– Neste Xbox får Avatar-grafikk

AMD-sjef har store ord om Microsofts neste konsoll.

Sjølv om Nintendo viste fram si nye Wii U-maskin under E3-messa i juni, har Sony og Microsoft vore stille om kva dei vil finne på med sine nye konsollar. Dette hindrar derimot ikkje samarbeidspartnerar frå å plystre ut om det neste store, og denne gongen er det AMD – selskapet som leverte maskinvare for Xbox 360 – som kjem med spådomane, melder Examiner.

Er dette deg om eit år?

I følgje Neal Robison, sjefen for ISV samband hos AMD vil den neste Xbox-maskina kunne by på grafikk på høgde med Avatar-filmen, noko som definitivt høyrest svært imponerande ut, sidan ikkje ein gong dei mest avanserte PC-spela har nådd desse høgdene enno.

Flott grafikk er derimot ikkje alt vi kan vente oss. Robison hevdar at krafta nestegenerasjons maskinvare byr på vil tillate kvar einaste person i spel som Grand Theft Auto til å ha ei individuell personlegheit, og alle vil reagere ulikt på situasjonar som skulle oppstå. Eit anna spørsmål blir sjølvsagt kor dyrt det blir å produsere så pass avanserte verder, og om kostnadane står til inntektene. At det vil få enormt mykje å seie for spel med store, opne verder er det derimot ingen tvil om.

Det går kraftige rykte om at Microsoft vil vise fram sin neste konsoll under neste års E3-messe. Trur du grafikken i spela kan ta eit massivt steg framover på under eit år?

Siste fra forsiden