Meir tårnaction i Defense Grid 2

Blir dette tidenes beste tårnforsvarspel?

I fjor lanserte Hidden Path Entertainment ein Kickstarter-kampanje for å utvide Defense Grid-serien sin. Det opprinnelege målet var å samle inn 250 000 dollar for å lage nye nivå og utfordringar til originalspelet. Om dei skulle ende opp med å samle inn nok pengar ville dei setje i gong med å lage ein fleirspelarmodus, ein ny grafikkmotor, og ikkje minst ein full oppfølgjar i Defense Grid 2.

Slike mål blei alt for mykje å be om. Kampanjen karra seg til omlag 270 000 dollar, og samla med det berre inn pengar til at utviklarane kunne lage utvidinga Containment til Defense Grid.

Det var i alle fall det alle trudde inntil Hidden Path la ut ei oppdatering på Kickstarter-sida si for eit par dagar sidan der dei fortel at ein investor har gått inn med nok pengar til at dei kan gå i gong med å lage Defense Grid 2.

Skjermbilete frå Defense Grid.

Dette blir ein sann oppfølgjar til Defense Grid, og spelet vil by på ei ny historie, nye figurar, tårn og romvesen. Alle som har støtta utviklarane med pengar kan framleis bli med på å bestemme korleis ting skal gå. Sjølv om den nye, hemmelege investoren har teke det meste av finansielle utfordringar på eiga kappe vil Kickstarter-prosessen gå som vanleg, og alle som har støtta Kickstarter-kampanjen vil få Defense Grid 2 gratis.

For dei som ikkje kjenner Defense Grid godt, er det eit svært solid tårnforsvarspel med ei fascinerande historie. Kvart nivå byr på ulike løyper og vegar for innvaderande romvesen å vandre gjennom, og di oppgåve blir å setje opp forsvarastårn slik at kreka ikkje kjem seg fram til kraftkjernene dine.

Defense Grid 2 ventast å vere lanseringsklart for Windows, Linux og Mac i løpet av første halvdel av 2014.

Les også: GLaDOS invaderer Defense Grid Les også: Anmeldelse: Orcs Must Die

Siste fra forsiden