The Last Express til iOS

Kultklassikaren prøvar lukka på nye format.

Tidlegare i år kunne vi fortelje at det klassiske eventyrspelet The Last Express frå Prince of Persia-skaparen Jordan Mechner omsider blei tilgjengeleg for PC igjen. No er det i følgje Eurogamer klart at enda fleire vil kunne kose seg med den noko ukjende perla.

I The Last Express følgjer vi den siste reisa til Orientekspressen før første verdskrig braut ut i 1914. Du tek på deg rolla som amerikanaren Robert Cath, og blir kjapt tulla inn i eit samansurium av mord og spionasje.

Spelet var ikkje som andre eventyrspel frå 90-talet. Det heile skjedde i førsteperson, og grafikken var rotoskopisk. Om dette er eit ukjent omgrep for deg er det så enkelt som at ein først filmar skodespelarar, før ein teiknar over for å få det til å sjå ut som ein teiknefilm. Den spede byrjinga til det som seinare har utvikla seg til motion capture altså.

Dette var derimot ikkje alt som gjorde The Last Express til noko for seg sjølv. Heile spelet skjedde i sanntid, og ting kunne skje utan at du var til stade.

Sjølv om det har gått ei stund sidan spelet første gong dukka opp i 1993, treng du ikkje vente lenge på å spele på iOS. Allereie torsdag den 27. september kan du kose deg på Orientekspressen. Ein kjapp demonstrasjon av korleis spelet fungerer på iPhone og iPad kan du sjå nedanfor.

Les også: Anmeldelse: The Secret Files 3 Les også: Robinson-eventyr på farlig øy

Siste fra forsiden