Norsk indieutviklar ute med VR-spel

Woeful Woebots er tilgjengeleg på HTC Vive.

Det er sjeldan me ser norske spel, og enda sjeldnare at dei kjem til Virtual Reality. Spelutviklar Bard Hole Standal bestemte seg for å gjere noko med dette, og har no sloppe VR-spelet Woeful Woebots på Steam, i Early Access.

Spelet er utvikla eine og aleine av Standal, utan økonomisk støtte frå andre. Han står for alt frå koding til grafikk sjølv.

Ta opp kampen mot robothæren

Woeful Woebots har eit interessant visuelt preg.
Hello Bard

VR-tittelen gir deg rollen som skaparen av ei rekkje robotar. Den kunstige intelligensen deira gjer at dei utviklar fri vilje, og etter kvart går til angrep på deg. Då er det berre å hive på seg Vive-headsettet, og skyte så mange robotar ein maktar.

Standal fortel til Gamer.no at spelet er eit sideprosjekt, som blei utvikla ved sia av fulltidsjobben hans. Planen er å halde fram med å finpusse på spelet, ved hjelp av finansiering og tilbakemeldingar gjennom Early Access.

Woeful Woebots fekk nett ei ny oppdatering som introduserte ei leiartavle, der ein kan konkurrere med alle andre som eig spelet på Steam. Spelet har berre eit nivå for augeblikket, men det kjem eit nytt i neste oppdatering. Utviklaren seier at planen er å kome med fleire spelmodusar, fordelt over dei ulike nivåa.

Les også: Desse spela fekk støtte frå Norsk filminstitutt »

Siste fra forsiden