Ghost in the Shell blir massivt onlinespel

Den legendariske anime-serien kjem tilbake i spelform.

Ghost in the Shell er ein av dei japanske anime-filmane som for alvor fekk vesten til å sperre auga opp for anime. På slutten av 90-talet starta ei bølgje av anime som velta over både land og strand, før den dabba av og no i seinare tid har mista mykje av populariteten sin.

Det betyr likevel ikkje at sjangeren er død. Ghost in the Shell har vore ein suksessrik eigedom i mange år. Etter to anime-filmar frå Production I.G. basert på manga-serien til Masamune Shirow, har vi fått to sesongar og ein TV-film av anime-serien Stand Alone Complex. Ein tredje sesong er på veg.

Serien handlar først og fremst om Motoko Kusanagi som leier spesialstyrka Section 9. I Ghost in the Shell hoppar vi mange år inn i framtida til ei verd der kyborgar er normalen, og ekte kjøt og blod er høgst uvanleg. Slikt blir det naturlegvis trøbbel av, med både hacking og datakriminalitet på særs personleg plan, og Kusanagi sin jobb er å orde opp i rotet.

Dynamiske kampar

I dag har det koreanske MMO-selskapet via ei pressemelding kunngjort at dei jobbar med eit MMO-spel basert på Ghost in the Shell: Stand Alone Complex-serien.

Spelet blir eit skytespel i førsteperson, og Nexon lovar intense og dynamiske kampar. I tillegg fortel dei kjapt om ein samarbeidsbasert kampmodus, og denne vil by på eit nytt konsept der «kunstig intelligens blir integrert med spelaren», kva no det måtte bety.

Spelet blir utvikla av Neople som tidlegare har laga Dungeon Fighter Online. Dette spelet har over 400 millionar registrerte spelarar på verdsbasis, noko som må kunne seiast å vere eit akseptabelt tal.

Ghost in the Shell: Stand Alone Complex vil etter planen bli lansert for PC i løpet av første halvår 2014.

Les også: Ambisiøs miks av TV-serie og MMO får slippdato Les også: No kan du melde deg på Final Fantasy XIV-betaen

Siste fra forsiden