Test

Razer Viper V2 Pro

10/10-musa er tilbake i ny versjon

Razer lanserer eit nytt trådlaust flaggskip. Og det er dyrt. Veldig dyrt.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Razer Viper Ultimate er ein av mine personlege favorittar blant dei sikkert 200 gamingmusene eg har testa dei siste åra.

Me klinte til med ein toppkarakter til musa i 2020, og det er framleis eit fenomenalt produkt i dag. Seinare har me gitt ein niar til Razer Viper 8KHz.

No har produsenten endeleg lansert ein ny versjon av Razer Viper Ultimate, som byr på det absolutt ypparste ein kan få av gamingmusteknologi i dag.

Dessverre har Razer tatt ein Logitech her. Prisen er høgare, og dei har fjerna ladedokkingen som me likte frå den førre versjonen. Er lang batterilevetid nok til å gjere opp for det?

Me tar ein kikk.

Design og komfort

Razer Viper V2 Pro har fått nett den same behandlinga som Logitech gav til G Pro Trådlaus. Dei har fjerna sideknappane på høgre side, seinka vekta og fjerna moglegheita til trådlaus lading. Samstundes er prisen jekka opp til 1700 kroner.

Den kvite versjonen min er ei av dei kulaste musene eg har sett, sjølv om dei flotte RGB-fargane til Razer er vekke. Det er nok berre ein del av slankekuren musa har fått.

STILIG: Viper V2 Pro kjem i både svart og kvit versjon. Me syns den kvite er veldig stilig.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Denne utgåva verkar å vere eit par millimeter lengre enn forgjengaren, men kjenst omtrent identisk i handa. Rillene på sida av den kabla 8K-versjonen av Razer Viper er vekke, og er erstatta med ei matt overflate over heile musa.

Det følgjer med sidegrep du kan lime på om du vil, slik Finalmouse og andre produsentar har inkludert med sine produkt dei siste åra.

Forma er framleis blant dei aller beste på marknaden.

Med sine 59 gram (15 gram lettare enn forgjengaren) er dette ei av dei aller lettaste trådlause gamingmusene du kan kjøpe, og kvalitetsinntrykket er heilt på topp. Byggekvaliteten reflekterer prislappen så til dei grader.

Knappar

Sideknappane på høgre side er altså vekke, og gjer dette til ei litt mindre allsidig mus. No er dette eit reint esportprodukt. Sjølvsagt er ho kjekk å bruke til produktive oppgåver, men det er ikkje hovudformålet.

Viper V2 Pro er laga for å skyte hovudskot.

HØGARE KNAPPAR: Sideknappane på den nye utgåva er litt høgare oppe enn på Viper 8KHz. Endringa er lita, men gjer musa endå betre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Høgre og venstre museknapp har fått nye brytarar, og er fastare med eit meir tilfredsstillande klikk. Rullehjulet er endå betre enn førre versjon – men her er det meir å gå på – og sideknappane er eit hakk høgare oppe enn før. Plasseringa deira er framleis perfekt.

Jamt over har musa blitt betre for bruk i skytespel, men eg syns det hadde vore greitt å ha fleksibiliteten med dei ekstra knappane. Det er likevel ikkje noko stort tap.

Sensor og batteri

Ein ny sensor er blant oppgraderingane frå førre generasjon Viper Ultimate. Den nye sensoren har ei oppløysing på 30 000 PPT og held opptil 70 timar på ei lading.

Batteriet er langt frå det beste blant trådlause mus, men ladinga med USB-C-kabelen er så rask at det har ikkje noko å seie.

Dei trådlause sensorane som har kome dei siste åra har låg nok forseinking til at dei er omtrent identiske med kabelmus, så det er heller ikkje så mykje meir å hente der.

Oppdateringsraten er framleis på 1000 hertz, som er eit lite steg ned frå den kabla Viper-versjonen med 8000 hertz. Ikkje at du merkar noko særleg med forskjell.

INGEN DOKKING: Det er kjipt av Razer å fjerne ladedokkingen. På grensa til grådig, faktisk.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Uansett er det lite å seie på teknologien.

Det klare minuset er at ladedokkingen er vekke. No er det sjeldan at du faktisk treng å lade musa noko særleg, men dokkingen til førre generasjonen var veldig grei å ha.

Eg klarar ikkje forsvare å fjerne ladedokkingen og samstundes auke prisen. Razer Viper Ultimate var allereie latterleg dyr, og no er etterkomaren endå dyrare. Med dagens pris ville eg strengt tatt heller hatt forgjengaren, men no er det mange andre gode alternativ på marknaden.

Programvare

Razer Synapse er blant dei beste programvarene for gamingmus, og gir mange moglegheiter for å skreddarsy produktet. Det er irriterande at eg må logge inn før å bruke programvara, men det er berre den første gongen. Slikt kan ein leve med.

Synapse gir deg ulike trinn for løftedistanse, lar deg endre når musa går i dvalemodus og definere kva dei ulike trinna for PPT skal vere på. Elles får du moglegheit til å endre eigenskapane til knappane, og som alltid har ein tilgang til Razer Hypershift, slik at kvar knapp kan ha to ulike eigenskapar.

LETT: Razer Viper Ultimate veg 74 gram, denne versjonen er redusert til 59 gram. Det er ikkje den aller lettaste trådlause musa med feilfri sensor, men ikkje langt unna.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er stort sett nett det du treng. Enkelt og greitt, og du treng neppe ta turen innom programvara meir enn éin gong.

NY TEKNOLOGI: Razers ferske metode for å justere løftehastigheit gir deg moglegheit til å skreddarsy kjensla av produktet endå meir.
Skjermdump

Razer har òg introdusert ein ny funksjon som eg tippar mange andre produsentar kjem til å kopiere framover. Under fana for løftedistanse har dei lagt til noko som heiter «Asymmetric Cut-off». Dette lar deg justere løftedistansen på musa med 26 ulike trinn, der kvar trinn er éin millimeter.

Eg trur ikkje mange spelarar har behov for dette, men det er kjekt å kunne tilby det vesle ekstra i ein marknad der det er forsvinnande små forskjellar.

Konklusjon

Trådlaus tilkopling, 59 gram, 70 timar batterilevetid og ein smakfull utsjånad. Det er mange grunnar til å investere i Razer Viper V2 Pro, men prislappen på 1700 kroner legg ein seriøs dempar på mi kjøpelyst.

Eg hadde ikkje betalt så mykje for eit produkt som på mange måtar gir mindre enn den billigare forgjengaren. No kan du kjøpe første generasjon til ned mot tusenlappen, og då snakkar me god valuta for pengane.

Razer Viper V2 Pro er utan tvil ei av dei beste gamingmusene du kan kjøpe akkurat no, og difor gir me framleis ein høg karakter, men det er ikkje den revolusjonen som Logitech G Pro Trådlaus og Razer Viper Ultimate var då dei kom.

Produktet er òg altfor dyrt.

Me kjem snart med ein samletest med ein del mindre kjende trådlause mus, og fleire av dei kan konkurrere med Razer Viper V2 Pro på både passform og vekt – og det til omtrent ein tredjedel av prisen.

9
/10
Razer Viper V2 Pro
Fantastisk, men gir lite for pengane i forhold til forgjengaren.
Lynkjapp lading med USB-C
Innovativ funksjon for løftedistanse
Høg byggekvalitet
Svært låg vekt utan bikakekonstruksjon
Endå betre brytarar, med gode klikk
Flott design
Lang batterilevetid
Glimrande passform for alle typar grep
Ingen ladedokking
Latterleg høg pris
Færre knappar

Siste fra forsiden