Splinter Cell: Blacklist får Wii U-versjon

Blir dette den ultimate versjonen av snikespelet?

Splinter Cell: Blacklist blei vist fram for første gong under E3-messa i Los Angeles i fjor. Reaksjonane som møtte Ubisoft var derimot ikkje heilt som dei hadde venta. Mange reagerte sterkt på ei torturscene som gav fleire ein vond smak i munnen. Denne scena har seinare blitt fjerna frå spelet.

I Splinter Cell: Blacklist møter vi igjen snikehelten Sam Fischer. Denne gong jobbar han for ei topphemmeleg eining som jobbar direkte for presidenten. Denne jobben vil sende Fischer over heile verda for å likvidere sine mål. I motsetning til alle dei tidlegare spela i serien er det ikkje lenger Michael Ironside som har stemma til Sam Fischer. I staden har nykomaren Eric Johnson tatt over rolla.

Nye måtar å sondere terrenget på.

Spelet har så langt berre vore kunngjort for Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Tidlegare i år svirra det derimot rykte om at ein Wii U-versjon var på veg. Dette har Ubisoft stadfesta i ei pressemelding i dag.

Selskapet lovar å bruke Wii U-kontrollaren på kreative måtar, og du vil blant anna kunne kike gjennom nøkkelhol, velje våpen, samt ta knekken på fiendar via rørsler.

Splinter Cell: Blacklist kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360, Windows og Wii U 22. august.

Les også: Anmeldelse: Splinter Cell: Conviction Les også: Anmeldelse: Splinter Cell 3D

Siste fra forsiden