Klart for orkeslakt

Det nyaste spelet frå Age of Empire-utviklarane er innan rekkevidde.

Om du skulle meine at orkar ikkje får nok merksemd no for tida vil du snart få i pose og sekk. Robot Entertainment, eit studio grunnlagt av fleire tidlegare Ensemble Studios-ansatte, har kunngjort at deira nye Tower Defense-spel Orcs Must Die! vil bli tilgjengeleg via digital nedlasting på PC og Xbox Live Arcade denne sommaren.

Spelet som nok vil få Guinness-rekord i å vise forakt for blodtørstige skapningar med grøn hud gjev deg i oppgåve å forsvare over 20 forskjellige fort mot stadig større mengder med orkar og deira allierte.

Skal det vere litt orkekjøt på grillen?

For å klare denne oppgåva må du bruke alt frå skarpe våpen og magi, til feller og forskjellige forsvarsverk skreddarsydde for å ta livet av flest mogleg orkar om gongen. I motsetning til dei fleste Tower Defense-spel er Orcs Must Die! i tredjeperson slik at du kan gå i direkte nærkamp med utyska.

For å mate appetitten din før lansering vil Robot Entertainment tilby ein digital teikneserie heilt gratis seinare i sommar, og du kan lese dei to første sidene her.

Orcs Must Die! vil bli publisert av Microsoft, og det ser difor svært mørkegrønt ut for eit slepp på PlayStation Network.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden