Open beta for MMO-spelet Wildstar denne veka

Alle som vil kan no få teste det kreative MMO-spelet.

Vi har i fleire runder delt ut betanøklar til det komande MMO-spelet Wildstar. Det har vist seg å vere svært populært, men no har utviklarane hos Carbine Studios sett seg ferdige med den lukka testfasen. Frå og med torsdag kan alle som vil ta turen til Wildstars offisielle nettstad for å få tak i nøkkel, og deretter ta turen ut i Wildstars fargerike verd. Dette får vi vite i ei pressemelding. Dei som allereie har ein nøkkel treng berre oppdatere spelet, før dei er klare til å gå i gang.

Den opne betatesten vil vare i ti dagar frå torsdag 8. mai til søndag 18. mai. Ved sidan av å gjere spelet tilgjengeleg for fleire, vil nivåtaket bli auka til nivå 30. I tillegg til å kunne klatre opp nokre ekstra nivå, vil spelarane få tilgang på nye eigenskapar.

Stak din eigen kurs

Wildstar blir eit svert fargerikt innslag i MMO-verda.
Wildstar blir eit svert fargerikt innslag i MMO-verda.

I Wildstar vil vala du gjer når du først skrur saman spelarfiguren din få svært mykje å seie, og spelaropplevinga vil endre seg drastisk basert på kva klasse du vil. Du kan til dømes vere ein utforskar og tene erfaringspoeng på å oppdage nye område, eller vere ein krigar som først og fremst kjem seg opp og fram i verda gjennom å pryle fiendar.

Vi har tatt ein kikk på spelet, og Gøran meinte i sin sniktitt at det er eit vellaga og gjennomtenkt spel, sjølv om det eigentleg ikkje byr på så mykje nytt:

«Det er mykje som er veldig bra med Wildstar, og det merkast at det lagast av ei gruppe menneske som er godt kjende med spel i denne sjangeren. Mange av dei tinga som kan vere tungvinde og kronglete i andre spel er saumlaust integrerte i Wildstar. Det er eit spel laga av spelarar, som veit kva dei vil ha og i kva retning dei vil gå med spelet.»

Om du vil vite enda meir om Wildstar bør du få med deg våre to intervjue med folka bak spelet. Det første med sjefsdesigner Chad Moore, og det andre med Carbine Studios-sjef Jeremy Gaffney.

Wildstar kjem i sal for Windows 3. juni.

Kommentarer (28)

Forsiden akkurat nå

Til toppen