Nye våpen og vinterkart til PUBG

Bekreftar også endeleg sleppdatoen til Sanhok.

Det har lenge gått rykte om eit snøkart til PlayerUnknown’s Battlegrounds. No har me endeleg sett den første teaseren av Battle Royale-spelets ferd inn i snødekte åsar og fjell. E3-traileren til spelet hadde nokre få sekund video av snøkartet. PUBG er ikkje akkurat kjend for å vere noko teknisk storverk, så det at ein kan lage fotspor i snøen kjem som ei positiv overrasking.

Utviklaren melder om at kartet er langt frå ferdig, og at det vil kome nokre nye mekanismar knyta til snøen. Ein og anna snøskutertur verkar sannsynleg, altså.

I saman med vinterkartet viste E3-traileren fram eit opprørsskjold, som kan brukast til å blokkere kuler med. Førebels er dette bekrefta å kome til War Mode. Dette skal òg gjere inntog på Xbox One. I skrivande stund kan du droppe saman med ni vener på Erangel i ein modus med Kar-98k på PC.

Det er berre nokre få veker sidan PlayerUnknown’s Battlegrounds fekk den største balanseringsoppdateringa si sidan det kom ut, så det verkar som PUBG Corp. er klar til å satse på meir innhald for å ta tilbake spelarar frå Fortnite.

Sanhok til Xbox One og PC i sumar

Miramar kom ut på Xbox One for nokre veker sidan.
PUBG Corp.

Traileren viste også at Sanhok skal kome i sumar, til både PC og Xbox One. Sleppdato har blitt bekrefta for PC, slik at me kan hoppe ut av AC130-flyet ned i den fuktige jungelen 22. juni.

Les også: Dette er det desidert beste PUBG-kartet »

Traileren har òg ein del små detaljar som gir hint om nye våpen. Blant anna er det eit bilete i traileren med noko som ser ut som ein RPG på Sanhok.

Me dekkjer E3 2018 fortløpande her »

Siste fra forsiden