Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Etterlengta oppfølgjarar og handteikna galskap er blandt denne månadens ingrediensar.

Fra venstre, øverst: Fifa 18, Destiny 2, Project CARS 2 og Divinity: Original Sin II.
Montasje, Gamer.no

Sommaren er over! Det er berre å pakke seg inn i pledd of tjukke tøflar, for no kjem kulda. Med den kjem det som venta eit snøskred av spel som alle svært gjerne vil karre til seg dine siste slantar. Om du får råd til alt dette, er du heldig.

Vi skal likevel ikkje kimse av sommarmånaden vi nett har lagt bak oss. August gav oss nokre suverene spelopplevingar, der Hellblade: Senua's Sacrifice sigla seg opp som den alle største vinnaren. Dette vakre spelet er faktisk så bra at vi klinka til med full pott, noko vi ikkje gjer ofte. Andre solide opplevingar fekk vi i retrospelet Sonic Mania, trauste Uncharted: The Lost Legacy, samt fargerike og artige Mario + Rabbids Kingdom Battle.

No gjenstår det berre å sjå om september kan toppe denne knallmånaden. Vi hiv oss i det.

Destiny 2

Destiny byr på nye verder klare for utforsking.
Activision

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 6. september

Destiny blei ein solid suksess for Bungie og Activision etter lanseringa i 2014. Svært mange sette pris på Bungies blanding av kjent skytegameplay og rollespelmekanikkar, og alt tyder på at folk er klare for meir. Med Destiny 2 satsar Bungie på å huke tak i enda fleire spelarar enn før, og historia vil få eit mykje større fokus.

Det er likevel spelarane og karakterane deira som står i fokus. I Destiny 2 startar alle på nytt, og må byggje seg opp frå så og seie ingenting. Sjølv om dette kanskje er litt skuffande, byr Destiny 2 på nye plantar, nye våpen, offisiell støtte for klanar, og nye system for å gjere det lettare å finne nokon å spele med.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Destiny 2

Divinity: Original Sin 2

Plattform: Windows
Ute: 14. september

Divinity: Original Sin II byr på rollespeling av den gode, gamle sorten.
Larian Studios

«Det tek oss med til rollespelas glansdagar», sa vi om Divinity: Original Sin då det blei lansert for tre år sidan. Rollespelet var eit av fleire spel som leia an i ein ny vår for dei klassiske, isometriske rollespela. Med taktiske, turbaserte kampar, suveren musikk og stemning i toppklassen blei det ein klar favoritt blant rollespelfansen.

No er snart oppfølgjaren over oss, og dei erfarne utviklarane hos Larian Studios lovar oss at alt det vi likte med det første spelet kjem tilbake pakka inn i ei heilt ny oppleving. Vi blir lova uendelege måtar å løyse problem på, samt ein fleirspelarmodus for heile fire spelarar som alle kan delta i utfordringane på sine eigne individuelle måtar.

Les også
Anmeldelse: Knack 2

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Divinity: Original Sin 2

Metroid: Samus Returns

Samus Aran i kjend stil.
Nintendo

Plattform: 3DS
Ute: 15. september

Det har lenge vore naud å spore blant ei spesifikk gruppering av Nintendo-fans. For alle som blei vaksne ved å finne ut at Samus Aran var ei kvinne, har ventetida sidan førre skikkelege Metroid-spel vore hard. Lettare blei det ikkje av at Nintendo nesten hånleg gav oss Metroid Prime: Federation Force.

I år blir det andre bollar. Nintendo har hyra inn spanske Mercury Steam for å lage eit Metroid-spel i god gammal metroidvania-stil. Her blir det sideskrollande utforsking med eit solid islett av action. Utviklarane har tidlegare leveret knall underhaldning i det ikkje heilt ulike spelet Castlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate. Det er lov å løfte forventningane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metroid: Samus Returns

FIFA 18

Hausten vil by på lange kveldar med FIFA 18.
EA

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 29. september

Eit nytt år, eit nytt FIFA. Det er vel ikkje noko sjokk å finne dette spelet på lista vår, men når serien år etter år er blant dei mestseljande spela i landet, då blir det slik. Som i fjorårets spel har EA utvikla ein fyldig historiemodus om spelaren Alex Hunter. Spørsmålet i år ser ut til å bli kva klubb han skal spele for. Denne modusen blir berre tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One og Windows.

Felles for alle versjonane av spelet er Christiano Ronaldo som blir gjenskapt i spelet. Jamt over lovar utviklarane at FIFA 18 byr på meir interessant spelarar som har ei rekke individuelle triks, springestilar, fintar og mykje meir.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på FIFA 18

Cuphead

Det er nesten vanskeleg å forstå at dette er eit spel.
Studio MDHR

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 29. september

Cuphead er eit av dei mest unike spela denne hausten. Det er handteika med penn og papir, og ser ut som ein teiknefilm frå 30-talet. Spelet byr på sideskrollande skyting og ei blodig hard utfordring. Vår mann byrja å sveitte ganske godt då han prøvde det på fjorårets E3-messe, men var likevel klar for meir tyn:

«Eg set stor pris på eit spel som utfordrar spelaren i staden for å leie han gjennom heile opplevinga, men likevel har eg eit lite håp om at Studio MDHR vil justere ned vanskegrada litt til den endelige lanseringa. Cuphead er utruleg vakkert, og eg tar av meg hatten for den jobben utviklarane har gjort så langt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Cuphead

Haustskredet startar

Lekker action i Ruiner.
Devolver Digital

I nyare år har haustgalskapen eigentleg roa seg litt. Før i tida var det slik at absolutt alle skulle sleppe alle spela sine samtidig, utan å forstå at dette resulterte i mindre på alle. Etter kvart som utgjevarane forstod dette, byrja spellanseringane å fordele seg utover året på meir fornuftig vis.

I år ser det ut til at all lærdom frå historia no er, vel, historie. September sparkar hausten i gang med eit latterleg pang, og det er berre å kome seg i gong med alle spela som du sikkert meiner heller burde ha vore på vår topp 5-liste.

Først ut er Knack 2, oppfølgjaren til PlayStation 4-lanseringsspelet Knack. Her blir vi lova meir av det du elska eller hata med originalen. Meir fargerik underhaldning finn vi i Rayman Legends: Definitive Edition som lanserast på Switch, før fargane når sine hardtslåande høgdepunkt i slåssespela Pokkèn Tournament DX, og Marvel vs Capcom Infinte, samt kulehelveteslåssespelet (!) Touhou Kobuto V: Burst Battle.

Frå japanske slåssespel glir vi direkte vidare over til det svært lovande japanske actionrollespeler Ys VIII: Lacrimosa of Dana. Alternativt kan du prøve deg på den visuelle novella Danganronpa V3: Killing Harmony. Om du heller vil ha vestlege rollespel bør du ta ein kikk på Guild Wars 2 som introduserer ekspansjonspakka Path of Fire denne månaden.

Som vanleg på hausten får FIFA konkurranse frå Konamis Pro Evolution-serie, og i år er det Pro Evolution Soccer 2018 som skal kjempe om fotballfolket. Vil du heller ha sport som inkluderer motor, lanserast lekre Project CARS 2 denne månaden, og romskytespelet EVE: Valkyrie får utvidinga Warzone slik at du no kan setje deg i cockpiten utan ein VR-hjelm.

Blir dette for hektisk kan du roe deg ned litt med Ron Gilbert-eventyret Thimbleweed Park på Switch, eller storstilt strategi i Total War: Warhammer 2. Om du etter dette vil trappe opp igjen eit par hakk, kan det vere verdt å ta ein kikk på actionsnikespelet Dishonored: Death of the Outsider eller det fargerike cyberpunkskytespelet Ruiner.

Med det seier vi oss ferdige for denne gong. God speling, og slit dei med helsa.

Siste fra forsiden