Under ein auksjon i januar blei THQ sine interne studio og fleire viktige eigedomar selde til ulike kjøparar. Crysis kjøpte Homefront-serien, Ubisoft skaffa seg South Park-rollespelet frå Obsidian og THQ sitt Montreal-studio, medan Deep Silver-eigarane Kkoch Media kjøpte Volition og deira Saint's Row-serie.
Dette var derimot langt frå alle skattane i THQ-arkivet, og det har vore store spørsmål rundt kva som ville skje med resten. Dette vil få si avklaring under ei budrunde 1. april, fortel Eurogamer. I denne vil dei resterande eigedelane til THQ finne nye heimar, og det vil skje i seks ulike pakkar.
Den første av pakkane er Red Faction-serien som vil innehalde alle dei fire hovudspela i serien. Det nedlastbare spelet Red Faction: Battlegrounds ser derimot ikkje ut til å vere med. Homeworld-spela blir òg selde for seg i pakke to. Den tredje pakka er dei åtte spela i motorcross-serien MX, medan Darksiders-serien blir pakke fire.
![](https://i.bo3.no/image/43072/darksidersii_msft_despair.jpg?c=0&h=281&w=500)
Gløymde skattar
Dei to siste samlingane med eigedomar inneheld dei resterande titlane til THQ. Pakke fem inneheld alle dei interne eigedomane, medan pakke seks byr på lisensane deira.
Merkbare namn i desse to pakkane er seriar som Supreme Commander, Full Spectrum Warrior, samt rollespelserien Summoner, som har vore heller livlaus sidan PlayStation 2 var den største stjerna på konsollhimmelen. Ein anna rollespelserie som har ei solid fanskare er Titan Quest.
I tillegg vil Double Fine-spela Stacking og Costume Quest bli auksjonert bort. Double Fine har tidlegare vist interesse for THQ-auksjonen i januar, og vi skal ikkje sjå bort frå at dei vil prøve å få tilbake spela dei har laga.
Merkbare unntak frå samlinga med spel som skal auksjonerast bort er Warhammer 40K-serien. Kva framtida vil bringe for denne lisensen har vore høgst usikkert. Sega kjøpte Relic under THQ-auksjonen i januar, og har tidlegare skaffa seg lisensen for fantasyversjonen av Warhammer. Sjansen er difor høg for at Sega vil prøve å få full kontroll over Games Workshop sin mangeårige miniatyrspelserie.
Endeleg svar på kva som hamnar kvar få vi i løpet av april, og dei aller siste boda må vere inne før 15. april.
Les også: Left 4 Dead-skaperne fornøyd med THQ-auksjon Les også: Kriserammet THQ hopper på bundle-bølgen