Knights of the Old Republic er lansert på iPad

Eit av dei beste Star Wars-spela får nytt liv.

Oppdatering: Spelet er tilgjengeleg på appstore no.

Star Wars: Knights of the Old Republic blir av mange sett på som eitt av – om ikkje det – beste Star Wars-spelet på marknaden. Spelet dukka opp på den originale Xboxen og PC i 2003, og song sin sigerssong over heile verda. Eit par år seinare kom oppfølgjaren Star Wars: Knights of the Old Republic II frå rollespelveteranane hos Obsidian.

Knights of the Old Republic fekk mykje skryt for si solide historie som verkeleg balanserte mellom det lys og det mørke. Noko som nesten er sjølvsagt for eit spel som føregår i eit univers der kampen mellom dei gode jediane og den mørke sida er eit svært sentralt tema.

Ipad-versjon på veg

No er det tid for ein ny generasjon å prøve klassikaren; iPad-generasjonen. ">IGN har i dag avslørt denne nye versjonen ved å slenge opp ein anmeldelse av det klassiske rollespelet. Nokon dato for spelet har vi så langt ikkje fått, men sidan IGN har spelt gjennom det allereie kan ikkje datoen vere langt unna.

Medan du ventar kan du ta ein kikk på vår anmeldelse av originalen, som fekk svært mykje skryt:

«BioWare har skapt eit spel som sannsynlegvis er det beste Star Wars-spelet nokon sinne, og som er oppsiktsvekkjande trufast til lisensen det byggjer på. Måten dialogane skal ha deg til å velje ei moralsk retning skapar ei alvorleg ramme rundt handlingane dine, medan spelets mange humoristiske figurar er med på å halde det jordnært og uforgløymeleg. Knights of the Old Republic er eit omfattande, detaljert, innhaldsrikt og svært velutvikla produkt som bør prøvast av alle som verkelig set pris på storslåtte eventyr-orienterte rollespel.»

Om du enno ikkje har spelt dette Star Wars-høgdepunktet er det berre å glede seg altså.

Les også: Disney avslører Star Wars-planer Les også: Nå går det bedre med The Old Republic

Siste fra forsiden