Sviande nederlag for Silicon Knights

Rettstvisten mellom det kanadiske studioet og Epic Games er over.

I 2007 gjekk Silicon Knights, utviklarane av spel som Eternal Darkness og Too Human, til søksmål mot Epic Games, gjengen bak Unreal-motoren og Gears of War-serien. Grunnen var at Silicon Knights meinte dei ikkje hadde fått det dei betalte for då dei lisenserte Unreal 3-motoren.

Dei viktigaste grunnane til at Silicon Knights valde å gå til sak var manglande oppfølging, og sein levering av oppdatert kode. Blant anna hevda dei at kode som skulle vere levert i mars 2006 ikkje var klar før i november same år. I tillegg meinte Silicon Knights at Epic Games brukte lisenspengane til å finansiere utviklinga av Gears of War i staden for å vidareutvikle motoren slik at den var brukbar for andre.

Skjermbilete frå Too Human.
Skjermbilete frå Too Human.

Som ein konsekvens av dette tok utviklinga av Too Human mykje lengre tid enn den skulle. Silicon Knights hevda koden ikkje fungerte som den skulle, og at Epic Games ikkje var villige til å fikse på problema. Difor måtte Silicon Knights skrive om store mengder av koden for å få spelet ferdig. Det var i følgje Marius Jentoftsen ikkje nok til å by på eit solid spel:

– Til tross for at kampsystemet er friskt, er det for mange andre faktorar som trekk ned actiondelen av spilet, og gjer at det heng veldig langt bak spel som for eksempel God of War. Som rollespl har spilt problem med ei historie som er tung å forankre, noko som igjen gjer det vanskeleg å la seg engasjere. Du klarer ikkje å skape dei same banda med din eigen spelfigur som i andre spel i sjangeren. Too Human er Xbox 360s Haze – et lenge venta spel som endar opp som ei grå mus.

No er derimot tvisten over, sidan Epic-sjef Mark Rein i kveld har tatt til mikroblogging-tenesta Twitter for å informere om sigeren:

– Saka er over. Juryen held med Epic på alle punkt.

Med det ser det ut til at Epic Games kan leggje denne saka bak seg, og Silicon Knights må gå skuffa heim att.

Les også: Anmeldelse: Gears of War 3
Les også: – «Cloud Gaming» er betre for alle>

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen