No er Virtual Console ute på Wii U

Dei første retroklassikarane er klare for gjensyn.

I førre veke fortalde Nintendo i ei Nintendo Direct-sending at Virtual Console ville bli lansert denne veka, dagen etter ei solid Wii U-systemoppdatering som blant anna ville korte ned lastetidene på konsollen. Denne oppdateringa blei tilgjengeleg i går, og i dag er Virtual Console som lova lansert, fortel Nintendo i ei pressemelding.

Dei første titlane tilgjengelege er Super Mario World, Excitebike, Mario's Super Picross, F-Zero, Ice Climber og Donkey Kong Jr.. Desse kjem i tillegg til Punch Out og Kirby's Adventure som blei tilgjengelege før den fulle lanseringa av Virtual Console. Dette er kanskje ikkje det heilt store utvalet med tanke på kor lenge vi har venta, men vi lovast fleire nye spel innan kort tid.

Av høgdepunkt blant dei komande titlane finn vi klassikarar som Super Metroid, Mega Man- og Street Fighter-seriane. Spel frå Game Boy Advance- og Nintendo 64-konsollane vil òg bli tilgjengelege i framtida.

Virtual Console på Wii U er ikkje heilt det same som å bruke Wii-modusen på Wii U for å spele Virtual Console-spela du kjøpte til Nintendos førre konsoll. Spel som er laga spesielt for Wii U kan spelast utelukkande på skjermen på handkontrollen om du skulle ynskje det. I tillegg kan spela lagrast når som helst, og dei har full støtte for Miiverse.

Prisane på Wii Us Virtual Console varierer frå 64 kroner for Super Nintendo-spel, til 40 kroner for hakket eldre Nintendo NES-spel. Om du allereie eig nokre av desse spela frå før, vil du kunne kjøpe Wii U-versjonane av dei til ein sterkt redusert pris. Det har likevel ikkje vore fritt for negative reaksjonar over at Nintendo vil du skal betale for det same spelet to gongar.

Les også: Splinter Cell: Blacklist får Wii U-versjon Les også: Rayman Legends har fått ny dato

Siste fra forsiden