No kan du teste nye XCOM

XCOM: Enemy Unknown har fått demo.

Det var ikkje akkurat positivitet som prega reaksjonane då det blei klart at 2K Games ville gjenopplive XCOM-serien. Grunnen var såre enkel; det som ein gong var eit taktisk og turbasert strategispel var no enda eit skytespel i førsteperson. Difor var det nok ingen som sørgja så alt for mykje då det i fjor haust blei klart at XCOM blei utsett på ubestemt tid.

Hakket større entusiasme kunne sporast då 2K Games kort tid etterpå kunngjorde at strategimeistrane i Firaxis jobba med ein ny versjon av dei gode, gamle XCOM-spela. Dette spelet held seg til serien sine turbaserte røter, og vi vil igjen kunne forske på utanomjordisk teknologi for å betre kunne møte motstanden frå ovan.

Vi har allereie sett på spelet nokre gongar, og ser stort potensiale i møtet med grå menn frå rommet:

Taktikk i klassisk utføring.

– Spelet er teknisk solid, og særs underhaldande. Det mest imponerande er kor bra denne typen spel held seg. Turbasert strategi er framleis utruleg moro. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk til om dei utallige oppdraga i spelet ville klare å engasjere gang etter gang, men her er eg førebels svært positiv.

No kan du sjekke sjølv om spelet held mål i ein flunkande ny demo som er tilgjengeleg via Steam. Demoen er ikkje i største laget, men inneheld to opplæringsoppdrag frå kampanjen. Demoen vil bli tilgjengeleg på både Xbox 360 og PlayStation 3 på eit seinare tidspunkt.

XCOM: Enemy Unknown er lanseringsklart 12. oktober. Hugs å sjekke vår spelkalender for dei siste lanseringsdatoane.

Les også: Strategi-XCOM støtter mods Les også: Sniktitt: Carrier Command: Gaea Mission

Siste fra forsiden