Når speljournalistar skal forklare kvifor me speler så mykje, drar me gjerne fram dei potensielle fordelane.
Konkurransespel kan gi deg kjappare reaksjonstid, betre finmotorikk og meir presis auge-hand-koordinasjon.
Strategispel kan hjelpe deg med hukommelse, kritisk tenking, kunnskap om historie og geografi, gåtespel kan trene hjernen på problemløysing, og ikkje minst gir speling engasjerande mengdetrening i språk.
Eg tenkjer på dette mens eg joggar gjennom skogen.
Det verkar som ei bortforklaring. Ein forsvarstale. Eg kjenner meg igjen i nokre av desse påstandane sjølv, spesielt dette med språk, men det er også lett å ty til dei potensielle fordelane som ein måte å unnskylde at ein ikkje er fysisk aktiv elles.
I mitt tiår (!) hos Gamer.no har eg fleire gongar skrive om korleis spel hjelper meg i andre delar av livet, men eg har ikkje via så mykje som eit punktum til korleis fysisk aktivitet hjelper med spel.
Og det verkar openbert. Eg har ikkje nubbsjans til å få kvardagen til å gå opp og samtidig ha energi til speling, om eg ikkje har overskott frå trening.
Så eg vil snu dette på hovudet.
Spørsmålet som opptar meg i år, er derfor om eg kan ta med meg den interne logikken i spel og bruke den på trening.
Altså: Kan eg rett og slett «spelifisere» jakta på ny 10-kilometer-rekord?
EG AUKAR TEMPOET og gløttar ned mot handleddet.
Svaret er rett der.
Garmin-klokka mi pip om det går litt for seint. Displayet viser meg sanntidsdata frå pulsbeltet på kor hardt eg eigentleg pressar meg, og når eg pesar inn over dørstokken og vrenger av meg det sveitte treningstøyet, kan eg sjå på mobilen korleis økta har gått.
Duppedittane kjøpte eg mest som ein liten motivasjonsboost for å løpe oftare, men dei opnar døra til ei verd som er velkjend for oss dataspelnerdar.
Gamification.
Eit omgrep som eg klønete nok direkte omset til spelifisering, har tatt over liva våre.
ALT AV læreappar bygger på same modellen.
Dei matar inn funksjonar som poeng, nivå, rangeringar og prestasjonsmerke inn i appar om språk, historie, trening, matematikk eller kva det måtte vere.
Dataspelets interne logikk gjennomsyrar desse appane. Det handlar om kretsløpet frå ei utfordring, til å gjennomføre den, få løn for strevet og ny motivasjon til å gjere det igjen.
Idretten fungerer naturlegvis på same vis, men har ikkje heilt den same kyniske målsettinga om å lime brukaren til skjermen.
Verktøya finst allereie. Eg har brukt Strava i nokre år, og løpeappen er eit godt utgangspunkt for 2026-eksperimentet mitt om å spelifisere treninga mi.
I APPEN kan eg måle kor langt eg har løpt, kor mykje krefter eg har brukt, eg kan sjå høgdemeter, kor mange steg eg har løpt, kva tid eg brukte på det og det segmentet, og eg kan sjå korleis kondisjonsnivået mitt utviklar seg gjennom tid.
Strava byggjer på tanken om målbar progresjon– som saksa frå eit spel.
«Fitness score» i Strava og VO2 Max-målinga på smartklokka er litt som å gå opp og ned i nivå i spel, sjølv om det kanskje ikkje er den mest presise måleeininga.
Så lenge eg ikkje lar tala styre meg totalt og lytter til kroppen, er dei nyttige verktøy.
Det eg er meir usikker på, er korleis eg kan lage min eigen loop for belønning.
SIDAN OKTOBER har eg klokka inn rundt 250 timar i Battlefield 6, eit spel som har fått pepar for å ha altfor høge progresjonskrav.
Psykologien bak progresjonen i spelet er enkel å forstå.
Du vinn ein kamp, går opp eit nivå og låser opp eit nytt våpen. Kvart våpen har deretter dusinvis av dingsar du kan låse opp.
Spelet gir deg kjensla av å bli endå litt betre for kvar nye dings, slik at du kan ta knekken på endå litt fleire fiendar.
Timetalet mitt på Steam skildrar smerteleg kor godt dette fungerer.
EG HAR ALDRI hatt særlege vanskar med å motivere meg for trening, og slik sett er eg nok heldig. Utfordringa mi er tid og prioritering.
I sjongleringa av fulltidsjobb som journalist, deltidsrolla som redaktør for Gamer.no og mastergradsstudiar i undersøkande journalistikk på sida, er det lett å la trening hamne for langt nede på prioriteringslista.
Det andre eg slit med, er at eg fort blir overivrig og skadar meg.
Kunsten blir derfor å halde ei fast rutine over lang tid, som er nok til å sjå jamn progresjon, men ikkje så omfattande at eg spring på meg den fjerde belastningsskaden på to år.
Det legg eg til grunn for å bygge belønningsloopen min.
I GJØRMA gjennom Melshei her i Sandnes skal eg lene meg på løpeverdas «high score»-liste; segment i Strava.
Brukarane kan legge inn korte og lange løyper, der appen måler tida og lagar ei toppliste over resultata.
Det er tusenvis av slike rundt i byen, og det å sjå tidene gå ned er motiverande i seg sjølv. Derfor skal eg også legge opp intervall i segment.
For å styrke progresjonsmekanismane mine vidare skal eg knyte treningsøkter og rekordar til andre mål eg har i det daglege.
Etter kvar intervalløkt set eg av nokre kroner til ei ny og litt heftigare smartklokke. Når eg set ein ny rekord, legg eg inn ein litt større sum av på feriekontoen for hausten – og endå meir viss eg klarar topp ti på eit segment.
Det blir mi gulrot i år.
Eg må også ha ein regel for at ikkje altfor mykje Battlefield raserer resten av kvardagskorthuset mitt, slik det har vore farleg nær å gjere i vår.
Regelen blir at eg må trene, skrive eller studere éin time for å kunne spele like mykje.
ALLER FØRST treng eg eit utgangspunkt.
Etter at eg starta på denne teksten, snøra eg på meg skoa og prøvde å sette ein ny rekord på 10-kilometer.
Det blei 45 minutt og 10 sekund. Eg legg også til grunn den raskaste 5K-tida mi frå i fjor; 21 minutt og 38 sekund.
Målet er først og fremst å få til jamleg trening over tid, men eg skal strekke meg til ein femkilometer på 19-talet og ein tikilometer på 42 minutt eller mindre.
Det hadde også vore kjekt å kunne gjennomføre joggeturen opp på byfjellet Dalsnuten utan å stoppe for å hive etter pusten.
No har eg jo delt dette med altfor mange, og det er kanskje ein ekstra motivasjonsboost at noko anna enn å nå målet blir offentleg fiasko.
Eg tar i alle fall utgangspunkt i ei til to styrkeøkter i veka, ein roleg langtur, ein kortare, roleg tur og ei intervalløkt kvar veke.
Så vil tida vise.
Ingebrigtsen-brørnes Runfest er kanskje ein fin tidsfrist.
Eg angrar allereie på at eg har levert denne teksten, men no er det ikkje anna å gjere enn kaste meg ut i neste økt.