TEST: SteelSeries Arctis 9X
(Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no)

Kongen av Xbox-headsett

9X har eit balansert lydbilete og fantastisk komfort.

SteelSeries har pøst på med headsett i ulike prisklassar i det siste. Blant anna testa me topputgåva SteelSeries Arctis Pro i fjor, som me kalla eit av dei beste gaminghovudtelefonane pengar kan kjøpe. Produsenten har seinare fyrt ut ei rekkje liknande produkt i både budsjett og mellomklasse, der SteelSeries Arctis 9X er sist ut. 

9X har støtte for både Bluetooth og Xbox Wireless, slik at ein kan bruke det til både konsoll, telefon og PC alt ettersom kva behov ein har der og då. Her får du eit særs behageleg gamingheadsett med ein kvalitetsmikrofon til rundt 2000 kroner, som er ein dryg tusenlapp mindre enn kva Arctis Pro Wireless går for.

Generelt vil det vere mogleg å finne betre stereoheadsett i denne prisklassen viss ein går vekk frå «gaming»-merkelappen, men mot konsoll er saka noko annleis. Her får ein ikkje den same sjansen til å bruke EQ og liknande på vanlege hovudtelefonar, slik at gaminghovudtelefonar har meir for seg når ein speler mest på konsoll.

Design og komfort

SteelSeries Arctis 9X brukar det same designet som alle dei andre Arctis-hovudtelefonane, med skibrille-strikk over hovudet og mjuke stoffputer i klokkene. Blant gaminghovudtelefonar er det få andre som kan nå opp til komfortnivået på desse, anna enn Astro sine dyraste headsett. Skibrille-strikket sikrar at bøyelen ikkje gneg seg inn i hovudbotnen, mens dei behagelege klokkene sørger for at ein kan halde koken i timesvis framfor skjermen.

Designmessig er det få endringar frå dei andre Arctis-hovudtelefonane. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Generelt er forskjellane til headsett som Arctis 3, 5, 7 eller Pro særs små, og det går vel mest på at SteelSeries meiner dei har perfeksjonert formelen. Det einaste ein kan klage på med desse er at dei ikkje passar spesielt godt for dei med stort hovud eller store øyrer. Eg får stilt ein del på sjølve strikket, men det er avgrensa kor mykje fleks eg får ut av plasten og aluminiumen i bøyelen.

Tilkopling og knappar

Den venstre klokka har ein eit eige rullehjul for ChatMix, slik at ein enkelt kan stille på volum mellom spel og stemmechat. Dette vil vere spesielt nyttig på Xbox.

På høgre klokke finn me eit volumhjul øvst, ein dempeknapp for mikrofon og til slutt knappar for straum og Bluetooth. Ein kan linke hovudtelefonane med Xboxen (eller ein PC med Xbox Wireless Adapter) ved å halde inne på-knappen i seks sekund. På-knappen fungerer òg som kontroller for dei fire ulike EQ-innstillingane. Dette er ein smule tungvint då ein må halde inne knappen og høyre kor mange pip som kjem – og ein må altså hugse på kva mengde pip som representerer dei ulike EQ-innstillingane – men utan å kunne bruke programvare på Xbox er det vel ei grei nok løysing.

På-knappen har òg eit indikatorlys for batteriet, som skiftar farge etter kvart som det har mindre straum å gå på. Sjølve batteriet held koken i overkant av femten timar.

Knappane har ei rekkje ulike funksjonar, og nedst sit inngang for lading via USB-C og ein AUX-port. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

Bluetooth-tilkoplinga fungerer som forventa, men gir betydeleg svakare lyd enn det Xbox Wireless gjer. Spesielt mikrofonen er skikkeleg dårleg over Bluetooth. Derimot er det mogleg å ha hovudtelefonane kopla via både Bluetooth og Xbox Wireless på same tid, slik at ein kan høyre på musikk eller ta telefon via mobilen mens ein speler. Eg merka ein del forseinking på lyden med Bluetooth på, som legg ein viss dempar på kor nyttig den modusen faktisk er. Det går fint til musikk eller telefonsamtalar slik sett, men det blir verre viss ein skal sjå videoar på telefonen. Eg tok meg sjølv i å irritere meg ein del over dette.

Noko anna som eg slit litt med er at hovudtelefonane fungerer på same vis som ein kontroller, slik at kvar gong eg slår dei på til telefonen, så slår dei på Xboxen min igjen. Det er mogleg ein kan slå av dette i innstillingane ein eller anna plass, men eg fann ikkje noko i farta. Derimot er det eit stort pluss med SteelSeries Arctis 9X, nemleg at det ikkje er noko form for skurring i klokkene, slik eg sleit med på Arctis Pro Wireless.

Lyd

Når det kjem til lyd i spel er det lite å klage på. Bassen kunne kanskje vore litt djupare og volumet kunne vore ein smule høgare, men elles leverer drivarane eit balansert og reint lydbilete. Såpass bør ein vel kunne forvente av hovudtelefonar til 2000 kroner, men eg likar lydbiletet betre på denne enn HyperX Cloud MIX som me testa for ei stund sidan til same pris.

Drivarane i dei behagelege klokkene har ein balansert lyd, men med litt tynn bass. Foto:  Mikkjell Lønning/Gamer.no

9X har støtte for alle dei ulike surround-standardane slik som Dolby Atmos og Windows Sonic, som kan krydre til lydbiletet på Xboxen. Nokre rundar Battlefield V på Xbox One viste at dette fungerer særs godt, sjølv om eg gjerne skulle hatt litt meir fart i eksplosjonane. Ein gjennomgang av Spotify-spelelista mi med variert musikk gir det same inntrykket. Lydbiletet er relativt balansert og reproduserer musikken forholdsvis nøyaktig, men bassen er i overkant tynn. Difor blir lyden fort ein smule grautete i songar som baserer seg mest på tung bass.

Likevel må ein gjerne temperere forventningane ein smule når det kjem til konsollgaming og lyd, og det er liten tvil om at SteelSeries Arctis 9X vil konkurrere heilt i toppen av kva som er tilgjengeleg for Xbox. Blant andre gamingheadsett til denne prisen er det vanskeleg å finne noko som har sjans til å slå 9X på lydkvalitet, komfort og mikrofonkvalitet. Turtle Beach har nokre headsett med virtuell 7.1 til konsoll, men Arctis 9X byr på den gylne middelvegen her. Hovudtelefonane vil gi deg grei kontroll over kvar fiendane dine er i Call of Duty, samstundes som det kan gi deg den klare og romslege lyden ein treng for å leve seg skikkeleg inn i Skyrim.

Mikrofon

Den uttrekkbare mikrofonen er den same som ein finn i andre Arctis-serie hovudtelefonar; ClearCast. Denne har ei effektiv støydemping som identifiserer stemmer, slik at anna bakgrunnsstøy blir redusert. Det verkar ikkje å vere noko særleg forskjell mellom denne og den som Arctis Pro kjem med, som betyr at dette er ein kanonbra mikrofon. Det er ingen skurring, lite dreiing av stemmen min og eit respektabelt volumnivå.

Mikrofonen er eit klart høgdepunkt, og er ein av dei beste gamingmikrofonane ein kan få tak i. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den kan fungere heilt greitt til streaming eller opptak i programvare som Audacity, og vil gjere ein god jobb i Discord eller chat inne i spel.

Konklusjon

Målgruppa for SteelSeries Arctis 9X er forholdsvis smal, men det er kjekt at Xbox-folket får litt meir å velje mellom. Med støtte for både Bluetooth og Xbox Wireless er dette eit allsidig headsett som kan brukast i både stove og på joggetur. Spesielt moglegheita til å ha begge tilkoplingsformene på ein gong gjer dette til eit attraktivt val. Riktig nok legg den svake Bluetooth-teknologien ein dempar på dette. 

Det finst sjølvsagt langt betre produkt der ute for dei som ikkje brukar kryssboksen som hovudkjelde til gaming, men for målgruppa er det vanskeleg å slå 9X. Komforten er på topp, mikrofonen er botnsolid og lyden held høg nok kvalitet til både gaming og lytting til musikk. Eg syns framleis bassen kunne gjort meir ut av seg og volumet kunne vore høgare, men det er lite konkurrerande Xbox-hovudtelefonar kan stille opp med. Karakteren hadde vore eit hakk eller to lågare om dette var retta mot ei breiare målgruppe, men slik marknaden ser ut no har eg ikkje noko problem med å krone 9X som ein førebels konge av trådlause Xbox-hovudtelefonar under 2000 kroner. 

Les også: Har Logitech endeleg tatt opp arva frå legendariske G35? »

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Vurdering

8/10
Svært godt
"Trådlaust headsett med god lyd og mikrofon til Xbox-folket. "

Pluss

  • Balansert og god lyd
  • Komfort på topp
  • Solid konstruksjon
  • Imponerande mikrofonkvalitet
  • Støtte for både Bluetooth og Xbox Wireless
  • Langt batteriliv

Minus

  • Passar ikkje dei med stort hovud
  • Tynn bass
  • Tungvinn løysing for EQ
  • Svak lydkvalitet med forseinking over Bluetooth

Beste priser

Bekreftet lagerdato 1 899
På leverandørlager 2 321
Forventet lagerdato 2 326
På lager 2 500

Kommentarer (11)

Siste Tester

Se alle tester »

Forsiden akkurat nå

Til toppen