rart når utviklarane tydelegvis ikkje har forstått at det er lov på berre fly rundt i det tomme rommet, sende inn nokre skip, be oss om å skyte dei ned, og ha det moro nok med det.

Eit av få område utan overflødig staffasje.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fortel meg om kjenslene dine

I staden for fleire kule kampar, får vi historie. Mykje uinteressant historie og eit spel som ber deg på sine kne om at du må bry deg. Ikkje om historia, men om folka i den. Mellom kvart oppdrag får du snakke med alle i skvadronen din, din overordna, og kanskje ein og anna medhjelpar. Det er pent å sjå på, godt animert, og flinke skodespelarar gjer det dei har fått betalt for.

Eg bryr meg ikkje. Eg vil skyte skip, eg vil ikkje høyre livshistoria di. Eg bryr meg ikkje om kvar du kjem frå, og kva du meiner om noko som helst. Eg vil skyte. Hadde desse folka vore interessante, ok, men det er dei ikkje, og heldigvis er det heilt valfritt å snakke med dei. Opplevinga mi blei demonstrativt betre etter at eg ignorerte alle folka som vil snakke, og det seier sitt.

At folk vil prate med deg får vere ein ting, men eg likar ikkje korleis det skurrar med heile det Star Wars-universet George Lucas skapte. Når byrja imperiets øvstkommanderande å prate med pilotane sine som om dei var av same rang? Kvifor sosialiserer dei på denne måten? Pilotane og soldatane hos imperiet skal vere ansiktslause nummer utan verdi utover det dei byr på i kamp, men i Star Wars Squadrons vil dei alle noko, dei har barbert av seg halve håret og spelet vil så iherdig at du skal bry deg om dei, om kven dei er, og det gjer meg nesten litt forbanna. Ikkje så forbanna som då eg såg The Last Jedi, men det er berre enda eit teikn på korleis moderne Star Wars ikkje forstår seg sjølv.

Sorry, eg driv ikkje med chit chat, har ein krig å vinne.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er ganske trasig at dette er eit problem, men om utviklarane hadde prioritert å lage fleire og betre utfordringar, i staden for å passe på at det ikkje fantest to personar i spelet med same kombinasjon av etnisitet, rase og kjønn, samt droppa desperasjonen etter å dytte pilotane sin identitet og bakgrunn i trynet på deg, kunne vi fått eit betre spel med fleire baner og utfordringar. Dette er ikkje eit spel som treng dette fokuset, ein briefingskjerm mellom kvart oppdrag hadde vore nok.

Men nei, det er i staden viktigare å få 3D-modellørane til å lage dill dall til cockpiten din, kostymer, og ein haug med skins til romskipa dine.

Når ein sleng på at spelet er frustrerande bugga til tider, så er irritasjonen komplett. Dette er er spel som eg aldri kan berre gå frå i kvilemodus. Når eg startar opp igjen konsollen er alltid noko feil. Som regel går alt i dobbelt fart, men andre gongar hakkar det som juling, eller oppdragsobjektiv berre forsvinn. Sistnemnde kan skje når som helst. Gjennom kampanjen har eg fleire gongar sett meg nøydd til å starte opp igjen spelet fordi ingenting skjer, og det viser seg at ting som skal triggast ikkje blir trigga.

Konklusjon

Øystein Furevik/Gamer.no

Star Wars Squadrons er eigentleg eit knallbra spel. Eller, det kunne lett ha vore det om utviklarane hadde prioritert hakket meir fornuftig. I staden for å fylle det med diverse overflødig dilldall og personlege historier det er umogleg å bry seg om, burde dei ha brukt dei ressursane på å lage fleire skip, fleire baner og kanskje fleire, eller enda betre, større fleirspelarmodusar.

EA har slått seg på brystet med at det er null mikrotransaksjonar eller nedlastbart innhald planlagt for Star Wars Squadrons. For ein gongs skuld er det ein kjip ting, for dette er eit spel som absolutt kunne hatt godt av meir innhald. Og då snakkar eg ikkje om nye drakter, hjelpar og hanskar til piloten din, eller emblem til å klistre på skipa dine.

Nei, eg vil ha noko av substans. Noko som betyr noko , og noko som får meg til å kome tilbake. Litt meir å gjere på hadde gjort dette til ei mykje betre pakke. I staden får vi eit ganske kort spel som nesten var. På sitt beste er det stor moro, og fleirspelarmodusane kan halde deg gåande ei stund, men eg kjenner eg allereie er metta på dei få karta som er, og det freistar ikkje stort å gå tilbake.

7
/10
Star Wars Squadrons
På sitt beste er det stor moro, men dette er eit spel som kunne hatt godt av meir innhald.

Siste fra forsiden