Gearbox kjøper Homeworld

Romstrategi er neste stopp for Borderlands-studioet.

THQ er historie. Etter at det gamle spelselskapet gjekk konkurs blei fleire av eigendelane og understudioa selde under ein auksjon tidlegare i år. Det var likevel ikkje alt som gjekk under hammaren i januar, og fleire populære seriar ventar framleis på nye eigarar gjennom ei auksjonsrunde som har pågått den siste tida.

No har vi fått dei aller første nyhenda frå denne auksjonrunda. I kveld har Gearbox på nettsidene sine kunngjort at dei har kjøpt rettane til den populære Homeworld-serien til THQ.

Serien blei utvikla av Relic Software som i nyare tid er best kjende for Warhammer 40K-spela dei laga for THQ. Under auksjonen tidlegare i år blei dei selde til Sega, og difor har det fram til no vore svært usikkert kor vidt dei ville kunne halde fram med Homeworld-serien.

Homeworld-spela blir eit heilt nytt konsept for Gearbox Software som er aller best kjende for skytespel som den svært solide Borderlands-serien, og mindre vellukka actionspel som Duke Nukem Forever og Aliens: Colonial Marines, sjølv om dei i sistnemnde viste seg å ha lagt mykje av utviklingsansvaret over på andre studio. Til motsetning er Homeworld-serien eit knippe strategispel i rommet der ein kan fly i alle retningar medan ein tek kontroll over folk og romvesen.

Grunnen til at Gearbox ville kjøpe Homeworld-serien er at Chief Operations Officer Brian Martel hos Gearbox er ein svoren Homeworld fan. I følgje kunngjeringa til Gearbox har Martel store planar om å ivareta kjerna av kva som gjorde Homeworld så spesielt, medan dei gjer serien tilgjengelege for moderne plattformer.

Les også: Vigil-veteraner vil by på Darksiders Les også: Anmeldelse: Sins of a Solar Empire

Siste fra forsiden